Kva er normalitet?

TEATER

STANK: Fornedra og stinkande av surmjølk er Maria (Mari Strand Ferstad) likevel i stand til å bevare menneskeverdet. I bakgrunnen den forsmådde Susanna (Ragnhild Arnestad Mønness). FOTO: STIG HÅVARD DIRDAL

«Åpenbaringen»
Rogaland Teater, Teaterhallen
Av Mattias Andersson
Omsett av Arne Lygre
Regi: Mari Vatne Kjeldstadli
Scenografi og kostyme: Sven Haraldsson
Med: Mari Strand Ferstad, Cato Skimten Storengen, Ragnhild Arnestad Mønness, Eili Harboe, Espen Hana, Kasper Skovli Botnen og Svein Solenes

Eit svart, litt dystopisk, men likevel humoristisk drama om dei store spørsmåla i livet.

– Det kunne ha vore kven som helst. Slik trur eg regissør Mari Vatne Kjeldstadli har tenkt når ho set opp «Åpenbaringen» av den svenske dramatikaren Mattias Andersson i Teaterhallen på Rogaland Teater. For ho skil i starten lite mellom scene og sal eller publikum og aktør. Vi sit i eit atrium utan scenografi, i fullt ljos, og skodespelarane går i eitt med publikum. Varsamt let Kjeldstadli dei sju aktørane nøste opp sine historier, der tre av dei har det sams at ein av personane har fått ei openberring. Det tek til med Mikael (Cato Skimten Storengen) og Susanna (Ragnhild Arnestad Mønness), eit par midt i livet der han får besøk av ein engel som pålegg han eit offer. Han skal ause av sin kjærleik overfor tiggaren Maria (Mari Strand Ferstad). Det endar med eit samleie i ein kjellar stinkande av søppel og sur mjølk. Han har eit forklaringsproblem, og kona har like store vanskar med å forstå som vi i salen.

Så møter vi den 17 år gamle Jenny (Eili Harbo) som er kalla til å bli terrorist, og som i møte med terapeuten Niklas (Espen Hana) både med kroppsspråk og intellekt syner at det er ho som har makta, og han som er klienten. Endeleg er det dei to rivaliserande brørne Tim og Sam (Kasper Skovli Botnen og Svein Solenes) der konflikten i starten er litt utydeleg, men der den etter kvart utviklar seg dramatisk til si eiga motseiing.

Historiene blir presenterte som ei mengd små dramatiserte tablå der vi gradvis får del i dei ulike «kalla» og korleis det etter kvart er eit ope spørsmål om det er normaliteten eller galskapen som er gal. Det er sjølvsagt noko apokalyptisk og samstundes djupt eksistensielt over desse historiene. Det er søkande menneske og det evige spørsmålet om meininga med livet. Og i tillegg masse svart humor. Å halde merksemda oppe og skape stigning i ein slik relativt lang presentasjon, er ikkje enkelt. Eit anna problem er at ein i eit atrium spelar med ryggen mot publikum. Det gjer kravet til diksjon høgare enn det ensemblet her fekk til. Skodespelarane har korkje scenografi eller ljossetting å lene seg på, den einaste rekvisitten er fire liter surmjølk. Dialogen og spelet gjer jobben. I botnen ligg ein særs god tekst, omsett av Arne Lygre, samt eit utmerka ensemblespel. Og så er det songane og musikkvalet som gjer at det sjeldan blir langdrygt. Dei sju er alle framifrå songarar, og a cappella, åleine og i kor, framfører dei eit titals songar, alt frå salmar til Rudolf Nilsen og Jokke & Valentinerne.

Trass i heftige og dramatiske scener etter kvart, er «Åpenbaringen» eit lågmælt drama som lèt oss kome tett på personar og konfliktar det diverre er lett å kjenne seg att i, same kor outrerte dei er. Den mest interessante av dei på scena, syner seg raskt å vere tiggaren Maria som trass i umenneskelege lidingar likevel tviheld på menneskeverdet. Dette blir også forsterka ved at Mari Strand Ferstad gjer ei stillferdig, men heilt eineståande rolletolking.

(Meldinga stod i Klassekampen laurdag den 7. september 2019.)

Leave a Reply