Ein innhaldsrik tiger

TEATER

TIGEREGG: Ein tiger som legg egg og som klekker ut skodespelarar til glede for ungane i Oslo, kan stå som ein metafor for Tigerstadsteatrets utklekking av gode idear, eller det motsette av «å leggje det store egget». FOTO: AMUND GRIMSTAD

«Tigerbussen kommer!»
Tigerstadsteatret, ein eller annan stad i Oslo
Manus, regi og scenografi: Hilde Brinchmann
Manus og regi «Historiefortellerne»: Mats Eldøen
Kostyme og masker: Helena Andersson
Med: Ingrid Enoksen, Sofia Estifanos, Oda Fosse, Mats Holm, Veslemøy Mørkrid, Knut Steen, Kristin Jess Rodin, Malin Rønning, Mari Thingelstad, Henrik Hoff Vaagen, Biniam Yidhego, Martin Karelius Østensen, Hilde Brinchmann, Wenche Viktorsdatter og Toril Solvang

Oppsøkjande, interaktivt og demokratisk teater som ser ungar som heile individ her og nå, og ikkje som framtidige vaksne.

For tre år sia fekk Hilde Brinchmann og Brageteatret Heddapris for beste barne- og ungdomsframsyning med Brinchmanns nydramatisering av «Trollmannen frå Oz», ei interaktiv og særs god framsyning der ein nesten måtte halde ungane frå å gå til fysisk åtak på den vonde heksa. Året før sette Toril Solvang opp Suzanne Osten og Per Lysanders «Medeas barn» på Hålogaland Teater med berre aktørar frå Lille HT, det vil seie ungar i alderen åtte til tretten, ei framsyning som gjorde historia langt meir autentisk enn noko eg har sett tidlegare. Solvang og Brinchmann er to særs kreative damer som tek ungane på høgste alvor, ikkje som framtidige vaksne som skal lærast opp til å bli gode publikummarar, men som sjølvstendige og fullverdige menneske her og nå. Saman med Wenche Viktorsdatter har dei nå laga eit teaterprosjekt som er nesten like mye eit politisk prosjekt, og som dei kallar «Tigerstadsteatret». Eit pilotprosjekt er det også i høgste grad. Med utgangspunkt i Barnekonvensjonens § 31 («Alle barn har rett til kunst og kultur»), er kompaniet eit kulturtiltak for barn i Oslo, byen som også er kjend som Tigerstaden. Og i staden for å invitere ungane inn i teatersalongane, har dei rigga ein expo-trailer som ved hjelp av sinnrik hydraulikk kan bli ei lita scene på 60 m². Med dette rullande teateret, som i realiteten er ein tiger(!), oppsøkjer dei område i byen med høg barnefattigdom og låg kulturdeltaking. Det er med andre ord ei enorm demokratisering av scenekunsten og på same tid både eit sosialt og kulturelt prosjekt.

Forteljinga er at menneska etter kvart tok seg til rette blant alle skapningane på jorda og gjorde seg til herre over dei andre dyra. Det førte til at ein tiger hamna i bur i Oslo. Men han greidde å rømme, og kledde seg ut som ein buss med eit levande teater i magen. Denne tigeren legg egg, og ut av dei kjem dei mest fargerike skodespelarar i verkeleg fantasifulle og detaljrike kostyme, og som er kløpparar på å fortelje historier til osloungane. Det heile tek til utanfor bussen der ungane må brøle for å vekkje aktørane, for så å få ta del i at ein skodespelar blir klekt før dei får gå inn i bussen med sine sinnrike labyrintar. I det første rommet blir vi presenterte for bakgrunnshistoria før vi får kome inn i det inste av tigeren der det heile blir særs interaktivt og der ungane sjølve får fortelje historier. Dette er teater for absolutt alle, og utan peikefinger, moralisering, oppsedande bakteppe eller anna som kan vere vanleg for teater i denne sjangeren. Alle ungane skal få vere seg sjølve fullt og heilt, og dei blir sett og møtt som akkurat det. Det fekk vi eit godt prov på i den framsyninga eg fekk sjå. Ein av barna var openbert ein som ikkje hadde det så godt, aggressiv, utfordrande og litt småvaldeleg. Men på strak arm tilpassa dei to aktørane seg, fekk fram at han var eit ekorn som trong litt rom, og så blei det som kunne ha blitt eit problem, i staden del av ei god forteljing. Med stort rom for improvisasjon og tilpassing i det interaktive, og med dyktige aktørar som er lojale mot ideane som ligg bak, vil eg tru at «Tigerbussen kommer!» er ei framsyning som aldri er likeins, og der skodespelarane er budde på det meste, og må vere det. Men nettopp fordi dei har denne grunnleggjande innstillinga til barn som heile og fullverdige individ, blir det også så bra.

«Tigerbussen kommer!» er etter det eg forstår nå historie, men i samarbeid med Det Andre Teatret og Oslo Nye Teater, vil eg tru at dei tre kloke damene bak Tigerstadsteatret vil klekke ut nye idear, og halde fram med å la tigeren i bussen leggje nye egg til glede for hovudstadens ungar også i tida som kjem.

One Response to “Ein innhaldsrik tiger”

  1. Faith Gabrielle Guss sier:

    Jeg er så enig. Forestillingens ulike etapper inkluderte hver og en av oss hele veien!
    Stor moro vokste ut av forståelsen for fantasi og teatermagi, fortellerkunst. Med imponerende improvisasjonsferdigheter og lekenhet visste skuespillerne sensitivitet til ungenes respons.

Leave a Reply