Frodig og folkeleg

TEATER

FORVIKLINGAR: Alle desse tre er forelska i kvarandre, men ikkje noko er slik dei trur. FOTO: VILDE BODSBERG

«Trettendagskvelden eller Ka di vil»
Rabarbrateateret, Rabarbraparken Bakklandet
Av William Shakespeare
Omsett av Hans-Magnus Ystgaard
Regi: Øyvind Brandtzæg
Komponist: Øyvind Jo Heimdal Eik
Koreografi: Tor Ivar Hagen
Scenografi: Marie Löwendahl
Kostyme: Jenny Hilmo Teig
Med: Madeleine B. Nilsen, Vilde Søyland, Jon Vegard Hovdal, Marianne Meløy, Silje Botten, Eva Næss, Cengiz Magnus S Nereid, Bendik Sjømæling Nordgaard, Espen Anthun Børø, Stian Hovland Pedersen, Sindre J. Karlsholm m.fl.

Akkurat så folkeleg som ein folkekomedie skal vere.

For tiande gong spelar Rabarbrateateret bakgardsteater på Bakklandet i Trondheim. To gongar har dei gjort stor suksess med komediar av William Shakespeare omsett til sparbumål. I år har dei fått Hans-Magnus Ystgaard til å omsetje, eller meir korrekt: gjendikte Shakespeares «Twelth Night or What You Will», også denne gongen til sparbudialekt. I Øyvind Brandtzægs sikre og heilt upretensiøse regi, serverer Rabarbrateateret nok ein gong burlesk folkekomedie, forståeleg for alle.

Stykkets tittel viser til trettande dag jul då det var vanleg med maskerade. Her er det ikkje mye jul, men flust av forviklingar og utklednad. Intrigen er alt for komplisert til å gå inn i, men på Shakespeares tid var det vanleg at menn spela alle roller, og med det som utgangspunkt leikar gamle William seg med kjønnsidentitetar og forviklingar. I fantasilandet Illyria er alle forelska i alle, og nokre nyttar omkleding og kjønnsskifte for å vinne fram hjå den utkåra. Når hovudpersonane i tillegg er tvillingar som trass i ulike kjønn er forbausande like, er det duka for det meste.

Øyvind Brandtzæg har laga ei uhøgtideleg, sjølvironisk og hysterisk morosam framsyning der Ystgaards språk gir ein heilt eigen koloritt, og der språkblomane, metaforane og den litt innfule humoren står i kø. Nyskriven god musikk, særeigen og naturgitt scenografi, fin koreografi og fantasifulle kostyme bidreg også til resultatet. Og så blir det heile så underhaldande og forståeleg fordi skodespelarane, ei herleg blanding av profesjonelle og amatørar, gir litt fan i konvensjonane. Dei veit dei ikkje er fullkomne i alt og spelar difor på det, lagar metateater når det trengst, er uhøgtidelege, litt komisk pompøse, ler av seg sjølve og sjarmerer oss i senk. Marianne Meløy er ei openberring som tenaren Malvolio, men også mange andre imponerer, spesielt Madeleine B. Nielsen som Olivia, Vilde Søyland som Viola og ikkje minst Silje Botten som narren Feste, men også som songar.
Framsyninga blir spela fram til 11. august.

(Meldinga stod i Klassekampen måndag den 5. august 2019.)

Leave a Reply