Tog til siste stasjon

TEATER

FAMILIEIDYLL?: Tilsynelatande fordrageleg i kupeen. Men ikkje lenge. FOTO: foto.samfundet.no

«Nor»
Nattframsyninga, UKA 2019, Cicusteltet på fengselstomta
Av Minna Andrea Loe og Anders Hauge Aurland
Regi: Eirin G. Wågan
Scenografi: Emma Løyland Vassanyi
Kostyme: Ingvild Svela Øglænd
Komponist: Eirik Jacobsen Lauvås
Med: Elise Hegstad, Tord Stavrum, Julie Paulsen, Emilie Birkelund, Katrine Wisth, Nora Bjørvig Henriksen og Jacob Nordin Andresen

Ein einaktars cliffhangar om oppbrot, sakn og nære menneskelege relasjonar.

Då UKA 95, «Skjer-mer-@», sette opp ei nattframsyning, var vi mange som fekk hakeslepp, og framleis er det ei av dei beste teaterframsyningane eg har sett. Så det måtte sjølvsagt bli tradisjon, og slik er det blitt. Nattframsyninga er leikegrinda til Studentersamfundets Interne Teater der dei med stor fallhøgde kan være eksperimentelle og våge å ta sjansar utan at det er alt for stor risiko om dei floppar. Og floppar har det blitt. Men skal du bli god, må du feile av og til, og teater er ikkje noko ein gjer med tryggingsnett. Etter å ha sett og meld alle nattframsyningane til nå, kan eg seie at det har vore nokre framsyningar så utilgjengelege at eg trur dei medverkande sjølve ikkje har forstått kva dei har halde på med, men samstundes nokre som har vore særs spennande og innovativt teater. Årets produksjon, «Nor» høyrer så absolutt til i siste kategori.

Scenografien er enkel men illustrerande og settinga like så. Vi er i ein togkupé der ekteparet Hallvard og Martine saman med dottera Nor kjem inn og finn seg ein plass. Det gjer også ein litt tagal kvinneleg medpassasjer. Ein konduktør med langt større ambisjonar og ansvarsområde enn dei vi er vande med, kjem og sjekkar billettar og passar på at alle sit der dei skal og har det bra. Før den siste reisande kjem inn, passasjeren frå helvete, ei påtrengjande og taletrengt dame som gjer det heile ganske kleint. Vår vesle familie er i utgangspunktet temmeleg stressa, spesielt mora Martine, og det gjer ikkje situasjonen betre at den siste passasjeren, ei vindrikkande enke, gjer reisa utriveleg med uønskt small talk og alt for nærgåande spørsmål. Og så er vi i gang med ein situasjon dei fleste vil kjenne seg att i. Eit lukka rom med framande folk i fleire timar. Og her er det openbert at dei alle har med seg langt meir bagasje av ulikt slag enn det dei har fått plass til i koffertane.

Eg skal ikkje lage noko resymé for det er for det første ikkje så interessant, og samstundes vil det kunne øydeleggje opplevinga. For allereie på eit tidleg tidspunkt forstår vi at alt ikkje er slik det ser ut, og at eitt eller anna har skjedd. Heile framsyninga, som er ein relativt tett einaktar er ein einaste stor cliffhangar og eit frampeik om noko vi ikkje veit kva er.

Men det er for så vidt ikkje viktig, for historia er i hovudsak berre eit stillas for å kunne utforske mellommenneskelege handlingar og relasjonar. Korleis ter vi oss i tette situasjonar i lukka rom? Kva er sakn, og kva plass har minna i liva våre? Dette er det som med ein relativt god og truverdig tekst blir utforska i denne togturen som er eit temmeleg tett og intenst kammerspel, berre avbrote av ein ufriviljug stopp på grunn av nokre grevlingar som hadde forvilla seg ut på lina, og som på underhaldande vis kom i tale (!) med passasjerane våre.

I denne framsyninga er det ein klår idé, ein har følgd konseptet heilt ut, forfattarane har vore observante og tatt mange situasjonar heilt på kornet. Regien er relativt stram og ein tek seg stundom god tid og lange pausar, slik det ofte blir i kleine situasjonar. Det gjer at scenene får ekstra tyngd, men slikt krev mot og regissørar og skodespelarar som veit kva dei vil. Framføringa er tidvis litt for overspela, men berre tidvis, for i hovudsak er dette neddempa og truverdige rolletolkingar.

Med så dristig satsing og så stor fallhøgde, er det sjølvsagt mye som kunne ha vore fiksa på, forbetra og polert, men det blir bagatellmessig i ei framsyning som denne som greier både å underhalde med god og gjenkjenneleg situasjonskomikk, og samstundes halde publikum nyfikne og interesserte frå start til slutt.

Leave a Reply