Fang ei historie

TEATER

FANGST: Verda er full av historier, det gjeld berre å fange dei. Her har Bartolomeus (Preben Lillebø Rongved) fått tak i ei. FOTO: TINGH

«Magi- og fantasioperatørene»
Teatret Vårt i samarbeid med Det Andre Teatret, Arbeideren, Ålesund
Konsept og regi: Mats Eldøen
Scenografi og kostyme: Monica Valsø
Lysdesign: Henrik Stolz Vernegg
Lysimprovisatør: Roy Carlsen
Lydimprovisatør: Kristin Boge
Maskør: Anita Jacobsen Marø
Med: Kristine Grændsen, Preben Lillebø Rongve og Olli Wermskog

Improvisasjonsteater som verkeleg fekk med seg salen.

Teatret Vårt har ei lita barne- og ungdomsavdeling i Ålesund som på fire år har fått tre Heddanominasjonar og ein pris, og som har levert ei rekkje nyskapande, intelligente og ofte interaktive framsyningar for barn og ungdom. Urpremieren på «magi- og fantasioperatørene» på laurdag, tyder på at det framleis skal vere slik.

I samarbeid med Det Andre Teatret har Teatret Vårt nå sett opp ei interaktiv framsyning der alt kan skje, og der innhaldet endrar seg frå dag til dag. Tarald (Olli Wermskog), Betty (Kristine Grændsen) og Bartolomeus (Preben Lillebø Rongve) er magi- og fantasioperatørar i fargerike og fantasifulle kostyme. Verda er full av historier, mange berre halvferdige, og desse tre fangar dei, formaterer dei og sender dei til lagring før dei blir sende ut til alle som vil høyre. Dette er interaktivt forteljarteater, og dei tre er heilt avhengige av publikum, så dei varmar oss opp i starten med enkle spørsmål for å få oss med, og det greier dei raskt og til fulle.

Så tar dei til med historieforteljingane som kan endre seg frå dag til dag, for det er salen som avgjer premissa og innhaldet. Dei tre er berre våre assistentar som samordnar og foredlar forteljingane. Å få innspel frå salen, er kanskje ikkje så vanskeleg, men å få ungar til å kome på scena og spele med, er noko heilt anna. Anten var premierepublikummet spesielt, eller så var dei tre operatørane særs dyktige, (eg er overtydd om at rett svar var dyktige operatørar) for dei ungane dei etter kvart fekk opp på scena, spela så godt at ein kunne tru det heile var regissert.

For at dette ikkje skulle bli berre improteater og rein underhaldning, hadde dei også lagt inn eit rammeverk der dei mellom anna fekk inn at i jakta på gode historier, kan overmotet bli for stort. Å støvsuge universet for forteljingar var til dømes ingen god idé, for då er det inkje att. Og det kan også vere skummelt om historiene tar til å gå amok slik det skjedde for snart 700 år sia, og som var årsaka til svartedauden. (!) Då er det godt å få ein oppfinnsam publikummar opp på scena for å hjelpe til.

Mats Eldøen, opphaveleg frå nabobyen Molde, og til dagleg leiar av Det Andre Teatret, har hatt idé og regi, og har gitt dei tre på scena akkurat tilstrekkeleg rammeverk for å kunne fantasere og improvisere. Ungar driv ofte med rollespel, og med denne framsyninga trur eg dei fekk mange gode idear.

(Meldinga stod i Klassekampen tysdag den 17. september 2019.)

Leave a Reply