Ei rakrygga kvinne

TEATER

KYRKJA: Anne må stå til rette for «synda» si. FOTO: AMUND GRIMSTAD

«12 lod sølv»
Storbekkøya Museumsseter, Budalen
Av Per Gunnar Voll
Dramatisert av Brit Inger Granmo Aune
Regi: Marit Todal
Musikalsk ansvarleg: Ingrid Graftås
Koreografi: Sunniva Sætereng
Kostyme: Margunn Øyen
Med: Eit femtitals lokale amatørar

Eit imponerande krafttak av ei teaterframsyning i ei lita bygd som framleis veit at med dugnadsand kan ein gjere underverk.

Budal er ei lita jordbruksbygd mellom Soknedal, Støren og Singsås, og med Forollhogna nasjonalpark mellom seg og Østerdalen i sør. Plassen er kanskje mest kjend for dei flotte og tradisjonsrike budalsstolane, men budalingane kan meir enn møbelsnekring og landbruk. Opphaveleg var Budal eigen kommune, men ved det førre store kommuneslaktet, blei kommunen slått saman med Soknedal, Støren og Singsås. Sjølv om dette er meir enn femti år sia, er det mye som tyder på at budalingane ikkje er heilt ferdige med prosessen ennå, og som på mange slike mindre stader har både dugnadsand og lokal stoltheit levd vidare i eit omfang større samfunn berre kan drøyme om.

I 2004 ga Per Gunnar Voll, sjølv utfløtt budaling, ut romanen «12 lod sølv» basert på historia om ungjenta Anne Olsdatter Moen som i 1745 på veg over fjellet frå Dalsbygda til Budal blei overfalle og voldtatt. Ho blei gravid, og fødde ei dotter. Eit offer som fortener støtte, ville vi seie i dag, men dåtidas kyrkje og futar ville det annleis, og Anne blei både konfrontert med og måtte gjere opp for det kyrkja meinte var syndene hennar. Heile to gongar måtte ho til tings for å stå til rette for sorenskrivar og fut. Ho risikerte tukthus for det øvrigheita meinte var utukt og slett moral, men i første omgang slapp ho med bot på «12 lod sølv», ein uoverkommeleg sum for vanlege folk. Anne var ei rakrygga og stolt dame som ikkje let seg kue, og omstenda gjorde at ho var med og fakka ein tjuv som hadde heimsøkt bygda i lang tid. Det resulterte i finnarløn som vog opp for bota, og vel så det. Ved andre tingshandsaming blir ho frikjend, og får til slutt også Hans som har vore hennar store kjærleik. Det er ei sterk historie om ei tid vi heldigvis er ferdige med, men som framleis har sine parallellar i mange prestestyrte land. Samstundes er det ei historie som i motsetnad til dei fleste liknande forteljingar, enda godt. Det var nok langt fleire av desse ulukkelege kvinnene som blei utstøytte, hamna i tukthus eller gjekk på fossen.

Brit Inger Granmo Aune har dramatisert romanen, og for fjerde gong på åtte år blei spelet om Anne Olsdatter Moen sett opp på Storbekkøya Museumsseter ved porten til Forollhogna nasjonalpark, og i ei setting der det knapt trongst scenografi. Marit Todal har vore regissør alle fire sesongane, men nytt i år er koreografi, dans og ein særs dyktig musikalsk ansvarleg. Eg har ikkje sett dei tre føregåande produksjonane, men trur likevel at samspelet med koreografi og det musikalske må ha løfta framsyninga vesentleg.

I Budalen bur det om lag 500 menneske, og når det er rundt femti skodespelarar på scena og eit produksjonsapparat av ei anna verd som ligg bak, forstår ein at her er det dugnadsand det verkeleg står respekt av. Og her er det heller ikkje lettvinte løysingar. Scenografien er gitt, og burde vere god nok, men det trongst ei kyrkje og eit ting, og då har dei like godt laga eit samanleggbart hus som blir sett opp og tatt ned att relativt saumlaust, og utan anna kraft enn vanleg handmakt. Og kostyma er eit kapittel for seg. Nitide studiar av kleskodane for snart 300 år sia, og like nøyaktig og omfattande arbeid på systua. Rett før framsyninga såg eg ei statistjente som var fortvila fordi det var feil farge på ullsokkane hennar. Det seier ein del om nivået denne produksjonen strekker seg etter.

Marit Todal presenterer historia kronologisk som ei rekkje tablå. Med ei mengd sceneskift og så mange på scena, kan det bli ei stor utfordring, men her gjorde koreografi og musikk det heile ganske saumlaust. Sunniva Sætereng er både koreograf og dansar, og er Anne Olsdatters skugge som med relativt ekspressiv dans formidlar Annes kjensler og inste tankar. Det er både vakkert og lyrisk, og med den særs dyktige musikalske leiinga til Ingrid Graftås blir dette ei lita framsyning i framsyninga samstundes som opptrinna er heilt integrert i historia. Om Graftås kan gjere gull av gråstein, veit eg ikkje, men dei mange songinnslaga, og ikkje minst det store koret var imponerande. Klokkeklåre og gode songstemmer, ikkje det minste tillaup til sure tonar, og spesielt var ei framføring av eit relativt atonalt korparti for å få fram desperasjonen og den indre dissonansen hjå Anne ikkje anna enn særs imponerande og kunne like gjerne ha vore framført på ei profesjonell scene.

Spelet er sjølvsagt prega av at dette er amatørar, at det er mange, og at det er avgrensa prøvetid. Men Todal har hatt ei god hand med personinstruksjon, skift og forflyttingar. Anna Eline Røttum er trygg og tydeleg i rolla som Anne. Og der ein del andre roller ikkje er like overtydande framstilt, tar aktørane det att på autentisitet ved å nytte eiga dialekt, og ikkje minst med sjarmerande speleglede.

Historia er god nok i seg sjølv, men for å gjere det heile litt meir underhaldande, er det lagt inn mye humor, og også ein del overspel og buskis. Sjølv fann eg kanskje sorenskrivaren og futen vel outrerte, men publikum elska dei, og det er jo alltid ei takknemleg oppgåve å harselere med øvrigheita, og spesielt når kulturkollisjonane blir så store som dei var mellom vanleg folk og det danske embetsverket på 1700-talet. Framsyninga av rettsforhandlingane på tinget var neppe spesielt historisk korrekt, og eg trur nok at både Anne og småfolka frå Budalen var langt meir underdanige enn det vi fekk presentert, men det gjer ikkje så mye når det i staden blir godt og underhaldande teater. Mi viktigaste innvending til produksjonen ligg i dramaturgien der manusforfattaren nok kunne ha «killed some darlings». For å få fram kva som skjedde når Anne møtte til kyrkje og måtte gjere avbikt, var det neppe naudsynt å ta med så mye av liturgien. Både her og i en del andre scener, kunne ein med fordel ha vore litt meir kritisk til kva som måtte vere med.

«12 lod sølv» blir spela berre denne helga, og det er uvisst om det blir ny oppsetjing om to år. Samanlikna med andre spel på same ambisjonsnivå, er dette langt meir dugnadsbasert, og utan innleigde skodespelarar i berande roller. Det er lokalt i så godt som alle ledd, og det gjer det spesielt imponerande. Og, joda, ein del av spelet held sjølvsagt ikkje heilt mål, men kva så? Eg laut meg både underhalde og sjarmere samstundes som eg fekk presentert ei viktig og god historie i ein naturleg scenografi dei fleste teater berre kan drøyme om. Og med autentisiteten, musikken, songen og dansen blei det ei overraskande god teateroppleving.

Leave a Reply