Fargerik fauna

TEATER

VENNER: Ingen er åleine når ein har så sjarmerande lemenvenner. FOTO: DAVID ZADIG

«Jostedalsrypa»
Sogn og Fjordane Teater, Knarvik
Tekst: Maria Tryti Vennerød
Musikk: Julian Skar
Regi: Torkil Sandsund
Musikalsk leiar: Kåre Sandvik
Scenografi og dokkedesign: Tormod Lindgren
Kostyme og dokkedesign: Dordi Strøm
Koreograf: Jon Werede Hope
Lysdesign: Krystian Myska
Lyd: Robert Tomkiewicz
Med: Reidun Melvær Berge, Idun Losnegård, Kyrre Eikås Ottersen, Oda Kirkebø Nyfløtt, Eirik Risholm Velle og Per Arne Løset

Ein litt ujamn, men fantasirik og fabulerande eventyrmusikal.

Svartedauden er utan tvil den største ulukka som har råka Norge i historisk tid. I løpet av åra 1349 til 1350 døydde meir enn halvparten av befolkninga, og mytane er mange om denne pandemien. Den best kjende er segna om Jostedalsrypa, ei jente som skulle vere einaste overlevande i Jostedalen. Segna er neppe heilt sann, men historia er god og har overlevd og gitt identitet til Jostedalen. Kva er då meir naturleg enn at Sogn og Fjordane Teater dramatiserer det heile. Og ein sjarmerande og fantasifull eventyrmusikal er det blitt.

Dramatikaren Maria Tryti Vennerød har dikta ganske fritt med bakgrunn i segna. Hovudpersonen (Reidun Melvær Berge) og familien hennar bur langt nede i dalen når pesten kjem, og saman med tippolde (Idun Losnegård) blir ho send til slektningar øvst i dalen for å kome unna pesten. På vegen dør tippolde, og det gjer også slektningane etter kvart. Så er den vesle jenta åleine i heile verda. Men det syner seg raskt at slik er det ikkje. Med sterke parallellar til «Jungelboka» av Rudyard Kipling, finn ho vennskap og støtte i dyra. Eit særs sjarmerande menasjeri med ei rekkje lemen, ein hare og ein ulv blir redninga hennar, og her er det mange varme og gode tablå.

Musikalen startar litt famlande når situasjonen skal forklarast, og der møtet med slekta øvst i dalen blir noko outrert. Skummelt er det også når fingrar blir svarte, dett av, og alle rundt jenta dør. Men når ho er blitt åleine, tippolde kjem til henne i minnet, og ho blir venn med og lever i eit symbiotisk forhold med dyra, går framsyninga over til å bli ein humoristisk og varm sjarmbombe. Det skuldast først og fremst dei fargerike dyra og fantasirik dokkedesign, scenografi og kostyme av Tormod Lindgren og Dordi Strøm. Ulven er rett nok litt vanskeleg å forstå seg på, men haren og ikkje minst alle lemena er til å bli verkeleg glad i. Og dokkeføringa er imponerande slik at når dyra syng, er det gjort så synkront at ein trur songen kjem frå dokkene.

Julian Skar har skrive melodiøs og stemningsskapande musikk, orkesteret gir fint tonefølgje og songprestasjonane til ensemblet er gode. Reidun Melvær Berge er trygg og overtydande i rolla som rypa, og nokre av scenene mellom henne og tippolde er små lyriske perler. Også fordi både Berge og Losnegård er så gode songarar. «Jostedalsrypa» er blitt eit vakkert lite eventyr, til tider litt ujamn, men opplevingsrik og med masse mat for fantasien.

(Meldinga stod i Klassekampen måndag den 2. desember 2019.)

Leave a Reply