Surrealistisk sjarm

TEATER

DOBBELPARODI: Eit radioshow blir framført som ein surrealistisk parodi på parodien. FOTO: GURO KULSET MERAKERÅS

«Annie»
Tårnet på Munkholmen, Trondheim
Av Thomas Meehan, Charles Strouse og Martin Charmin
Omsett av Finn Ludt
Regi og koreografi: Ingrid Elisabeth Kummeneje
Musikalsk leiar: Øyvind Jo Heimdal Eik
Scenografi: Marie Steen Løwendahl
Kostyme: Silje Botten
Med: Helle Haugland, Silje Sviggum, Oliver Matheo E. Støen, Magnus Lie Hetland, Sissel Tørring Brattli, Runar Christoffersen Walsø, Vigdis Knudsen Moe, Tobben Rørtveit, Joachim Lindgren, m. fl.

Årets sommarteater frå BUL Nidaros er kanskje ikkje av dei mest profesjonelt framførte, men samstundes så innhalds- og opplevingsrik, sjarmerande og fornøyeleg at det likevel står fram som ein av dei beste produksjonane i teaterlagets historie.

Det slår aldri feil, og det er ei meldingsopning eg har nytta til det keisame. Når kalenderen visar sommar, men Trondheimstermometera syner det motsette, då er det tid for sommarens likevel varmaste oppleving. For 36. gong set teaterlaget i BUL Nidaros opp sommarteater i tårnet på Munkholmen, og som så ofte før, er det ein gamal musikalklassikar som er repertoar. I år er det «Annie», Broadwaymusikalen frå 1977 om den 11 år gamle foreldrelause jenta Annie (Helle Haugland), som i Dickensk and bur saman med andre jenter i same situasjon på ein kommunal barneheim i depresjonens New York City, nærare bestemt i 1933. Heimen er i røynda ein slaveleir med barnearbeid og ingen skulegang, og der ungane blir hundsa av den noko forfylla styraren Miss Hannigan (Silje Sviggum) som likevel ikkje er heilt utan forsonande trekk. Annie er ei kvikk lita jente som lev i håpet om å finne att foreldra, og klamrar seg til eit brev der dei lova å kome attende og hente henne då dei sette ho frå seg som nyfødt.

I USA, land of opportunities, er moralen sjølvsagt at alle kan bli sin eigen lykkesmed, og rike kapitalistar er ikkje problemet, men løysinga, spesielt om dei er mesenar. Og trass i at vi veit at dette er amerikansk historieforfalsking og søtsuppelirumlarum, let vi oss villig forføre av denne rørande historia. For den ekstremt velståande Mr. Warbucks (Magnus Lie Hetland) er nettopp ein slik velgjerande kapitalist som vil gjere godt og låne eit foreldrelaust barn eit par veker. Det blir Annie, og sjølvsagt fell den særs opptekne, og eg vil tru relativt kyniske forretningsmannen, for Annies sjarm, slik vi i salen har gjort for lengst, og vil adoptere henne. Der kunne historia ha slutta, men Annie vil helst til foreldra sine, som utan at ho veit det døydde i ei bilulukke like etter at ho blei bortsett, og Mr. Warbucks lovar ut ein svimlande høg sum til dei som kan finne foreldra hennar. Hundrevis av lykkejegerar og sjarlatanar dukkar opp og gjer krav på foreldreretten, og meir skal eg ikkje røpe av handlinga.

Heile 28 aktørar, dei fleste av dei særs unge, er i aktivitet i om lag dobbelt så mange roller, og sjølv om teaterlaget i BUL er ein god skole, var det mange urøynde debutantar, og mykje å halde styr på med tanke på personinstruksjon og koreografi for Ingrid Elisabeth Kummeneje. Ho har ansvaret for både regi og koreografi, ei i utgangspunktet umogeleg oppgåve som ho har løyst på eit overraskande bra vis med mange oppfinnsame små gags, litt metateater og masse sjølvironisk surrealisme på dei områda der det var openbert at skodespelarkunsten ikkje strokk til. Når barn skal spele vaksne, som til dømes ei scene med president Roosevelt og delar av regjeringa hans, blir det fort litt ufriviljug parodisk. Kummeneje har løyst dette ved å erkjenne problemet, og i staden lage ein surrealistisk parodi på parodien, og det blei ei hysterisk morosam scene der vi på litt uhistorisk vis fekk presentert kva som eigentleg var opphavet til Roosevelts «New Deal». Slik har Kummeneje også gjort med eit radioshow som er minst like artig og velspela. At ho i tillegg har fått dei unge til å danse, stort sett i takt, i eit utal song- og danseopptrinn, gjer det heile endå meir imponerande. BUL nyttar ikkje orkester denne gongen, men musikalsk leiar, Øyvind Jo Heimdal Eik, har laga eit godt tonefølgje ein kunne tru var live musikk om ein ikkje visste anna. Eg har nok høyrt betre songprestasjonar frå BUL tidlegare, men premierenervar er lov å ha for dei som enno ikkje er tenåringar. Og Annie song faktisk vel så bra a capella som med akkompagnement. «I morgon» (Tomorrow) a capella var til å grine av.

Tårnet på Munkholmen er ei scenografisk utfordring av dei sjeldne, i røynda nærast umogeleg å løyse. Men kvart år greier teaterlaget det likevel. Denne gongen er det i tillegg eit utal sceneskift og det gjer det endå meir vanskeleg, – les: umogeleg. Men scenograf Marie Steen Løwendahl har greidd det, mellom anna med god hjelp av kulisseansvarleg Sverre Farstad. Dei har rett og slett laga ei heimesnekra manuell dreiescene, og ho løyser det meste. At sceneskifta med manuell skuving blir ganske synlege, er løyst med det same sjølvironiske metagrepet som gjer det heile så sjarmerande. Og når alt går gale, og scenografien heng seg opp, så løyser dei unge amatørane det på strak, og nærast profesjonell arm slik at ein nesten skulle tru det var nok eit planlagt metainnslag. Kostymeansvarleg Silje Botten har nærast gått amok i denne produksjonen, og må ha sett grå hår i hovudet på alle foreldra i produksjonsapparatet som har jobba dugnad med å sy alle kostyma som stort sett er tidsriktige, oppfinnsame, – og ikkje minst mange.

Frå ein litt famlande start, er det ikkje lenge før den purunge Helle Haugland eig både scene og publikum. Med eit relativt diskret og forsiktig spel sjarmerer ho oss trill rundt, og i det særs vakre samspelet med Magnus Lie Hetland som den rike, er det ikkje vanskeleg å forstå kvifor ho tilførte ein god porsjon menneskelege dimensjonar til milliardærens liv. Ingrid Elisabeth Kummeneje har hatt ei særs god hand om personinstruksjon, og late einskilde av dei små få vere dei sjarmtrolla dei er i staden for strigla og stramt regisserte skodespelarar. Akkurat dette grepet med ikkje å freiste å gjere produksjonen meir profesjonell enn det er mogeleg, har vore særs heldig. For deg som ha vil ha noko å varme deg på i trøndersommaren, er det berre å ta ein tur til Munkholmen. Der er det humor, varme og sjarm i ei uvanleg surrealistisk og underhaldande blanding.

Leave a Reply