Når festen tek slutt

TEATER

BAD TASTE: Ibrahim Fazlic byr på fest og seg sjølv, og publikum let seg villig bli med. FOTO: PIA MARTINE GAUTIER BJERKE

«prty lyf»
Teaterhuset Avant Garden, Trondheim
Av og med Ibrahim Fazlic
Scenografi: Martinus Suijkerbuijk
Lysdesign: Anniken Arnøy
Musikar/DJ: Pedro Sanmartin

Ein anekdotisk monolog full av gullkorn, bad taste og intelligent tomprat.

Alt som 18-åring i 2012 gjorde Ibrahim Fazlic seg bemerka då han skreiv og fekk oppført ein einaktar på Trøndelag Teaters «Unge dramatikere», og samstundes spela i ei av dei andre oppsetjingane. Året etter stod han nok ein gong på same scene, og eg beit meg merke i han fordi han hadde eit heilt spesielt scenisk nærvær. Så blei det stille ei stund medan han tok teaterutdanning på Nord universitet, men det siste året har eg sett han i tre totalt ulike produksjonar der han i alle gjorde sterkt inntrykk. Nå har han laga si første heilaftans soloframsyning, og torsdag var det urpremiere på Teaterhuset Avant Garden i Trondheim.

Oppsetjinga heiter «prty lyf», og i snaue to timar inviterer Fazlic til ein dommedagsfest over ei verd i forfall, eit postsivilisatorisk samfunn der alt går til helvete. Mot eit bakteppe der «SUFFER» står i lysande bokstavar, er spørsmålet hans om vår kvite middelklasse eigentleg har rett til liding. I staden er det hemningslaus fest, rus, nyting og flukt frå røyndomen. Gjennom ein omfattande anekdotisk monolog med både gullkorn, bad taste og intelligent tomprat, og der han stadig kjem med små stikk mot det politisk korrekte, byr han opp til dans i dobbel tyding. Og publikum let seg villig forføre. Interaktivt teater for vaksne kan ofte bli ganske kleine greier, men gjennom humoren, flørtinga med salen og eit unikt publikumstekke får Fazlic opp stemninga slik at vi verkeleg kjenner oss som på fest, tek del i karaoke, vasspistolkrig og meir til, og blir etter kvart med på alt han inviterer til.

Men sjølv dei heftigaste festene har sine melankolske og meir mollstemte parti, og slik også her når Fazlic etter kvart også byr ganske mye på seg sjølv. Som kontrast til den hedonistiske feststemninga blir dette særs gripande parti, og når han etter ei stund vender seg til publikum og spør: «Kain æ få en klem av nån?», så er det ikkje noko vi heller vil.

Fazlic kjenner og nyttar scenekunstens mange konvensjonar og nettopp difor blir det også så sterkt når han stadig, og uventa, bryt med dei. Framsyninga er eit overskotsfenomen, full av uventa vendingar der kanskje finalen er den tydelegaste. Alle festar tek slutt, og som oftast blir det ein skikkeleg nedtur. Slik også her der det meste går gale og Fazlic samstundes, i eit herleg metanivå, er pinleg klår over at det i salen sit både teatersjef, teatermeldarar og folk frå Dramatikkens Hus.

Ibrahim Fazlic har laga ein intelligent og velspela monolog, kanskje litt i lengste laget, og som med hell kunne ha blitt stramma noko inn, men der han på eit heilt uforklårleg vis får publikum i tale, og gjennom alle dei små anekdotane samstundes får sagt mye vesentleg om samtida.

(Meldinga stod i Klassekampen laurdag den 17. november 2018.)

Leave a Reply