Kaotisk og klårtenkt

TEATER

KAOS: Handlinga finn stad i eit kaotisk hovud som tidvis likevel er forbausande analytisk og klårtenkt. FOTO: STIG HÅVARD DIRDAL

«04:48 Psykose»
Rogaland Teater, Intimscena
Av Sarah Kane
Omsett av Jon Fosse
Regi og bearbeiding: Eline Arbo
Scenografi og kostyme: Katja Ebbel Fredriksen
Musikalsk ansvarleg: Thijs van Vuure
Med: Ragnhild Tysse, Ingrid Unnur Giæver og Svein Solenes

Ei tekstrik og innsiktsfull oppsetjing der det er lett å sjå smerta, men ikkje like lett å kjenne henne.

Den britiske dramatikaren Sarah Kane blei ikkje meir enn 28 år før ho i 1999 avslutta sitt eige liv, og ho rokk berre å skive fem drama og eit filmmanus. Jamvel om ho ikkje opplevde særleg suksess medan ho levde, blir ho i dag rekna som ei av dei viktigaste teaterrøystene i si samtid. Ho skreiv svart og dystopisk, og «04:48 Psykose» handlar om eit særs depressivt og suicidalt menneske der tittelen peikar på det tidspunktet om morgonen då mange vel å avslutte livet, den såkalla vargtimen før det livgivande lyset kjem attende og dagen gryr. Stykket blei skrive rett før Kane tok sitt eige liv og blei ikkje framført før året etter. Det er sjølvsagt tilnærma umogeleg å ikkje ha forfattarens eigen lagnad som bakteppe når ein ser oppsetjinga av «04:48 Psykose».

I Rogaland Teaters oppsetjing møter vi tre skodespelarar. Det er hovudpersonen (Ragnhild Tysse) som har mange ulike identitetar, og i alle fall tre meir tydelege enn resten. Vi møter henne i hovudsak som ei ung kvinne (forfattarens alter ego?), men også i retrospekt som barn, og som ein mogeleg framtidig mann. Ettersom heile handlinga går føre seg inne i eit sjukt hovud, er vekslingane relativt saumlause og ikkje alltid like lette å henge med i. Dei to andre på scena (Ingrid Unnur Giæver og Svein Solenes) spelar resten av hovudpersonens næraste kosmos, det er venner, psykologar, legar, anna helsepersonell og kommenterande omgivnadar, folk ho spelar på og samtalar med, kanskje reelt, og kanskje berre i sitt eige hovud.

Den scenografiske løysinga er eit langstrakt, rektangulært og ope scenerom der både golv og veggar er måla i fersken, der dei einaste rekvisittane er nokre kombinerte lys- og mikrofonstativ, og der to lag med transparente plastdraperi kan skyvast sidevegs. I dette relativt tomme og sterile rommet, som likevel har ein viss varm lød, får vi presentert hovudpersonens tankar, kjensler, lengt og smerte, eit motsetnadsfylt kaos der mangelen på og lengta etter kjærleik er det gjennomgåande. I prinsippet kan ein seie at framsyninga er hennar litt usamanhengande monolog, kontrastert og kommentert av dei to representantane for alle dei andre, berre avbrote av utsøkte små musikalske innslag og ein symboltung bruk av xylofon. Det er ei tekstrik framsyning der hovudpersonen i overtydande grad greier å reflektere over eigen situasjon. I innsiktsfulle og metaforiske vendingar kjem ho med eigenanalysar og onelinerar som at ho druknar i ein sjø av logikk, at ho trudde at det var stille heilt til det blei stille, og at ho lenge har vore død, men nå vil bli det fysisk.

Slik blir oppsetjinga ein oppstykka og ikkje heilt samanhengande samtale mellom det rasjonelle og det sjuke, heile tida kommentert og delvis motsagt og kontrastert av dei to andre. Og så merkeleg det enn kan høyrast, framført med ganske mye varme og ein god porsjon humor. Med så få fysiske verkemiddel, har regissør Eline Arbo valt å gjere Sarah Kanes tekst til det viktigaste og berande og der det motsetnadsfylte i han får stå som uløyste spørsmål.

Omsetjinga er ved Jon Fosse, eit arbeid han gjorde for Rogaland Teater då barne- og ungdomsteateret deira hadde norgespremiere på oppsetjinga for 15 år sia. Men Eline Arbo har bearbeidd Fosses nynorsk til ulike dialektar for å kunne skilje rollene frå kvarandre, eit val som fungerer godt. Det er ei blanding av daglegdags munnleg språk, og litt pompøse vendingar frå hovudpersonen når ho blir på det mest metaforiske.

Skodespelarane er truverdige og trygge i rollene, Tysse som den lengtande og analytiske, men samstundes desperate og kaotiske, medan Giæver og Solenes er langt meir leikande og kan vere både hovudpersonens indre stemmer, og alle folka utanfor. Alt dette fungerer godt og forståeleg, men både i framføringa, og eg vil tru også i Kanes tekst, er det ein intellektuell og ganske kjøleg distanse til det som faktisk skjer. Dette gjer at eg heilt tydeleg ser hovudpersonens smerte og lengt etter kjærleik, men eg kjenner det ikkje. Det som skjer på scena kjem aldri under huda på meg, og eg vil tru at Arbo og teateret hadde høgare ambisjonar enn berre å lage ein velspela situasjonsrapport om eit menneske på randa.

(Meldinga stod i Klassekampen måndag den 12. november 2018.)

Leave a Reply