Menneskeleg vondskap

TEATER

GODT VS. VONDT: Ragnhilds utstrekte hender hjelper lite mot Didriks infame vondskap. Tale og Håkon står tagale og ser på. FOTO: ERIK BERG

«Medmenneske»
Trøndelag Teater, Hovudscena
Av Olav Duun
Dramatisering og regi: Runar Hodne
Scenografi: Serge von Arx
Lysdesign: Andreas Fuchs
Kostyme: Maria Gyllenhoff
Med: Ragne Grande, Trond-Ove Skrødal, Jon Lockert Rohde, Hildegunn Eggen, Silje Lundblad, Per Bogstad Gulliksen, Mira Dyrnes Askelund, Wenche Strømdahl, Hans Petter Nilsen, Ole Christian Gullvåg og Andreas Tønnesland

Ei dramatisering som berre dels greier å ta vare på Olav Duuns univers.

Mange har freista å gjere teater av Olav Duuns storslagne romanar, men i det meste av det eg har sett, er bøkene langt å føretrekke. Nå har Runar Hodne dramatisert «Medmenneske» frå 1929, ein roman Duun sjølv dramatiserte for Det Norske Teatret i 1935. Laurdag var det premiere på Trøndelag Teater der Hodne også hadde regien. Trass i mange framifrå skodespelarprestasjonar, blei det diverre ei framsyning som berre dels greier å formidle handling og problemstillingar frå Duuns univers.

«Medmenneske» handlar om ei lita grend der Håkon (Jon Lockert Rohde) og kona Ragnhild (Ragne Grande) driv garden Stavsund, og der foreldra hans, Didrik (Trond-Ove Skrødal) og Tale (Hildegunn Eggen) bur på kåret. Ungfolket vil utvikle garden, men det vil også kårkallen Didrik, personifiseringa av alt som heiter vondskap, og gjennom intrigar, løgn og utruskap driv han sitt skitne spel medan omgjevnadane hjelpelaust ser på. Berre ei står rank i mot. Der Didrik er gjennomgåande vond, er Ragnhild hans motstykke, eit verkeleg godt menneske som vil alle vel, og som trur på det gode. Gjennom ein komplisert og lang intrige endar det heile opp med at Ragnhild likevel drep Didrik, ikkje for eiga vinning, men for å hjelpe Håkon og resten av menneska rundt henne. Men «Ein drep ikkje det vonde med øks», og drapet blir inga løysing. I romanen rullar Duun ut eit mangefasettert persongalleri der alle har sitt å streve med. Han held fram den ibuande kampen mellom godt og vondt i menneska, og reiser viktige moralske og eksistensielle spørsmål.

I Runar Hodnes dramatisering og regi er vi i eit ekstremt dystopisk miljø, forsterka av den svarte scenografien til Serge von Arx der det bokstaveleg talt regnar heile tida. I dette landskapet blir folka meir representantar for ulike moralske og menneskelege haldningar enn heile menneske. Det blir først og fremst einsidig svart og håplaust i staden for eit psykologisk drama der ein kjem under huda på dei ulike rollene. Alt går seint, blir måla ut med brei pensel og svært store bokstavar, og det episke frå romanen blir freista tatt vare på ved at skodespelarane vekslar på å spele rollene sine og å framstille seg sjølv i tredje person. Det fungerer berre delvis. Duuns persongalleri er ikkje så stort, men intrigen er komplisert, og ei alvorleg innvending er at om ein ikkje har lese boka, er det tilnærma uråd å forstå kven som eig kva for gard, kven som er gravid med kven, og kva som eigentleg skjer. Spesielt fordi dei andre enn Didrik, Tale, Ragnhild og Håkon berre blir statistar, nesten pappfigurar, og har fått alt for lite å spele på. Slik blir dette diverre Duun for dei innvigde.

Framsyninga blir delvis redda av at skodespelarprestasjonane er framifrå, toppa av ein ekstremt infam Trond-Ove Skrødal og ei inderleg og eiegod Ragne Grande, men der også Hildegunn Eggen og Jon Lockert Rohde leverer særs truverdige tolkingar. Og så må eg få framheve Wenche Strømdahl som trass i at ho ikkje har fått mye å spele på, likevel greier å gjere tolkinga av Kvitugla med så finstemt, vart og sikkert spel at det gjer møtet med gamaltanta til ei lita oppleving.

(Ei kortare utgåve av denne meldinga stod i Klassekampen måndag den 10. september 2018.)

Leave a Reply