Inni er dei like

TEATER

EIT LUKKA ROM: Når fem ulike personar blir stengde inne i eit skulebibliotek i ni timar, kan mykje skje. Og det gjer det. FOTO: ERIK ANDRÉ JAKOBSEN

«The Breakfast Club»
Studentersamfundets Interne Teater, Knaus
Av John Hughes
Omsett av Mari B. Djuve
Regi og bearbeiding: Mari B. Djuve
Scenografi: Eivind Olmhus og Guro Blikås
Kostyme: Marte Stalsberg
Med: Daniel Damvall, Hanna Gravem, Elise Hegstad, Viel Carlsen, Ola I. H. Mæhlen og Trygve J. Rønneberg

Ei på alle vis vellukka oppsetjing med stram og sikker regi, framifrå personinstruksjon og overraskande godt og detaljrikt spel.

Filmen «The Breakfast Club», som hadde premiere i 1985, blei særs populær i USA, og fekk etter kvart kultstatus. Det var ein film som tok ungdommen og dei ulike typane på alvor, og som samstundes synte at tilsynelatande ganske forskjellige tenåringar likevel sleit med akkurat dei same problema. Her heime fekk nok ikkje filmen same popularitet, og det skuldast kanskje at han, trass i mye av det ålmenne, likevel er ganske amerikansk, og ikkje minst den temmeleg problematiske avslutninga med eit lirum-larum av ein slags happy ending som ikkje stod heilt i samsvar med tematikken elles.

Nå har Studentersamfundets Interne Teater (SIT) sett opp stykket som teater på intimscena Knaus i Studentersamfundet i Trondhjem, og resultatet er blitt overraskande bra med ei herleg blanding av alvor og skjemt, god og stram regi og uvanleg god personinstruksjon og spel frå det vesle ensemblet. Eit overskotsproblem er det at ensemblet openbert ikkje var budd på at publikum ville respondere så kraftig. Skodespelarane må ta seg lengre pausar og vente til låtten har lagt seg.

Regissør Mari B. Djuve har flytta handlinga i den relativt enkle historia frå amerikansk high school til ein vidaregåande skole i Trondheim der fem heilt ulike elevar etter lektor Stabels (Trygve J. Rønneberg) meining har gjort seg fortente til å sitje att ein heil laurdag i skulens bibliotek der dei som straffeeksersis skal skrive ein stil på minst tusen ord om kven dei trur dei er. Dei fem er atleten Anders (Daniel Damvall), nerden Bjarne (Viel Carlsen), den tekkelege Klara (Elise Hegstad), den sære Andrea (Hanna Gravem) og pøbelen Jon Bender (Ola I. H. Mæhlen). Dei fem er som sagt heilt umake, dei kjenner ikkje kvarandre, og dei likar heller ikkje kvarandre. Men å sitje att i ni timar i eit lukka rom er som å bli sitjande fast i ein heis. Det er uråd ikkje å forsøke på ei form for kommunikasjon, og etter kvart løyser mykje seg opp, ganske ufriviljug opnar dei seg for kvarandre, og gjennom ei rekkje fornøyelege tablå, som også tidvis kan vere ganske alvorlege, lærer vi dei ulike ungdomane og lagnadane deira å kjenne. Og både dei og vi finn raskt ut at trass i ulik sosial bakgrunn, interesser og haldning, så er dei grunnleggjande like, faktisk overraskande like. Alle er i opposisjon til foreldra, dei er fanga i sine eigne og omgjevnadanes forventingar, og dei er livredde for å bli som foreldra sine.

Jamvel om det meste skjer i skulebiblioteket, – eit lukka rom, tar filmen også i bruk resten ave skulen, men på intimscena Knaus er ikkje det like enkelt. Så regissør Mari B. Djuve har vore nøydd til å ta nokre val, og stilisere ein del scener samstundes som ho har kutta i andre. Det er gjort effektfullt med oppfinnsam bruka av god scenografi, lyden frå tikkande klokker og ei blanding av strobelys og mørklegging. Slik greier ho å fortette forteljinga, skape god dramaturgi og gi naudsynt rom for sjølve innhaldet i historia. For det er handlinga, interaksjonen mellom dei fem, og den særs gode dialogen som først og fremst gjer dette så vellukka og spennande. Djuve har sjølv omsett teksten til eit levande, naturleg og munnleg språk. Personinstruksjonen hennar er framifrå, for dei fem spelar overtydande og viser tydeleg og truverdig dei ulike typane utan å hamne i overspel. Det er godt gjort, for alle dei fem er eigentleg ganske outrerte, kvar på sitt vis. Navet i handlinga og dialogen er pøbelen Bender som driv historia framover, kommenterer og provoserer dei andre, og som nok har den mest takknemlege, men også den mest krevjande rolla, imponerande framført av Ola I. H. Mæhlen. Både han og dei øvrige syner ein nyanserikdom i spelet som er sjeldan å sjå blant amatørar. Lektor Stabel er den einaste som blir karikert og overspela, og ettersom Trygve J. Rønneberg både spelar lektoren, og vaktmeistaren på skulen, er litt overspel ganske naturleg. Ved å nytte same person i dei to rollene som vaktmeistar og lærar, må Djuve kutte møtet mellom dei to, etter mitt syn ei av dei finaste scenene i filmen, ei scene som avslører vaksengenerasjonens dobbelmoral og menneskelege fallitt. Men framsyninga står seg likevel godt utan denne dimensjonen.

Mari B. Djuve har følgt narrativet i filmen, men samstundes gjort si eiga tilnærming, og det har ført til langt meir humor, mange fine detaljar i regigrepa og god dramaturgi og framdrift. Bruken av den ikoniske åttitalslåta «Forelska i lærer’n» (The Kids) der dansen tar heilt av, er ein liten sviske og eitt av mange regimessige høgdepunkt.

SIT har lagt handlinga til mars 1984, og det meste er tidsriktig og truverdig. Men når framsyningas målgruppe ikkje var født før i alle fall ti år seinare, får ein gamal teatermeldar bere over med at nokre av referansane og metaforane blei litt anakronistiske. Eg skreiv innleiingsvis at filmen hadde ein problematisk slutt som ikkje stod heilt til resten av innhaldet. Djuve og SIT har nok sett det same problemet, og freista å løyse det med eit litt surrealistisk rollebytte i avslutninga, noko som gjorde at eg blei sitjande att med ei undring i staden for irritasjon då det heile var over.

Oppføringa av «The Breakfast Club» er sjølvsagt bygd på filmens forteljing, men er blitt ei sjølvstendig og særs truverdig framsyning som står fullstendig på eigne bein. Det er ein velspela produksjon full av fine små detaljar, masse god humor, og samstundes med god plass til alvoret bak. Dette er ei oppsetjing som kunne ha fortent eit langt større publikum enn berre dei teaterinteresserte i miljøet rundt Studentersamfundet.

Leave a Reply