Det store ranet

TEATER

KVOTER: Eit pedagogisk forsøk på å synleggjere kva fiskekvoter er, var og skulle ha vore. FOTO: STIG BRØNDBO

«Blå åker»
Hålogaland Teater, Scene øst
Av Ragnar Olsen
Regi og dramatisering: Egill H. A. Pálsson
Scenografi og kostyme: Martin Eriksson
Lysdesign: Øystein Heitmann
Komponist og musikar: Herborg Rundberg
Med: Jørn Fuller-Gee, Ketil Høegh og Trude Øines

Ei skikkeleg revitalisering av det politiske teateret. Humoristisk og sjølvironisk, men med skarp brodd.

På ein bryggekant sit ein musikar og songar (Herborg Rundberg) og set tonen for denne framsyninga med ein sprø, litt sprukken og særs mollstemd song om kven som eig havet, elva, vinden, – med andre ord naturressursane våre. Tre hobbyfiskarar (Trude Øines, Ketil Høegh og Jørn Fuller-Gee) vil freiste fiskelykka, spelar seg sjølve og kjem i prat. Og så er vi i gong med ein dryg times forteljing om det store ranet som har heimsøkt kystbefolkninga i dette landet. Ganske raskt blir framsyninga insisterande og påståeleg, slik politisk teater diverre ofte kan bli, og eg må vedgå at eg frykta det verste. Men så tek dei det sjølvironisk ned i eit artig metagrep der dei innser at slikt blir det dårleg teater av, så dette går ikkje an. Og i den vidare handlinga held dei seg milevidt frå det propagandistiske. I staden får vi ei upretensiøs, humoristisk, sjølvironisk, veldokumentert og pedagogisk oppsetjing som trass i den lette og leikne tonen, likevel, eller kanskje nettopp difor, – blir politisk teater av beste klasse.

Hålogaland Teater har tatt utgangspunkt i NRK-dokumentaren «Kampen om kysten» frå 2017 og boka «Kvotebaroner» av Gunnar Grytås (2014). Ragnar Olsen, til vanleg ein tryllekunstnar med ord, og ein framifrå visediktar, har intervjua mange som på ulike vis er tilknytt fiskerinæringa, og saman med dramaturg Toril Solvang og regissør Egill Pálsson, har han skrive eit humoristisk og musikalsk stykke bitande politisk teater.

Scenografien til Martin Eriksson er enkel, men illustrerande. Ein bryggekant, ein vass-spegel, eit bakteppe frå eit fiskevær og ulike videoprojeksjonar. Dei tre på scena tek oss gjennom dei siste sytti åras fiskerihistorie, og startar med den alt for lite kjende norsk-engelske fiskekrigen i 1951 som enda opp i den internasjonale domstolen i Haag. Mot alle odds fekk Norge full siger, fire mils fiskerigrense, og det blei slått fast at retten til kystens naturgitte skattar høyrer til dei som i århundrar har hausta av «den blå åkeren». Så skulle vel rikdomen vere sikra. Men i staden for ei demokratisk forvalting av fiskeressursane, slik det er gjort med olja, gjekk fiskeripolitikken diverre i stikk motsett lei, noko Ottar Brox påpeikar i eit videointervju mot slutten av framsyninga.

Med små episodiske tablå, video-opptak og bilde frå ulike historiske hendingar, tek dei tre aktørane oss gjennom ei historie om sentralisering, monopolisering, rovfiske, leveringsplikt, fiskekvoter som etter kvart blei omsettelege, og ei rekkje andre forhold som for ein søring kan vere vanskeleg å henge med i. Og dei går ikkje av vegen for å hengje bjøller på kattene. Kjell Inge Røkke, fiskeriminister Svein Ludvigsen, statsministrane Jens Stoltenberg og Erna Solberg, samt Nina Jensen får alle passa sine påskrivne, men heile tida med den underliggjande lune humoren, og den avvæpnande sjølvironien. At det heile blir sydd saman av eit titals kjende og nye viser, stundom ganske hemningslaust framført, er med på å understreke underhaldningsaspektet, men aldri utan å miste satiren og den politiske brodden.

Framsyninga er enkel og upretensiøs, men eit stadig tilbakevendande credo er at «dette er komplisert». For det er det, og det syner også skodespelarane. Men i botn ligg likevel den enkle erkjenninga frå 1951 om kven som eig og skal forvalte rikdomen i havet.

Ketil Høegh, Trude Øines og Jørn Fuller-Gee er særs fortrulege med stoffet, og både spel og formidling er framifrå. Regissør Egill Pálsson har vald ei litt lågmælt, mollstemd og sjølvkritisk tilnærming til innhald og presentasjon, og heile tida med det lune humoristiske skråblikket. Nettopp ved ikkje å vere insisterande, men i staden late publikum konkludere sjølve, blir den politiske brodden og kritikken av det store sviket som er gjort mot kystbefolkninga endå skarpare.

Kvilande trygt på skuldrane av dei beste tradisjonane deira frå 1970-talet, har Hålogaland Teater med denne framsyninga revitalisert det politiske teateret i Norge. Framsyninga blir også vist under Heddadagane i Oslo i juni.

(Meldinga stod i Klassekampen måndag den 13. mai 2019.)


Leave a Reply