Har toget gått?

TEATER

MOLDVARP: Er konduktøren verkeleg, eller berre ein moldvarp for styresmaktene? FOTO: ESPEN STORHAUG

«Knutsen & Ludvigsen»
Turnéteatret i Trøndelag, Verdal
Av Øystein Dolmen og Gustav Lorentzen i samarbeid med Terje Mærli
Regi: Helena Wik
Musikalsk konsulent: Skjalg Raaen
Scenografi og kostyme: Mari Lotherington
Lysdesign: Eirik Brenne Torsethaugen
Med: Hans Petter Nilsen, Tore B. Granås, Sigrid Husjord og Ida Maria Göransson

Det er godt å syngje med på songskatten til Dolmen og Lorentzen, men det er meir enn eit ope spørsmål om den tunne historia er god nok til å forsvare ei teateroppsetjing.

Det er mykje nostalgi og attkjenning knytt til ei oppsetjing av «Knutsen & Ludvigsen», framsyninga som Terje Mærli arbeidde fram saman med Øystein Dolmen og Gustav Lorentzen på tidleg syttital og som etter det er blitt både film og eit utal teaterproduksjonar. Visene til Knutsen & Ludvigsen er folkeeige for tre generasjonar nordmenn og jamvel om både internett og mobiltelefon er oppfunne sia dette blei skrive, er det framleis like hysterisk artig å syngje med på «Hallo, hallo». Men om songane framleis er like levande, er det eit ope spørsmål om teaterversjonen fortener å bli halde liv i. Kanskje har toget gått.

Turnéteatret i Trøndelag har openbert trua på at toget ikkje har gått, og tysdag var det premiere i teaterhuset i Verdal før framsyninga skal på ein omfattande turné til det meste av Trøndelag. Regissør er Helena Wik, som trass ung alder alt har synt at ho meistrar spelsjangeren, og då er ikkje vegen så lang til familieunderhaldning av denne typen. For det er familieunderhaldning dette er, korkje meir eller mindre. Historia om dei to litt aparte fyrane som bur i ein tunnel der det ikkje lenger går noko tog, er syltynn, og som mange andre musikalar berre ei orsaking for å kunne presentere alle dei gode songane. Men her er altså Knutsen (Hans Petter Nilsen) og Ludvigsen (Tore B. Granås), to små fyrar som bur i ein tunnel der det også bur ein grevling. Hit kjem ein konduktør som har ramla av toget, kaptein Knutsen, bestefaren til Knutsen, og «myndighetene», ein representant for styresmaktene. Som ein parallell til bustadkampen i Trondheim på tidleg 70-tal og kampen mot firefelts motorvegar, vil styresmaktene kaste ut våre venner og lage veg for dobbelspora jernbane i tunnelen.

Kaptein Knutsen blir spela av Ida Maria Göransson, og konduktør og styresmakter av Sigrid Husjord, medan dei to alternerer i rolla som grevling. Grevlingen er berre med for å ha ein logisk grunn til å syngje «Grevling i taket» kanskje den av songane med mest trøkk, medan dei andre rollene innhaldsmessig har litt meir å spele på, men utan at forteljinga på noko sett blir viktig, eller i alle fall ikkje gjort til det.

Helena Wik presenterer historia ganske tradisjonelt der songane er grunnmuren og forteljinga stort sett berre ein måte å kome seg frå ein song til den neste. Hans Petter Nilsen og Tore B. Granås er dyktige songarar og også i stand til å traktere instrument, men dei slit lenge med å få opp stemninga og få salen til å svinge. Ein god del hjelp hadde dei av Skjalg Raaen som hadde sprita og rocka opp songane ganske mykje, men første akt blei likevel temmeleg langdryg. Det var først med «Grevling i taket» det tok av, og utover i andre akt fekk dei etter kvart den klappinga, allsongen og entusiasmen i salen som vel var målet. Her var også mange songar som er skrivne lenge etter at teaterversjonen opphaveleg blei laga, og med «Kanskje kommer kongen», og «Dum og deilig» kom salen endeleg i full kok og publikum fekk det dei hadde kome for.

Scenografien til Mari Lotherington var fantasifull og illustrerande, og var kanskje det mest nyskapande med denne produksjonen. Kostyma hennar likeså. Når det gjeld regien, er det med ei slik tunn historie vanskeleg å vere tilsvarande nyskapande. Ramma er lagt, og publikum veit kva dei vil ha. Men Helena Wik hadde likevel greidd å få ei fin veksling mellom det rolege og nesten litt triste og dei store ablegøyene. For dei som har fått oppleve Dolmen og Lorentzen i fri dressur, blir det meste diverre bleike kopiar, og det kan også vere fordi humoren handlar meir om dei to (altså ikkje Knutsen & Ludvigsen, men Dolmen og Lorentzen) og tida han ble til i, og slik sett ikkje er like evig som songane. Nilsen og Granås gjer gode forsøk, men meistrar nok musikken og songane betre enn den litt spesielle syttitalshumoren. Kaptein Knutsen er som rolle ein pappfigur og vanskeleg å fylle, men Ida Maria Göransson greidde likevel å gi han nokre særtrekk. Meir takknemleg var nok grevlingrolla hennar som ho gjorde maksimalt ut av som eit velkoreografert lite bakgrunnsteater i teateret. Og så må eg få sagt at den store overraskinga, og den som kanskje mest av alle gjorde at framsyninga berga også som teater, var Sigrid Husjord. Ho var høgt og lågt og særs overtydande som konduktør, og då ho dukka opp som ein fantastisk fargerik og velspela parodi på styresmakter og byråkrati, var det berre å gi seg over.

Leave a Reply