Så ta da mine hender

TEATER

POTETPLUKKING: Armlaus, men langt frå rådlaus. FOTO: AMUND GRIMSTAD

«Eg vil skapa min himmel på jord»
Utrotunet, Roan
Av Torvald Sund
Regi: Helena Wik
Komponist: Gunhild Hjertaas
Piano: Maren Barlien Guntvedt
Med: Julie Moe Sandø og Knut Erik Engemoen

Ei stolt kvinne som kjempa for menneskeverd og rettvise blir omsider løfta ut or gløymselen.

Bortsett frå i Roan på Fosenhalvøya i Trøndelag og i miljøet rundt Norges Handikapforbund er det ikkje mange som har høyrt om Julie Næss. Eit søk gav korkje treff i Store Norske Leksikon eller på Wikipedia. Dette er stor skam, for her er historia om ei kvinne som trass i at ho var født med pukkelrygg, var meir rakrygga enn dei fleste, ei føregangskvinne mange har mye å lære av, også i dag.

Julie Næss var født i Roan i 1896 med pukkelrygg og utan armar, og som såkalla «uekte barn». Ho vaks opp med mor og bestefar, og bestefaren var openbert ein stor historieforteljar som også lærte Julie å lese. Han døydde då ho var berre seks, men då Julie begynte på skulen, og ikkje fekk blyant som dei andre, klaga ho og synte læraren at ho alt kunne skrive både med munn, skulder/kinn og med tærne!

Mora gifta seg året etter, men døydde av tæring få år seinare, og stefaren, som ikkje var god med Julie, gifta seg på nytt, og tok med seg familien til Amerika. Julie måtte vere att i Roan og livnærte seg med å sy og brodere! – Ja, du las rett. Men ho ville bli betre og drog til Sophies Minde i Kristiania for å lære meir. Reisa var dyr, så ho søkte kongen om midlar, fekk det, og med kongeleg aksept blei ho også innvilga eit «studielån» på 200 kroner frå kommunen. Etter avslutta utdanning i saum, blei ho etter kvart trygdesjef i Roan.

På denne tida var vanføresaka drive mest som almisser frå kyrkja og dei kondisjonerte. I staden for milde gåver, kravde Julie rettar og rettferd, og i 1926 braut ho difor med «Trøndelags forening for vanføres vel», leigde metodistkyrkja i Trondheim, og skipa «Trøndelag Vanførelag», ein forlaupar til dagens handikapforbund. Slik starta ho ein kamp som i stor grad har endra synet på vanføre. Etter mange års iherdig arbeid fekk ho i 1960 endeleg realisert draumen om ein vanføreheim i Trondheim. Høgst fortent blei ho tildelt kongens fortenestemedalje i 1946, og fekk, som ho sjølv sa, handhelse på kongen. Misunning, ryktespreiing og litt jante, gjorde at ho etter kvart flytta til Trondheim der ho budde på vanføreheimen til ho døydde i 1973.

Forfattaren og dramatikaren Torvald Sund ønska å gjere historia meir kjend, dykka ned i kjeldene, og har skrive eit drama om denne tøffe dama. Helena Wik, skodespelar og regissør, og sjølv frå Roan, har sett det heile i scene, og med nyskriven musikk og med to skodespelarar i eit utal roller, var det urpremiere på Utrotunet heilt ute i havgapet i Roan fredag.

Framsyninga er bygd opp som eit forteljarteater med mange små dramatiserte tablå. Julie Moe Sandø er i hovudsak Julie, medan Knut Erik Engemoen er dei fleste andre som Julie etter kvart kjem i kontakt med, alt medan dei båe fortel historia i tredje person. Dette er gjort med relativt saumlause sprang som berre unntaksvis er vanskelege å forstå. Julie Moe Sandø har to armar, og er langt frå pukkelrygga, og gjer heller ikkje freistnad på å sjå slik ut. Med armane hengande laust på ryggen er det mennesket Julie, og ikkje diagnosen og lyta ho formidlar. Det er eit særs godt regigrep som gjer at vi får sympati for den rettferdskrevjande kvinna, og ikkje medkjensle med lyta hennar. Sandø spelar overtydande, og gir oss ei sterk kvinne med stor rettferdstrong, men også med ein draum om kjærleiken som ho berre delvis fekk oppleve. Det er varmt, sårt og inderleg formidla. Knut Erik Engemoen greier den umogelege oppgåva å hoppe ut og inn av ei mengd roller og samstundes gi dei truverd. Her er eit utal tablå som gjer at tårene pressar på, og forfattar og regissør kunne nok kanskje ha arbeidd meir med dramaturgien for i større grad å understreke dei dramaturgiske høgdepunkta.

Gunhild Hjertaas har skrive ny musikk som kler framsyninga som hand i hanske, og vakkert pianospel og nydeleg koring frå Maren Barlien Guntvedt saman med framifrå song frå dei to på scena, løfta framsyninga. I tillegg til rettferdskjensla, hadde Julie også ei sterk gudstru, og slik var det både naturleg og eit nydeleg, lite ordspel å opne og avslutte framsyninga med «Så ta da mine hender» i eit lågmælt og uvanleg vakkert arrangement.

Framsyninga skal visast på Verkstadhallen i Trondheim i september og deretter på Turnéteatret i Trøndelag.

(Meldinga stod i Klassekampen måndag den 23. juli 2018.)

One Response to “Så ta da mine hender”

  1. Hvilken fantastisk historie. Tror hun var heldig med sin bestefar og mor som ga kjærlighet og muligheter. Hun hadde et sterkt livsmot og en pågangsvilje og brukte sine muligheter. Historien forteller også at mange mennesker ikke er nådige mot den som er annerledes: »

    På denne tida var vanføresaka drive mest som almisser frå kyrkja og dei kondisjonerte. I staden for milde gåver, kravde Julie rettar og rettferd, og i 1926 braut ho difor med «Trøndelags forening for vanføres vel», leigde metodistkyrkja i Trondheim, og skipa «Trøndelag Vanførelag», ein forlaupar til dagens handikapforbund. Slik starta ho ein kamp som i stor grad har endra synet på vanføre. Etter mange års iherdig arbeid fekk ho i 1960 endeleg realisert draumen om ein vanføreheim i Trondheim. Høgst fortent blei ho tildelt kongens fortenestemedalje i 1946, og fekk, som ho sjølv sa, handhelse på kongen. Misunning, ryktespreiing og litt jante, gjorde at ho etter kvart flytta til Trondheim der ho budde på vanføreheimen til ho døydde i 1973.»
    Vi ser at i dyreverden er det den sterkestes rett og den som ikke skiller seg ut fra massen ved utseende eller tankesett og ytringer. Man skulle tro at hos mennesket eksisterer det holdninger og fornuft? Har vi kommet lenger i 2018? Misunning, ryktespreiing og jante eksisterer

Leave a Reply