Quo vadis, Hedda?

KOMMENTAR

VINNAR: Cecilie Lundsholt tek i mot Heddapris for beste barneframsyning for produksjonen «Mio – min Mio», i regi av Hilde Brinchmann og produsert av Teatret Vårt i Molde og Nordland Teater. FOTO: AMUND GRIMSTAD

Årets Heddadagar synte at festivalen er komen for å bli. Likevel står han ved eit viktig vegskilje.

I ei heil veke til endes har folk i og rundt Oslo fått oppleve ein teaterdugnad av det verkeleg sjeldne. Heile 33 scenekunstinstitusjonar har gått saman om å skipe Heddadagane, og i løpet av ei veke er det vist meir enn 50 ulike produksjonar frå rundt 30 teater og produksjonsselskap. Og det store fleirtalet av oppsetjingane er frå andre stader enn Oslo. Dette er både kostbart og krevjande, og i utgangspunktet nærast umogeleg. Men for tredje året på rad har teatera likevel fått det til. Heddadagane er så avgjort Teater-Norge som syklar på vatnet.

Festivalens mor, og samstundes det desiderte høgdepunktet desse dagane, er utdelinga av Heddaprisen. Frå dei første kåringane for 21 år sia, har denne prisen vakse til å bli det mest prestisjefylte trofeet ein norsk scenekunstnar kan vinne. Ein jury på sju personar ser og vurderer til saman rundt 150 produksjonar kvart år, og deler ut prisar i heile tolv ulike kategoriar. Og sjølv om ingen er hundre prosent samde med juryen til ei kvar tid, og avgjerdene ikkje alltid er like populære, er det ingen i dette landet som har sett meir og difor har eit betre overblikk enn juryen. Det som var spesielt, og for mange av oss gledeleg i år, var at ingen stor og tung institusjon stakk av med det meste. I staden var det ei uvanleg god fordeling frå særs ulike produksjonsselskap og teater og med ei god geografisk spreiing. Sidan juryen ikkje tar omsyn til noko anna enn kvalitetskrava, tyder det at scenekunstnivået for tida er jamt høgt over heile landet.

Ettersom det under Heddadagane blei vist teater frå morgon til kveld, var det for den teaterinteresserte høve til å sjå fleire produksjonar om dagen. Parallelt med, og i samarbeid med Heddadagane var det også Norsk dramatikkfestival med ti produksjonar. Og Kloden (scenekunst for unge) synte i tillegg eit titals oppsetjingar i og i nærleiken av eit telt ved Nationaltheatret. På eit tjuetals scener fekk vi oppleve den store spennvidda det er i norsk teater for tida. Og Vega scene baud på den einaste premieren under festivalen, med «Manning er fri», ei etter mi meining framifrå framsyning om Chelsea Manning.

Heddadagane er også eit gedigent bransjetreff der det var fleire seminar og debattar. I Klassekampen måndag var det breitt referat frå «Kunst under press» om åtaka på det kunstnarlege ytringsrommet med utgangspunkt i framsyninga «Ways of seeing». Eit anna spørsmål som blei debattert, var streaming av framsyningar slik det blir gjort frå The Metropolitan Opera i New York. Ein del politikarar har fått det for seg at dette kan vere ein måte å spare pengar på, og nyttar honnørord som demokratisering og kunsten ut til folket for å selje inn ideen. Den blei tatt ganske ubønhøyrleg ned av Knut Alfsen frå Skodespelarforbundet og regissøren og dramatikaren Tyra Tønnessen.

Når festivalar tar til å leve sine eigne liv, er det eit prov på at dei er komne for å bli. I år dukka det også opp spinoffs som Off-Hedda, ein frynsefestival ganske på sida av det heile. Men sjølv om festivalen openbert er komen for å bli, står han likevel ved eit viktig vegskilje. Dei to første åre fekk store og krevjande utanbys produksjonar gjeste hovudscena på Nationaltheatret. I år var det ingen av teatera i Oslo som fann scene til anna enn mindre gjestespel. Det var eit stort sakn, og bør ikkje bli ei vane. Då kan det fort feste seg eit inntrykk av at store oppsetjingar er noko ein driv med i Oslo, medan regionteatera spelar monologar, forteljarteater og små produksjonar eigna for turné. Det er så avgjort ikkje eit rett bilde av eit Teater-Norge der det for tida skjer masse spennande både i det frie feltet og på regionteatera, og der mangfaldet og den geografiske spreiinga aldri har vore større.

(Kommentarartikkelen stod i Klassekampen onsdag den 19. juni 2019.)

Leave a Reply