Tid for handling

TEATER

APPLAUS ELLER BUING: Det går heftig for seg på folkemøtet om byens kurbad. FOTO: TINGH

«En folkefiende»
Teatret Vårt, Arbeideren, Ålesund
Av Henrik Ibsen
Tilrettelagt av Philipp Stengele i samarbeid med ensemblet, Linn Pettersen og Cecilie Lundsholt
Regi og konsept: Philipp Stengele
Scenografi og kostyme: Freya Busby
Med: Inga-Live Kippersund, Hedda Sandvig og Elisabet Topp

Ei humoristisk og sterkt komprimert framsyning som eg trur vil treffe tenåringsmålgruppa.

Teatret Vårt held fram med å presentere klassikarane for eit yngre publikum. I 2016 sette dei opp William Shakespeares «Othello» for tenåringar, og året etter var det «Hamlet» for seksåringar. Båe produksjonane fekk Heddanominasjonar. Nå har dei tatt for seg «En folkefiende» av Henrik Ibsen, og tilrettelagt det for ungdom frå 13 år og oppover. Som i «Othello» er det Philipp Stengele som har gjort tilarbeidinga og har regien, og i ein ganske komprimert einaktar på berre fem kvarter har han greidd å få med seg det meste, å vere ganske tru mot Ibsen, og samstundes treffe målgruppa.

Dei fleste som i ung alder les eller ser «En folkefiende» blir gripne av den sanningssøkande og kompromisslause badelegen Tomas Stockmann som oppdagar at vatnet er forureina og som vil gjere noko med det. Så møter han uventa motstand både frå broren Peter, som er styreleiar for badet og byfogd, og frå det som skulle vere ei fri presse, men som lograr villig for makta. Her skreiv Ibsen om ein miljøvernar og ein varslar alt i 1892! Men med ei slik tolking, blir avslutninga av dramaet litt uforståeleg når Tomas endar opp som ein gal elitist som meiner at han åleine veit og at den sterkaste er den som står mest åleine. Stengele har laga ein ny vri på dette. Når vi kjem til finalen og Tomas går frå konsepta, står Petra, dotter hans, fram som ein representant for ungdomen og framtida, og avsluttar med replikken: – det er tid for handling. Kanskje ikkje heilt Ibsen, men ein heilt grei vri som går rett heim hjå publikum.

Ibsen skreiv opphaveleg «En folkefiende» som ein komedie, og mange har freista å spele stykket slik, men få har lukkast. Stengele får det til. Han nyttar berre tre aktørar, alle kvinner, til å spele heile sju roller. Elisabet Topp, Hedda Sandvig og Inga-Live Kippersund vekslar på rollene, og er alle tre innom dei fleste, samt at dei nokre gongar unisont framstiller same person, som i ein herleg og ganske komisk framstilling av svigerfaren, Morten Kiil, som eit troll med tre hovud. I ein enkel scenografi av tomme ølkasser som er lette å ommøblere, blir dramaet spela ut som ganske fysisk teater, i stort tempo, og med akkurat passe overspel til få fram komikken utan å misse innhaldet. Ein skulle tru det ville vere vanskeleg å henge med i kven som var kven, men det er det faktisk ikkje. Og at oppsetjinga spelar aktivt på publikum som del av møtelyden, eller den kompakte majoritet, gjer at innlevinga og konsentrasjonen blir større hjå ungdommane i salen.

(Meldinga stod i Klassekampen tysdag den 5. februar 2019.)

Leave a Reply