Ein dramaturgisk genistrek

TEATER

BARNET: Ein tilsynelatande uskuldig trekubbe får liv, men det blir ikkje heilt som foreldra tenkjer seg. FOTO: LOUISE DYBBRO

«Otto»
Vendsyssel Teater, Store sal, Hjørring, Danmark
Basert på det tsjekkiske eventyret Otesanek
Av Teater Morgana og Teater Nordkraft
Regi: Alex Byrne
Scenografi og rekvisittar: Ellen Høyer
Med: Margit Szlavik, Kaj Pedersen og Bastian Popp

Best som du hyggjer deg med eit vakkert musikalsk forteljarteater, snur framsyninga til si eiga motseiing.

Eg har vore på «Aprilfestival» i Hjørring på Nord-Jylland, verdas største festival for barne- og ungdomsteater. Og det er openbert ein sjanger dei tek på høgste alvor i Danmark for her var rundt 160 ulike produksjonar frå meir enn hundre profesjonelle kompani. Eg fekk berre sjå fjorten av dei, men eitt av dei som gjorde inntrykk var den unnselege litle forteljinga «Otto» som hadde nokre dramaturgiske grep som gjorde henne særs spennande.

Det heile tar til som eit vakkert musikalsk forteljarteater der dei tre på scena både fortel, spelar og gir musikalsk tonefølgje til historia om ekteparet (Margit Szlavik og Kaj Pedersen) som levde for lenge, lenge sia, og som så sterkt ønska seg eit barn. Slik gjekk det ikkje, og når vi møter dei, er nok den biologiske klokka alt langt på overtid for den slags. Men så ein dag kjem mannen heim frå skogen etter å ha skaffa ved, og har funne ein trekubbe som liknar på eit lite barn. Kona blir meir gripen enn han, og tar til seg «ungen», kler han opp og begynner å fø han. Så langt ei vakker historie, lågmælt og stillferdig fortald.

Men så blir det faktisk liv i barnet. Han tar til seg føde, og vi ser for oss ei endå vakrare historie før ho slår oss attende i solar plexus når vi er på det mest ubudde, og blir si eiga motseiing, meir morbid enn dei verste eventyra til Brørne Grimm, men framleis fortald like lågmælt og med same vakre tonefølgje. Ettersom dette er ei oppsetjing eg gjerne såg at nokon fekk til Norge, skal eg ikkje røpe meir, men det er ein liten dramaturgisk genistrek vi er vitne til, og eg trur ungane likar å få presentert det uventa slik desse teaterkompania gjer. Og når dei til slutt greier å runde det av med ei slags happy ending i ei blanding av «Brørne Grimm», «Raudhette og Ulven» og vakkert musikalsk forteljarteater, er i alle fall denne meldaren meir enn nøgd.


Leave a Reply