Særs lovande opning

TEATER

NYTT OG GAMALT: Rosendal Teater er blitt eit imponerande teaterhus, og opninga var særs lovande. FOTO: AMUND GRIMSTAD

«Pursuit of happiness»
En-Knap Productions/Nature Theater of Oklahoma

«Isbjørnpappaen»
Katja Brita Lindeberg Produksjoner

«Distant Voices»
Heine Avdal & fieldworks

«Mørkemodig»
Katma

Opninga av det nye Rosendal Teater i Trondheim var eit imponerande frampeik om kva dette teaterhuset kan bli i tida som kjem.

Etter 35 år i ganske kummerlege lokale har Teaterhuset Avant Garden blitt historie og stått opp att som Rosendal Teater i eit imponerande teaterbygg på Lademoen i Trondheim. I helga var det høgtideleg opning med heile fire framsyningar, og om dei er representative for kva teateret vil by på etter kvart, er dette meir enn lovande.

Teaterhuset Avant Garden starta i 1984 som eit samarbeid mellom tre teaterkompani i Trondheim der ein først heldt til i tredje etasje i ein bygard i Kjøpmannsgata. I 1993 flytta teateret til ein black box i kjellaren i Folkets hus med kontor og ein liten prøvesal i andre etasje.

Draumen om betre lokale har vore der heile tida, og i 2013 tok han til å materialisere seg. På Lademoen låg det gamle ærverdige Rosendal Teater frå 1921, teikna av Erik Glosimodt, arkitekten bak mange av dei vakre stasjonsbygga langs Dovrebana. Etter 65 år som offentleg kino, og deretter 17 år som sal for Cinemateket, var huset tomt. Planlegging, finansiering, politiske vedtak og ombygging har tatt tid, men i helga var det endeleg opning. Det gamle teaterhuset er ombygd og renovert, og eit tilbygg er kome til, alt teikna av Skibnes Arkitekter med stor respekt for Glosimodts arbeid. Det er blitt eit imponerande brukshus med heile tre scener, kafé, rom for happenings og også ei utandørs scene. Og sjølvsagt gode kontor for staben.

Med så stort hus, så mange scener, og eg vil tru så stor husleige, seier det seg sjølv at teaterhuset ikkje lenger berre kan vere programmerande, men også må satse på eigenproduksjonar, vere bydelsteater og på anna kreativt vis trekkje folk til lokala. Det kan bli tøft. At DansiT, kompetansesenteret for dansekunst i Trøndelag, nå også er med på laget, syner at ein tenkjer scenekunst i større perspektiv.

«Pursuit of happiness»
Nature Theater of Oklahoma (frå New York), eitt av verdas beste teaterkompani, har eit spesielt forhold til Trondheim, og det var naturleg at dei fekk opne ballet. «Pursuit of Happiness» er ein samproduksjon med det slovenske dansekompaniet En-Knap, og tittelen skriv seg frå at lykka er ein grunnlovfesta rett i USA, på line med retten til å bære våpen. Med utgangspunkt i dette, og som ein parafrase over ein spagetti-western, klisjéfylt og som vanleg i ein kombinasjon av det trivielle og det eksistensielle, hamnar vi til slutt i krigen i Irak. Om framsyninga har ein moral, må det vere å syne kunstens, og i særleg grad dansens manglande evne til å endre verda.

«Isbjørnpappaen»
Den lokale produksjonen «Isbjørnpappaen» var ein urpremiere der Katja Brita Lindeberg gav oss ei djupt personleg, modig og nådelaust ærleg beretning om einsemd og menneskas problem med samhandling. Isbjørnen er kompromisslaus, livsfarleg og samstundes særs sårbar, og står som ein metafor for hennar eigen far. Med respekt og litt undrande kjærleik, og med farens grenselause tillit til prosjektet, presenterte ho ei vakker og innsiktsfull framsyning om kor vanskeleg det er å vere menneske, og særleg i nære relasjonar.

«Distant Voices»
Dansekunsten er truleg scenekunstens stebarn og mange publikummarar slit med å tolke og forstå det dei ser. Difor var valet av «Distant Voices» av Heine Avdal & fieldworks spesielt vellukka. Seks dansarar flyttar på eit femtitals kubar, tilsynelatande utan mål og meining. Opninga skapte ei forventing om det absurde og uforståelege, før eg for min del etter kvart såg meir arkitektur enn dans. Slike klossar kan både skape murar og vere frigjerande, alt etter måten dei blir nytta på. Slik tenkte eg før dansarane til slutt viste oss at tolking alltid er personleg, og at dei eigentleg hadde halde oss for narr på eit humoristisk og vennskapeleg metavis.

«Mørkemodig»
Opningshelga blei avslutta med «Mørkemodig», ei poetisk og opplevingsrik barneframsyning av Katma (Katrine M. E. Strøm). Det var interaktivt teater om alt som kan dukke opp når du går i mørkeret, om å vere både redd og litt modig, og om korleis ein kan overvinne farane, alt til eit eineståande lydbilde og med utsøkt scenografi.

Repertoaret i helga kan stå som ei imponerande programerklæring frå det nye teaterhuset. Internasjonale gjestespel, ny norsk dramatikk, dans og barneframsyningar. Og alt av særs høg kvalitet. Dette var lovande.

(Meldinga stod i Klassekampen onsdag den 28. august 2019.)

Leave a Reply