Sanseleg ensemblespel

TEATER


VISUELT: Når til og med likstrå og døden framstår som eit vakkert barokkmåleri. FOTO: ESPEN NYTTINGNES

«Translyria»
Sogn og Fjordane Teater, Molde
Tekstar av William Shakespeare
Omsett av Edvard Hoem
Sett saman og regissert av Frode Gjerløw
Scenografi og kostyme: Ellan Parry
Med: Sulekha Ali Omar, Anders Firing Aardal, Ida Løken Valkeapää, Benedikte Karine Sandberg og Preben Lillebø Rongve

Eit visuelt, velspela og særs leikent ensemblespel.

Med utgangspunkt i William Shakespeares komedie «Helligtrekongersaften, eller Hva dere vil» frå det oppdikta landet Illyria, har regissør Frode Gjerløw leika seg med sju av forfattarens drama, og med kjønnsidentitet som eit slags berande tema. På Shakespeares tid blei alle rollene spela av menn, og i «Helligtrekongersaften» er forviklingar med tanke på kjønn heile grunnlaget for komedien. Så når Gjerløw i denne parafrasen over Shakespeare-tekstar lagar ein slags medley, er han på trygg grunn når han leikar med kjønnsidentitet, let skodespelarane spele motsette kjønn og eigentleg gjer det heile litt surrealistisk.

«Translyria», som ein kanskje kan lese som transanes Illyria, er eit overdådig, litt absurd, ganske komisk, særs velspela, lyrisk og nydeleg kostymedrama der eg personleg fekk langt meir ut av den vakre og leikne herjinga med Shakespeare enn med spørsmålet om kjønnsidentitet. Ei av årsakene til at dette i så stor grad er blitt ei uvanleg god, visuell og sanseleg framsyning, er scenografien, og ikkje minst dei heilt fantastiske kostyma til Ellan Parry. Framfor ferskenfarga draperi og i dei mest utrulege kostyme og maske, framfører dei fem skodespelarane gjennom meir enn 25 tablå i alt åtte roller frå sju ulike drama. Med velkoreograferte danseopptrinn, litt song, og med trygg framføring av Edvard Hoems sikre, og lyriske omsetjing, gir dei fem oss ei vakker, og tidvis ganske humoristisk framsyning. Skilja mellom dei ulike drama blir etter kvart viska ut, og dei går stundom nesten i eitt som til dømes i dei ganske saumlause skifta mellom dødsscenene i «Hamlet» og «Romeo og Julie».

Det er ikkje nokon enkel og rettlina forteljing Gjerløw gir oss der han går ut og inn av sju ulike drama, og stundom er ikkje logikken og tråden heilt grei å følgje. Men det er vel heller ikkje meininga å vise at Shakespeare skreiv same stykket om att gong på gong, men meir å syne slektskap i tematikk, intriger, – og kanskje kjønnsidentitet? Og det greier han, jamvel om det nok er ein fordel for publikum å ha ein viss kjennskap til tekstane på førehand.

«Translyria» er eit ensemblespel der dei fem på scena utan unnatak leverer så formidable rolletolkingar, at det vil vere feil å gå inn på kvar einskild og framheve nokon særskild. Saman med skodespelarane, og ikkje minst scenograf og kostymedesignar Ellan Parry, har Frode Gjerløw laga ei framsyning der spel, dans, musikk, scenografi og kostyme går opp i ei høgare eining som eit sanseleg og vakkert kunstverk. Etter gjestespel i Molde i helga, skal framsyninga nå turnere i Sogn og Fjordane fram til påske.

(Meldinga stod i Klassekampen tysdag den 2. april 2019.)


Leave a Reply