Heile verda er ei scene

KOMMENTAR/»SETT UTANFRÅ»

SKULEFJERNSYN? Var «Heimebane» ein dramaserie, eller oppseding i det politisk korrekte. PLAKAT: NRK

Med røyndomslitteratur og falske nyhende er det ikkje lenger så enkelt å skilje fiksjon frå fakta. Det kan gi seg uventa utslag for dramatikken og scenekunsten.

Den amerikanske regissøren og skodespelaren Orson Welles, kjend for mellom anna «Citizen Kane», kanskje verdas beste film, gjorde seg herostratisk berømt då han hausten 1938 lagde radioteater av Herbert George Wells «Klodenes kamp» og framførte det som om det var ei vanleg nyhendesending. Det handla om marsbuarars landgang i New Jersey, og amerikanske radiolyttarar trudde det var verkeleg og blei skrekkslagne.

I dag er vi godt vande med både røyndomslitteraturen der forfattarane skriv om sjølvopplevde hendingar og kallar det fiksjon, og også om såkalla «fake news». I Orson Welles heimland held dei seg med ein president som lyg og kallar alt anna for «falske nyhende». Ein skulle tru at dette førde til ein sunn skepsis hjå folk flest, men i staden ser vi at folk ikkje lenger greier å skilje mellom fiksjon og røyndom, og i det rommet som oppstår, har dramatikken og scenekunsten nå fått ein ny vår.

Overskrifta mi denne gongen er eit Shakespeare-sitat frå «As you like it» om at verda er ei scene, og alle menn og kvinner er berre aktørar. Aldri har vi sett dette sannare og tydelegare enn i dag. Nå er det ikkje lenger berre skodespelarar som står på scena, men også andre som insisterer på å ta del. Pia Maria Rolls omdiskuterte framsyning «Ways of seeing» har fått ei særs utvida rolleliste der både pressa, leiaren av PST, riksadvokaten, statsrådar og sjølvaste statsministaren nå gjer krav på å få vere med. Roll har for lengst mist eigarskapet til oppsetjinga som etter kvart lever sitt eige liv heilt uavhengig av regi, opphaveleg casting og teaterhus.

Den same, og litt nye haldninga til scenekunsten som sanning og ikkje fiksjon, fekk vi haugevis av døme på i samband med andre sesong av NRKs dramaserie «Heimebane» som nettopp blei avslutta. I tredje episode spela Varg førsterundekamp i cupen mot eit lag frå ein stad befolka av raringar, ei bygd som likna vel mye på Twin Peaks. Då blei det ramaskrik fordi det var ikkje politisk korrekt å framstille landsbygda i Norge på dette viset. Til og med ein av regissørane av den tidlegare dramaserien «Kampen for tilværelsen» kasta seg på hylekoret. I den serien blei folk i Ullevål Hageby i Oslo framstilt som perverse seksuelle avvikarar og det som verre var, men det er openbert greitt å harselere med dei urbane, men altså ikkje med bygdefolk.

Så kom ein episode der Camilla, dotter til hovudpersonen i serien, valde å abortere, og gjorde det åleine heime. Slik diverre mange har gjort før henne. Då blei det lesarinnlegg i Adressa der ein innsendar meinte det sende gale signal at Camilla drakk seg full, laug for mor si om korleis aborten blei utført og heller ikkje informerte barnefaren.

I første sesong av dramaserien kom han uforvarande i forkant av «metoo», og i samband med sesong to var det venta at vi kanskje skulle få sjå den første mannlege homofile eliteseriespelaren i Norge. Det skjedde faktisk i samband med at matchvinnaren i cup-finalen på ein litt subtil måte kom ut av skapet i eit direktesendt intervju. Men dette var ikkje bra nok for einskilde. Nok ein regissør, og samstundes ein open homofil, gjekk ut og skreiv at han var skuffa over manglande søkeljos på homofili i fotballen.

Det er når eg les slikt, at eg lurer på kva som er i ferd med å skje. Forstår ikkje folk lenger skilnaden på røyndom og fiksjon? Forstår dei ikkje at dette berre er teater og oppdikta? Meiner dei at teatera i Norge skal drive skuleteater og moralsk oppseding i det politisk korrekte? «Jeg er visst kommet paa en feil klode! Her er så underligt…» skreiv Sigbjørn Obstfelder for meir enn hundre år sia, og eg forstår særs godt kva han seier.

I desse dagar er det for øvrig mange som hardnakka påstår at ein mann som døydde for to tusen år sia, vakna opp att tre dagar etterpå. Til dei vil eg seie at dei bør hugse at dette er berre noko som står i ei bok.

Med det vil eg ønske alle lesarane god påske, og sende ei spesiell oppmoding om ikkje å tru alt de les. Kanskje denne artikkelen også berre er løgn?

(Denne artikkelen stod i lokalavisa OPP i Oppdal onsdag den 17. april 2019. Avisa held seg med ei spalte som heiter «Sett utenfra» der eg er ein av åtte gjesteskribentar)

One Response to “Heile verda er ei scene”

  1. Bjørn Krogstad sier:

    Takk for fine refleksjoner omkring kunst og virkelighet! God påske!
    Hilsen Bjørn

Leave a Reply