Kva er sivilisasjon?

TEATER

SIVILISASJON?: Representerer desse to den høgste form for menneskeleg sivilisasjon? FOTO: TERJE VISNES

«Det latterlige mørke»
Trøndelag Teater, Gamle scene
Av Wolfram Lotz
Omsett og regissert av Jonas Corell Petersen
Scenografi og kostyme: Nia Damerell
Musikk Lasse Marhaug
Lyddesign: Jan Magne Høynes
Lysdesign: Øyvind Wangensteen
Med: Ida Cecilie Klem, Håkon Ramstad, Kenneth Homstad, Ragne Grande, Janne Kokkin og Hans Petter Nilsen

Ei utfordrande og delvis utmattande framsyning som verkeleg gjer noko med deg slik godt teater skal gjere.

For fem år sia skreiv den unge tyske dramatikaren Wolfram Lotz dramaet «Det latterlige mørke» som i forteljinga kviler godt på Joseph Conrads kortroman «Heart of Darkness» frå 1899 og Francis Ford Coppolas film «Apocalypse Now» frå 1979, båe sterkt politiske og opptekne av sivilisasjonsprosjektets mange motseiingar. Joseph Conrads roman frå ein ekspedisjon på Kongoelva, var, trass i seinare påstandar om rasisme, medverkande til at den belgiske Kong Leopolds private koloni «Fristaten Kongo», eitt av dei mest brutale og inhumane imperialistiske prosjekt som har eksistert, blei avvikla få år etter. Og Francis Ford Coppolas prisvinnande film om ein tilsvarande ekspedisjon opp Nùngelva og inn i Kambodsja under Vietnamkrigen, er blitt ikonisk og ein av dei viktigaste antikrigsfilmane som er laga. Med dette som bakteppe, har Wolfram Lotz tatt forteljinga vidare til Afghanistan. Og i tillegg til Conrad og Coppola, er her attkjennelege element frå både Samuel Beckett og kanskje særleg frå Eugène Ioenscos meir humoristiske, absurde teater Nå har Trøndelag Teater sett opp stykket i regi av Jonas Corell Petersen, og det er blitt ei framsyning som er både utfordrande og delvis utmattande, men samstundes særs godt teater.

Vi blir med den tyske kommandørsersjanten Oliver (Håkon Ramstad) og assistenten hans, Stefan (Kenneth Homstad) på ei reise opp ei fiktiv elv (som eigentleg er eit fjell) i Afghanistan på leiting etter den galne offiseren Deutninger (Ragne Grande) som har forskansa seg langt inne i jungelen. Men først skal vi til ein tysk rettssak der Ultimo (Ida Cecilie Klem), med diplomstudium i pirateri (ja, du las rett) frå Mogadishu, freistar å forsvare seg mot tiltalen om at ho og kameraten Tofdau har borda eit tysk lasteskip. I ei humoristisk metaform fortel ho den ganske absurde historia si der ho spelar uhemma både på suffli og sal. Men så er vi med eitt i Afghanistan og følgjer Oliver og Stefan, som i brautande militær framferd tek seg opp den fiktive elva. Det er ei reise som er vel så mye mental som fysisk. Undervegs møter dei mangt og mykje, og den eine absurde situasjonen blir avløyst av den neste, toppa av møtet med Reverend Carter (Hans Petter Nilsen), som gjer ein herleg parodi på ein misjonær.

Framsyninga har eit utal referansar til likt og ulikt, og absurde hendingar og situasjonar står formeleg i kø. I utgangspunktet er her masse humor, men etter kvart utfordrar regissøren oss med dvelande ubehag. I ein sju minutts sekvens sit vi i stummande mørke, medan vi blir bombarderte med Lasse Marhaugs intense musikk og lyd. På premieren var det ein publikummar som ikkje greidde å halde seg lenger, og som måtte sjekke mobilen, berre for straks å oppdage at han med det lyste opp heile salen, og difor klappa att telefonen like raskt som han var opna. Slik blei publikum ein ufriviljug, men særs viktig kommentar til oppsetjingas problematisering av kva som er kultur, danning og sivilisasjon. Det er nesten så ein skulle tru opptrinnet var programmert.

Jonas Corell Petersen har fleire slike utmattande scener, akkurat så mykje for lange at dei kan få publikum til å bli aktive deltakarar. Og etter det stummande mørket, som var langt frå latterleg, kom det meir alvor, for nå er vi på veg djupt inn i jungelen. Nia Damerells juleglitteraktige scenografi endrar karakter og blir dystrare, og eit hestekadaver som blir piska i det uendelege får nok ein gong ubehaget i salen til å vekse.

Når det heile går mot slutten, den galne offiseren er funne, og vi lurer på kva opninga med dei to somaliske piratane hadde med dette å gjere, dukkar den andre piraten, Tofdau (Janne Kokkin) opp. Han fall i havet og forsvann under bordinga, men det synte seg at havet ikkje berre var tomt for fisk, men også for vatn (!), så han har like godt spasert på havets botn heilt til Afghanistan.

Det er eit strålande opplagt ensemble som framfører stykket, og særleg er samspelet mellom Håkon Ramstad og Kenneth Homstad ei oppleving i seg sjølv, brautande og naivistisk på same tid. Nia Damerells scenografi er både illustrerande og mangefasettert, og samstundes det ein kan kalle det stygges estetikk. Og i botn av heile framsyninga ligg ein kraftig sivilisasjonskritikk der det er eit særs ope spørsmål kva for kultur som representerer humanisme og sivilisasjon. Oppsetjinga får meg til å tenkje på svaret som er tillagt Mahatma Gandhi då han ein gong blei spurt av ein journalist kva han meinte om vestleg sivilisasjon. Etter å ha tenkt seg om, svara Gandhi: Det ville ha vore ein god idé!

(Ei litt kortare utgåve av denne meldinga stod i Klassekampen tysdag den 12. februar 2019.)

Leave a Reply