Humor og livsvisdom

TEATER

ENN HO, DA?: Rebekka peikar ut mogelege kjerringemne for Justin. FOTO: ESPEN STORHAUG

«Gud smiler»
Turnéteatret i Trøndelag, Verdal
Av Olav Duun
Dramatisering og regi: Otto Homlung
Musikk: Asgeir Skrove
Lysdesign: Simen Høy Aasheim
Med: Emilie Mordal og Kristoffer Hjulstad

Humoristisk og velspela om motgang og kjærleik.

I løpet av halvtanna år har Otto Homlung dramatisert og sett opp tre av Olav Duuns mindre kjente romanar for Turnéteatret i Trøndelag. «Hilderøya» frå 1912 var ei uferdig historie, men gjennom «På tvert» frå 1909 og «Gud smiler» frå 1935 har Homlung synt at fordommane vi ofte har mot Duun som tung og språkleg utilgjengeleg, er heilt feil. «Gud smiler», som hadde premiere tysdag, er blitt ei humoristisk, leiken, poetisk og vakker lita kjærleikshistorie.

Alle dei tre produksjonane er forsiktig dramatisert forteljarteater med berre to skodespelarar og nesten fri for scenografi og rekvisittar. I staden har diskré lyssetting av Simen Høy Aasheim og vakker musikk av Asgeir Skrove sett dei ulike stemningane, og det har fungert framifrå, kanskje spesielt godt i «Gud smiler».

Justin (Kristoffer Hjulstad) og Rebekka (Emilie Mordal) er jamgamle, veks opp i lag, og er både venner og som hund og katt, eller mest som sysken å rekne. At dei to er etla for kvarandre er openbert for alle andre enn dei sjølve, og vi følgjer dei frå barndommen der Justin bur på den litle garden Bunese, og mistar både far og mor i ganske ung alder, medan Rebekka veks opp i fattigdom, og etter kvart finn seg både arbeid og bustad på Bunese. Men par blir dei ikkje, sjølv om Justin nok skulle ønske det. Nesten i sjalusi giftar han seg med ei anna, og Rebekka får etter kvart også sitt eige liv. Men så døyr kona til Justin, og ved et reint slumpetreff møter han att Rebekka. Meir skal eg ikkje røpe, og korleis det går er heller ikkje det viktigaste, men alt som skjer med menneska undervegs.

Eg har berre skumlese ein del av kapitla som er brukte i oppsetjinga, men finn det openbert at Otto Homlung har gjort eit framifrå arbeid med dramatiseringa. Samstundes som han er tru mot tematikk og innhald, har han reindyrka humoren, fjerna det litt omstendelege forteljargrepet og gjort Duun langt meir tilgjengeleg. Slik har han skapt ei historie som er forbausande lett å kjenne seg att i, full av fine aforismar, språkblomster, kloke onelinerar og masse humor. Og ei forteljing som, sjølv om ho er ålmenn og omhandlar menneska på alle nivå i livet, treff spesielt godt hjå ungdommen. Det passar bra, for etter turné i Trøndelag skal framsyninga bli vist i Den kulturelle skolesekken.

Hjulstad og Mordal spelar overtydande, og denne gongen har Homlung insistert på at det skal spelast på namdaling, ei utfordring dei to tek på strak arm. Hjulstad er den litt romantiske forteljaren, full av pågangsmot og energi, medan Mordal er langt meir leiken, kontrær og vanskeleg å forstå seg på. Saman gjer dei dette til ei vakker lita teateroppleving.

(Meldinga stod i Klassekampen fredag den 1. mars 2019.)

Leave a Reply