Mye å varme seg på

TEATER

HJÅ SMEDEN: Mio og Jum Jum vitjar smeden og får eit sverd som kan skjere stein. FOTO: AMUND GRIMSTAD

«Mio, min Mio»
Tårnet på Munkholmen, Trondheim
Av: Astrid Lindgren
Bearbeidd av Kristina Lugn
Omsett av: Ragnar Olsen
Regi og scenografi: Elin Stangnes
Musikalsk ansvarleg: Øyvind Jo Heimdal Eik
Kostyme: Silje Botten
Lysdesign: Raymond Hellem
Lyddesign: Ole Kristian Brattli
Produsert og framført av: Teaterlaget i BUL Nidaros

I den manglande trønderske sommarvarmen er det alltid noko å varme seg på ved å sjå sommarteateret til Teaterlaget i BUL Nidaros.

Eit lite jubileum i det som aldri er i sommarvarmen, men som likevel er særs varmande. Det er i år 35. gongen Teaterlaget i BUL Nidaros set opp barneteater på Munkholmen i slutten av juni. Det har vore opp- og nedturar, stort sett det første, og dramatikkens barnekanon er blitt endevendt med tanke på repertoarval. Teaterlaget fortel sjølv at dei lenge har ønska å setje opp «Mio, min Mio» av Astrid Lindgren, og det forstår eg godt, for er det ei bok eg hugsar frå høgtlesing det fyrste året på folkeskulen, så er det akkurat historia om den foreldrelause guten Bosse som blir til prins Mio når han møter att far sin, og som openbert er lagnadsbestemt til å skulle redde «Landet i det fjerne» frå den vonde Riddar Kato, ein mann med hjarte av stein og ei stålklo til hand.

Men dramatisering av «Mio, min Mio» er ikkje så enkelt, for her er så mange ulike scener og tablå. Når vi òg veit at tårnet på Munkholmen er ei særs vanskeleg scenografisk utfordring, så har regissør og scenograf Elin Stangnes denne gongen stått overfor ei nærast uløyseleg oppgåve. Og sjølv om her framleis er fullt av sjarmerande og flinke ungar, tidvis drivande godt spel og mye anna å gle seg over, står nok diverre den sceniske løysinga litt i vegen for ei heilt vellukka oppsetjing.

Historia tek til i Stockholm eit år etter at den foreldrelause Bosse (Håkon W. Salberg) forsvann sporlaust, før vi går inn i handlinga rett før Bosse reddar ein ånd ut or ei flaske og blir tatt med til Landet i det fjerne der han får ei heilt anna mottaking enn den han var vand med hjå dei noko ugreie fosterforeldra. Men heller ikkje i dette nærast paradisiske landet er alt som det skal. Den vonde Riddar Kato i nabolandet «Landet utanfor» stel ungar og gjer hjarta deira om til stein, og etter kvart forstår både vi og Mio at lagnaden hans er å nedkjempe riddaren for å redde dronningriket til mora (i boka er det eit kongerike, og faren sin Mio kjem til). Redningsoppgåva tek Mio på strak arm, og etter mange små nederlag greier han det sjølvsagt til slutt. Men han må ha god hjelp, mellom andre av venninna Jum Jum (Idunn Bråten).

Håkon W. Salberg som spelar Mio, og som slett ikkje er gamle karen, er imponerande trygg på scena. Det er ei særs tekstrik rolle, men han snublar ikkje ein gong, og replikkane kjem naturleg, på laupande band og med god diksjon. Det same gjeld Idun Bråten i rolla som Jum Jum. Blant mange av dei andre er ofte sjarmen vel så viktig som spel, framføring og diksjon, men gitt at det er eit talrikt, særs ungt og relativt urøynd ensemble, må eg gi Elin Stangnes honnør for personinstruksjonen. Og framsyninga baud også på fine, illustrerande, små danseinnslag, og også masseopptrinn der synkronisering og rørsler var forbausande bra.

Problemet med oppsetjinga er, som eg skreiv innleiingsvis, at forteljinga stadig flyttar seg til ulike stader, og at det tronge scenerommet i tårnet på Munkholmen gir lite rom for slikt. Det blei alt for mange sceneskift og med dei også rekvisittflyttingar. Måten det blei gjort på førte ofte til forvirring, for skifta og ommøbleringane blei utførte av andre skodespelarar som gjorde det i særs synlege kostyme, og ikkje svartkledde slik det er vanleg. Det var stundom ganske forvirrande for vi visste ikkje alltid når aktørane var scenearbeidarar og når dei var skodespelarar. Men musikken gjorde heldigvis at sceneskifta ikkje alltid var like påtrengjande. Under Øyvind Jo Heimdal Eiks leiing var musikken denne gongen eit langt viktigare element enn tidlegare, sjølv om det berre var to songar. Det var eit musikalsk og akustisk bakteppe eg ikkje kan hugse å ha opplevd maken til tidlegare. Lyssetjinga til Raymond Hellem var også utsøkt, og ho kompenserte i stor grad for vanskane med scenografien. Og så var det veldig mange flotte og fantasifulle kostyme i år, og særleg fell eg for dei sjarmerande soldatane til Riddar Kato som i spennande kostyme og med godt gruppespel var meir søte enn skumle.

Sommarteateret til BUL Nidaros er alltid varmande, og trass i at repertoarvalet denne gongen kanskje ikkje egna seg heilt til denne scena, gjekk eg som vanleg ganske høgtidsstemt og nøgd ned til kaia for å ta båten heim. Og gler meg alt til neste år.

Leave a Reply