I eit rom på hospitalet

TEATER


KOMA: Eit relativt normalt sjukehusrom før arvingar går amok og både ho i koma og sjukepleiaren blir umyndiggjort. FOTO: STUDENTERSAMFUNDETS INTERNE TEATER

«Komatøsen»
Studentersamfundet i Trondhjem, Knaus
Av Forfattarkollegiet i SIT
Regi: Vilde Traagstad
Scenografi: Inga Utsi
Kostyme: Inger Langbakk
Med: Aksel Adrian Langum Øien, Ane Kvistad, Hilde Vestre Sem, Nora Bugge Pasca, Nora Bjørvig Henriksen og Julie Paulsen

Føreseieleg, overspela og ikkje spesielt morosamt. SIT kan langt betre enn dette.

Studentersamfundets Interne Teater (SIT) syner med UKE-revyane annakvart år at dei stort sett meistrar både å skrive poengterte og humoristiske sketsjar, og å framføre dei på meir enn akseptabelt vis. Nokre av desse revyane har vore på line med det beste i norsk revytradisjon, og stundom faktisk også fornya han. Så skulle ein tru at ein slik meir enn hundreårig tradisjon skulle gjere at studentane også kunne lage farsar og reine lystspel, men humor er ei alvorleg sak, og det finst diverre ikkje noka oppskrift på å lage god komikk. Det fekk vi prov på da SIT i kveld hadde urpremiere på «Komatøsen», eit forsøk på ein ellevill komedie dei både hadde skrive, produsert og framført sjølv.

Ei gamal mor ligg i koma på eit sjukehus, og ved senga finn vi dottera Ingrid, og etter kvart sonen Severin. Mora er skipsreiarenke, og dei to ved senga syner seg snart å vere meir opptekne av arven enn av om mora blir god att. Ein advokat kjem inn og gjer førebuingar til å få oppnemnt dei to som verje for mora, og ettersom dette ikkje kan skje fort nok, gjer dei kva dei kan for å blidgjere advokaten. Moras syster, parodisk oppteken av sjamanisme og spirituelt lirum larum, dukkar opp, det gjer også tenåringsdøtrene til Severin, dei einaste ved sia av ein sjukepleiar som er tilnærma normale i denne settinga. Ingrid og Severin tar rikelege forskot på arv når dei forsyner seg av moras sjekkhefte, først for å gjere rommet hennar meir triveleg, dinest for å hyggje seg sjølve. Korleis det går skal eg halde meg frå å fortelje, men heile narrativet er så føreseieleg at det skal ikkje mye fantasi til for å gjette seg til det meste.

Opplegget er for så vidt godt tenkt. Det er ein ok idé. Men humor dreier seg ikkje berre om å lage mest mogeleg absurde situasjonar og å presentere heilt outrerte personar som ropar høgt til kvarandre. Sjølvsagt var her eitt og anna poeng, men det var diverre så alt for langt mellom drammane, Og sjablongmessig overspel er ikkje synonymt med humor. Historia er for tunn, og i staden for å bli absurd i tydinga at ho tar uventa og surrealistiske vendingar, blir ho særs føreseieleg. I den førre produksjonen eg såg frå SIT (The Breakfast Club)var personinstruksjonen forbausande god og spelet relativt lågmælt. I «Komatøsen» var det lite av dette. Overtydelege rolletolkingar, overspel, og roping av replikkar, rett nok med heiderleg unnatak av dei to tenåringsdøtrene, og ikkje minst sjukepleiaren (Nora Bjørvig Henriksen) som hadde litt av den fingertippkjensla som skal til for å skape god humor. Eit blik eller ein liten gest frå henne sa meir enn mange høgrøysta replikkar.

Scenografien til Inga Utsi var god, veleigna for føremålet, og hadde ei nøkternheit som resten av produksjonen mangla. Den elleville bruken av rekvisittar for å møblere sjukerommet, var også oppfinnsamt og godt gjennomført, men narrativ, spel og regi stod ikkje i forhold, og då blei det berre pålessa halloi.

Eg har sett eit utal produksjonar frå SIT gjennom meir enn førti år, og når eg skriv så vidt kritisk om «Komatøsen», er det fordi eg veit at SIT kan langt betre enn dette.

Leave a Reply