Støyande overspel

TEATER

FREMMELEG: Alt som spedbarn i sparkebukse og med smokk tek Rolf kontroll over heim og naboskap. FOTO: STIG HÅVARD DIRDAL

«Pang!»
Rogaland Teater, Teaterhallen
Av Marius von Mayenburg
Omsett av Øyvind Berg
Regi: Nina Wester
Scenografi og kostyme: Daniel Åkerström-Steen
Videodesign: Thomas Lønning
Med: Øystein Martinsen, Svein Solenes, Marianne Holter, Even Stormoen, Espen Reboli Bjerke og Mari Strand Ferstad

Det blir ikkje nødvendigvis god humor av høgrøysta overspel.

For fem år sia sette Rogaland Teater opp «Perpleks» av den tyske dramatikaren Marius von Mayenburg, og det er den mest forståelege absurde komedien eg nokon gong har sett. Høgst fortent fekk produksjonen to av dei gjævaste Heddaprisane det året. Nå har Rogaland Teater sett opp «Pang!» av den same dramatikaren, og med ein del av det same ensemblet, og forventningane var sjølvsagt store. Men denne oppsetjinga blei diverre eit totalt bomskot.

Marius von Mayenburg skreiv «Pang» i 2017, nærast som ein sorgreaksjon på at Donald Trump blei president i USA. Stykket er eit forsøk på eit satirisk oppgjer med statsleiarar som Silvio Berlusconi, Viktor Orbán og Donald Trump, sjølvopptekne og nærast narsissistiske politikarar som har eit lettvint forhold både til sanninga og demokratiet. Men i like stor grad er stykket eit åtak på alle dei som let slike folk kome til makta.

Rolf Pang (Øystein Martinsen) er ikkje fødd ennå når stykket tek til. Likevel kjem han syklande inn på scena på ein trehjulssykkel for i ei metaform å annonsere at det er først når han om litt blir fødd at noko vil skje her i verda. Så møter vi dei komande foreldra hans, Vicky (Marianne Holter) og Dominik (Svein Solenes), som er politisk korrekte så det held, og båe særs gravide og opptekne av at alt skal vere rett og etter boka. For alle foreldre er ein fødsel det viktigaste i verda, og avkommet sjølvsagt eit unikum på line med historias største geni. Jamvel om det kjennest slik, har likevel dei fleste eit sjølvironisk blikk på denne kjensla. Men ikkje Dominik og Vicky. Sonen deira er så spesiell at fødselen i beste realitytradisjon må filmast live av eit TV-selskap. Og alt han etter kvart gjer, blir grundig dokumentert på fjernsyn.

Rolf syner seg raskt å vere ein fremmeleg unge. På veg ut av livmora tek han livet av tvillingsystera si, bit av sin eigen navlestreng, og ganske raskt tek han kontroll ikkje berre over foreldra og heimen, men også naboskap og meir til. Dette trass i at han aldri blir meir enn fem år gamal, eller i alle fall heile tida oppfører seg furtent, barnsleg og trumpete som ein femåring. Han bryr seg ikkje om trivialitetar som rett og gale, sant eller usant, men berre om seg sjølv og eige ego. Parallellane von Mayenburg med dette dreg til verdsleiarar av ulike format er openberre, sjølv om dei ikkje blir uttalt.

Opninga er halde i ei roleg og litt surrealistisk metaform, og så langt er dette både interessant og underhaldande. Men ganske raskt går det heile over i støyande overspel der det som måtte vere av politisk satire, humor og gode poeng druknar i tåpelege påhitt der ein i eit enormt tempo skal innom feminisme, klima, immigrasjon, hybris, rasisme, politisk fanatisme, intoleranse og meir til, og stundom i ganske proklamatoriske ordelag.

Eg har ikkje lese manus, men bak alt det overdrivne anar eg likevel konturane av noko som kunne ha vore både god politisk satire, humoristisk og kanskje til ettertanke. Men i Nina Westers regi blir det berre pøst på med effektar, overspel, og støy utan den fingertippkjensla og dei pausane som skal til for å skape god humor. Alt skjer i høgt tempo, med litt for mange og hyppige sceneskift, og sjølv om aktørane spelar med mye energi, har dei fått tildelt alt for sjablongmessige roller til at dette kan bli morosamt, underhaldande eller den bitande politiske satiren som vel var meininga.

(Meldinga stod i Klassekampen onsdag den 8. mai 2019.)


Leave a Reply