Sjå til Danmark

KOMMENTAR

PÅ KANTEN: I barneteaterversjonen av «Ikkje gjer dette heime» fekk ungane sleike på batteripolar og bruke brannslokkingsapparat mot skodespelarane. FOTO: AMUND GRIMSTAD

Den årlege «Aprilfestivalen» i Danmark, verdas største barneteaterfestival, er vel verd eit besøk.

Det er i stor grad slutt på den tida då barneteater skulle være pedagogisk for å drive oppseding i god moral eller lære den oppveksande generasjon å bli framtidig vaksenpublikum. I dag er barne- og ungdomsteater i hovudsak ein eigen sjølvstendig sjanger utan skjulte oppsedande eller moralske agendaer. Barneteatret Vårt i Ålesund, Tigerstadsteatret i Oslo, Cirka Teater i Trondheim og Brageteatret i Drammen har vore banebrytande i dette arbeidet. Men framleis ligg vi nok litt etter grannelandet vårt i sør der vi har mykje å lære.

«Aprilfestivalen» i Danmark er verdas største barneteaterfestival, ein skikkeleg happening for dei som er glad i og opptatt av teater for barn og unge. Heilt frå 1971 har den vore arrangert, og som ein ambulerande festival der store og mellomstore kommunar i Danmark bytter på å vere vertskap. I år var det Hjørrings tur, ein liten by mellom Aalborg og Hirtshals på Nord-Jylland. Gjennom ei veke var det 5-600 visningar av meir enn 150 ulike produksjonar laga av godt over 100 profesjonelle teaterkompani, i all hovudsak frå Danmark. Og hald deg fast, – alt er gratis! Dette er mogeleg fordi grannelandet vårt i sør har ei langt meir offensiv satsing på denne delen av scenekunsten. Arrangør er Teatercentrum, som er eit kompetansesenter under Kulturdepartementet, og vertskommunen. I tillegg er ASSITEJ, den internasjonale barne- og ungdomsteatersamanslutninga, med i planlegginga.

Budsjettet er på berre 5,5 millionar danske kroner, og når ein får så mykje teater ut av så lite, skuldast det at alle opptrer gratis, og det meste er basert på dugnad. For vertskommunane er det rett nok eit ganske stort eingongsutlegg, men med den enorme tilstrøyminga dei får, er dette småpengar mot kva dei tar att i anna omsetting. Og for dei mange teaterkompania i Danmark er dette også ein marknad for å selje inn produksjonane sine. Aprilfestivalen er ikkje kuratert. Det tyder at alle profesjonelle kompani som er del av den danske refusjonsordninga, kan kome og vise fram kva dei vil. Det gjer festivalen open og særs demokratisk, men ukritisk kvantitet kan sjølvsagt også gå utover kvaliteten. Det var ikkje eit inntrykk eg fekk av årets festival.

Dei siste tre dagane av festivalveka var det ganske hektisk. På seksten ulike stadar, frå hovudscena i det vakre, nyopna Vendsyssel Teater og til gymnastikksalar og skulerom, blei det kvart femtande minutt starta ein til fire framsyningar. Eg var så heldig å få vitje festivalen i år, og sjølv om eg berre rokk å sjå fjorten produksjonar er det likevel mogeleg å peike på nokre trendar.

Det første som slo meg er at i Danmark er barneteater noko du kan leve av og halde på med heile livet, medan det her heime i stor grad er unge entusiastar som driv kompania. Fleirtalet av produksjonane blei framført av godt vaksne heilt opp i pensjonsalderen og vel så det. Eg vil tru det tyder at dei økonomiske rammevilkåra for sjangeren er betre enn i Norge. Eit anna særtrekk var at maske- og figurteater var langt meir dominerande.

Det mest spennande ved denne sjangeren er at det unge publikummet er lett å få i tale. Medan vaksne synest deltaking er kleint, hungrar ungane etter det interaktive, og då kan alt skje. Og det gjer det også. Når dette blir kombinert med det politisk litt ukorrekte, litt banning i kyrkja og promping i salen blir sjangeren ofte på sitt beste. For ungane elskar både det skumle og det litt ulovlege. Som når dei fekk sleike på batteripolar, lime kvarandre saman med lynlim og bruke pulverapparat mot skodespelarane for å slokke brann. Dei små var i hundre, og sjølv kunne eg godt tenkt meg at eg var seksti år yngre.

I 2020 er festivalen i Holbæk, seks mil vest for København. For prisen av ei båtreise og eit par overnattingar kan du sjå så mykje barneteater du greier. Det er mangt å lære, og opplevinga er vel verd turen.

(Kommentarartikkelen stod i Klassekampen tysdag den 16. april 2019.)


Leave a Reply