Ei skikkeleg trønderskrøne

TEATER

PÅ GALEIEN: Ynglingen Peter Wessel (Lisa Tønne) på veg til København for å gjere det store. FOTO: ERIKA HEBBERT

«Tordenskjold – alle tiders trønder»
Trøndelag Teater, Hovudscena
Av Mads Bones og Olve Løseth
Musikk: Kyrre Havdal
Regi: Mads Bones
Scenografi: Katja M. Ebbel Fredriksen
Kostyme: Christina Lovery
Lysdesign: Eivind Myren
Koreograf: Belinda Braza
Kapellmeister: Åsmund Flaten
Med: Lisa Tønne, Mari Hauge Einbu, Olve Løseth, Silje Lundblad, Øyvind Brandtzæg, Ingrid Bergstrøm, Dag Ingebrigtsen m.fl.

Eit oppkome av sjølvironi, absurditetar, gags, ordspel og god musikk.

Heldig er Trøndelag Teater som har trioen Mads Bones, Olve Løseth og Kyrre Havdal i sin midte. I fjor skreiv dei ein song som skapte folkeleg entusiasme for ei fylkessamanslåing(!), og bak seg har dei alt fleire lausslopne og humoristiske teaterproduksjonar, toppa av den årvisse spelparodien «Slaget på Testiklestad». Nå har dei kasta blikket på sjøhelten Peter Wessel Tordenskjold og laga ein musikal dei kallar ein «skrønike», ei regelrett skrøne der historia om Tordenskjold er meir ei orsaking for å kunne lage den ultimate Trondhjæmsmusikalen enn å vere biografisk korrekt.

Det er ei storslått og påkosta framsyning der korkje teateret eller forfattarane har spart på noko. Og her ligg også den einaste innvendinga, for i iveren etter å finne gode poeng, er dei nok blitt litt ukritiske, samt at det er eit ope spørsmål om suppa, eller trøndersodden, dei serverer, er kokt på Tordenskjold eller ein spikar. Historia er tunn, men la det liggje for alt det andre er oppfinnsamt, underhaldande, humoristisk, og faktisk også fylt med masse kritisk undertekst.

I utgangspunktet følgjer vi den fjorten år gamle Peter frå han rømmer med kongen i 1704, tar sjøkrigsutdanning, blir helt og adla, og døyr i duell i 1720. Men det meste er fri dikting, for her skal det vere skråblikk på nærast alt og alle i stiftsstaden frå Olavskulten, Adrian Posepilt, Thomas Angell og til Rita Ottervik og Liv Ullmann. Det var nesten berre Hjallis som mangla.

I Mads Bones’ regi er det trass omfang og lengde, likevel blitt ei forbausande stram framsyning. Katja M. Ebbel Fredriksens scenografi er omfattande og fargerik og tek oss til kloster, kryptar, krigsskip og kongens København i saumlause skift. Kyrre Havdals musikk sit som eit skot, song- og dansenumra er storslagne og spektakulære, timing og spel er framifrå, og ein del av rolletolkingane er humoristiske perlar på særs høgt nivå, som Silje Lundblads parodiar på kong Karl XII og Rita Ottervik, Øyvind Brandtzægs treffsikre kong Frederik IV, Ingrid Bergstrøms Gyldenløve og Liv Ullmann samt Olve Løseths kaptein Alfahann (Sabeltann) og ultrafeminine Thomas Angell. Mari Hauge Einbu gir ei solid tolking av Live, Peters livslange venn og fortrulege og ein fornuftas moderator. Og midt oppi det absurde kaoset finn vi Lisa Tønne med lauspenis og svak skjeggvekst som den perfekte Tordenskjold. At ho er ein dyktig komikar er vel kjend, men her syner ho skodespelarkunst av høg klasse.

(Meldinga stod i Klassekampen tysdag den 29. januar 2019.)


Leave a Reply