Trua på det leikne

TEATER

ER DU NØTT: Nøttegeneralen som quizmaster var eitt av dei mange hysterisk artige tablåa der Olve Løseth fekk ta ut det meste og vel så det. FOTO: MARCO VILLABRILLE

«Nøtteknekkeren»
Trøndelag Teater, Hovudscena
Av Mads Bones, Matilde Holdhus og Olve Løseth
Musikk: Kyrre Havdal
Songtekstar: Mads Bones
Regi: Mads Bones
Scenografi: Bård Lie Thorbjørnsen
Kostyme: Christina Lovery
Koreografi: Martha Standal
Lysdesign: Eivind Myren
Med: Mira Dyrnes Askelund, Jon Lockert Rohde, Olve Løset, Ida Göransson, Trond-Ove Skrødal, Natalie Roland Bjerke, Ole Christian Gullvåg, Isak Holmen Sørensen, Per Bogstad Gulliksen, Andreas Tønnesland, Maria Omarsdottir Austgulen m. fl.

Ei framsyning som har det meste, og der Trøndelag Teater ikkje har spart på noko.

For fem år sia sette skodespelarane Mads Bones og Olve Løseth, dramaturgen Matilde Holdhus og komponisten og kapellmeisteren Kyrre Havdal opp «Nøtteknekkeren» som ein julemusikal på Trøndelag Teater. Det var ein ekstremt fri parafrase over E.T.A. Hoffmanns eventyr og Peter Tsjajkovskijs ballett, ei surrealistisk framsyning som eg sjølv valde å kalle «Dickens på syre», for det var nettopp det det var. Oppsetjinga blei ein publikumssuksess, og for tre år sia fekk vi ein ønskereprise som blei like populær. Nå har det same teamet laga ein ny produksjon, og som alltid ved slike høve insisterer dei på at dette ikkje er nokon retake, men ein heilt ny oppsetjing, noko som alltid syner seg å vere ganske langt frå sanninga.

Men ikkje denne gongen. Her er berre skjelettet, og knapt nok det att av den opphavelege handlinga, og Kyrre Havdal har skrive fleire nye songar med tekstar av Mads Bones. I tillegg er det gjort store endringar i castinga. Og scenografi, kostyme, lyssetting og ikkje minst koreografien er løfta mange hakk slik at det nå er blitt ei mye meir komplett og einskapleg framsyning medan den første versjonen i langt større grad var ei vareoppteljing av gode påfunn.

Men det som etter kvart gjer at du berre lener deg attende og kosar deg med intelligente ordspel, stor humor, godt spel og ei visuell lise, opna ganske traust og noko overspela. Det er litle julaftan, og på kjøkenet hjå rikmannsfamilien Rubbelbit fekk vi presentert ein tenarstab som kunne få klasseskilnadane i Downton Abbey til å framstå som eit sosialdemokratisk paradis. Og då den Hitlerliknande Rubbelbit sjølv (Trond-Ove Skrødal) dukka opp, tenkte eg at dette blir for mye av det gode. Men så avtok overspelet, Olve Løseth som kokken fekk synt heile registeret av sitt komiske talent, og etter at Ruben Rubbelbit (Ole Christian Gullvåg), litlebror til husets herre dukka opp saman med sin openbert homofile venn Ludvig (Isak Holmen Sørensen), gjekk det berre ein veg. Medan første tapping var ei vareoppteljing av sprø påfunn, var dette ein systematisk, logisk (i den grad det går an å nytte slike omgrep om det ganske absurde), og utsøkt samling av overraskande, artige og gode, men samstundes framleis minst like ville påfunn.

Introen frå den langt frå idylliske førjulskvelden i rikmannsfamilien synte seg å vere berre ein ouverture til det nivået der den eigentlege handlinga fann stad. Det er kome rotter i kjellaren, og den herskesjuke rottekongen, av ymse grunnar ikkje heilt ulik herr Rubbelbit, vil ta makta frå julenissen, og det gjer han ved å leggje nissen i koma. Dei verkelege heltane i historia er Maria, barnearbeidar og dotter av kokken, glitrande formidla av Mira Dyrnes Askelund, og Nøtteknekkaren som er meir som ein leike enn ein bruksgjenstand, overtydande personifisert av Jon Lockert Rohde. Dei set ut for å redde nissen og nedkjempe rottekongen, og på klassisk barneteatervis møter dei ulike hindringar dei må løyse, eller for å vere meir presis: – nøtter dei må knekke, og i eit slags metanivå eller underjordisk leikeland får vi presentert det eine tablået meir spektakulært enn det andre. Medan Nøtteknekkaren bokstaveleg talt er ein treskalle, er han god til fysisk å knekke nøtter. Maria derimot, er skarp, ein annleis type nøtteknekkar med blikk for det subtile i nøttene, og sjølv om faren meiner at ho i julespelet som tenarstaben set opp for sjølvfolket, er forbausande lite profesjonell til å vere debutant (!), er det likevel akkurat det ho er. Proff!

Kyrre Havdal har skrive ein del nye melodiar, og er sjølv ein sikker musikalsk leiar. Songinnslaga er godt integrert i handlinga, og til og med dei fem yngste statistane, Sprellemannen, Ballerinaen, Leikeflyet, Trollet i eska og Jojoen, framfører songane klokkeklårt og reint. God personinstruksjon og trygge ungar gjer at dei også framstår særs sjarmerande, noko som er med på å gi oppsetjinga det vesle ekstra som ei god juleframsyning skal ha.

Trøndelag Teater har ikkje spart på noko i denne produksjonen, og det er kvalitet i alle ledd. Særleg er eg imponert over den visuelle opplevinga dette var. Christina Lovery har laga kostyme som er fantasifulle, fargerike og som verkeleg løftar framsyninga. Og sjølv om Bård Lie Thorbjørnsen har fått ein nominasjon og to Heddaprisar for tidlegare arbeid på Trøndelag Teater, har eg aldri sett ein så omfattande og fantasirik bruk av dreiescena som den han har laga nå. Med god hjelp av Eivind Myrens fine lysdesign og Pekka Stokkes videodesign blir scenografien ei sanseleg opplevingsreise av dei sjeldne. Og for å ytterlegare understreke det visuelle inntrykket har Martha Standal laga utsøkt koreografi som for denne meldaren toppa seg med Trond-Ove Skrødals steppedans.

Trass i ein litt omstendeleg og overspela start, tok denne versjonen av «Nøtteknekkeren» verkeleg tak i meg etter kvart. Dei fire bak prosjektet har tatt vare på det beste frå den første versjonen og reindyrka konsept og historie. I Mads Bones’ omfattande og sikre regi er dette blitt ei framsyning som er minst like underhaldande for vaksne som for barn, og som trass i at det framleis er seks veker til jul og ikkje eit snøfnugg å sjå, likevel fekk denne meldaren til å få ein ørliten flik av julestemning. Men mest av alt kosa han seg med godt og underhaldande teater. Og for dei som måtte vere redd for at julenissen skulle liggje i koma, kan eg forsikre om at det gjer han ikkje lenger, og at det blir jul i år også.

Leave a Reply