Kjærleik og død

TEATER

FLØYEL OG KANDELABRE?: Omgjevnadene er ikkje avgjerande om kjærleiken er stor nok. FOTO: STIG HÅVARD DIRDAL

«Romeo og Julie»
Rogaland Teater, Hovudscena
Av William Shakespeare
Regi: Glenn André Kaada
Scenografi og kostyme: Sven Haraldsson
Med: Ole Christoffer Ertvaag, Ingrid Unnur Giæver, Nina Ellen Ødegård, Iren Reppen, Anders Dale med fleire.

Ei framsyning med fleire spennande regival som ikkje alltid er like godt løyst.

Rogaland Teaters «Romeo og Julie» tar oss til ei søppelfylling i Verona der vi møter dei rivaliserande familiane Capulet og Montague i joggebukser og «ganz unten». Slik syner regissør Glenn André Kaada oss situasjonen og intrigen, meir enn tida og staden. I eit hav av søppelposar, og i ei herleg blanding av William Shakespeares bundne verseform og langt meir munnleg og direkte tale, målar aktørane ut handlinga forbausande tru mot originalen, men likevel med ein god distanse. Her er korkje maskeradeball eller fektescener. Og kjende tablå som balkongscena og giftdrikkinga i krypten blir ikkje rituelle øvingar, men i staden heilt integrerte i handling og framdrift utan at framsyninga mistar dramaturgi.

Romeo og Julie blir oftast framført av små og tunne skodespelarar som skal illudere den heilt pubertale ungdomen. Også her har Kaada gjort andre, og gode val. Ole Christoffer Ertvaag og Ingrid Giæver er ganske vaksne og mogne ungdommar som difor også blir meir truverdige i dei sterke eksistensielle vala dei tar. Sjølv om dei er to likeverdige unge elskande, er det ofte Julie som blir den mest interessante av dei. Det er mogeleg dette skuldast kjønnsperspektivet, for Julies val er nok meir kontroversielle enn Romeos, og det får vi tydeleg sjå i denne oppsetjinga der Ingrid Giæver i debutrolla si, rett frå Teaterhøgskolen, leverer ei overtydande tolking av den kompromisslause og særs vanskelege kjærleiken.

Sjølv om «Romeo og Julie» er tidenes kjærleikstragedie, er korkje originalteksten eller denne oppsetjinga utan humor. Tvert om. Iren Reppen gjestar teateret i rolla som ei omstendeleg, men særs leiken og humoristisk amme. Anders Dales entré som presten Lorenzo var eit herleg døme på alle dei kontrastane Kaada har valt å spele på. Og det heile toppar seg med Nina Ellen Ødegårds androgyne og fullstendig infame tolking av Mercutio.

Scenografien til Sven Haraldsson er relativt enkel, ein videoskjerm, eit hav av plastposar og ein krypt som vi fekk sjå via ei litt søkt video-overføring. Søppelberget fungerte i hovudsak godt, men var kanskje noko sterilt. Med alle desse reine plastposane var det ikkje mye som kunne illudere skit og illelukt.

«Romeo og Julie» i Glenn Andre Kaadas regi er blitt ei litt sprikande og rar framsyning. Mange av regivala er gode, men jamvel om søppelfyllinga kanskje berre er ein metafor, er det litt for mange premiss og logiske brester vi må godta. Når gamle Capulet bur på ei søppelfylling, og samstundes trugar Julie med å gjere henne arvelaus om ho ikkje vel den friaren han ønsker, blir det eit ufriviljug komisk trugsmål. Eg har også problem med å sjå kva, eller kva nytt, Kaada vil fortelje oss. Men samstundes er det i denne ganske kontrastfylte oppsetjinga mange strålande einskildscener, og tidvis også mye god underhaldning.

(Meldinga stod i Klassekampen laurdag den 8. september 2018.)

Leave a Reply