Talande tablå

TEATER

REPETERANDE: Sisyfosarbeid frå eit tidleg tablå blir med eitt langt meir dramatisk når flyttinga gjeld lik frå gasskammera. FOTO: BJØRN LEIRVIK

«SONA/ZONA»
Nordland Teater, Black box
Idé, konsept, regi og scenografi: Terje Skonseng Naudeer
Lyddesign: Jim Oddvar Hansen
Lysdesign: Johan Haugen
Med: Terje Ranes, Piotr Misztela og Preben Lillebø Rongve

Ei framsyning av stemningsfylte audiovisuelle bilde som fortel krigshistoria frå ein annan ståstad.

Under andre verdskrigen var det 97 000 sovjetiske krigsfangar i Norge, og over 10 000 av dei døydde grunna sjukdom, svelt, drap eller umenneskeleg slavearbeid. På den 14 mil lange strekninga frå Mo til Fauske arbeidde 12 000 sovjetiske krigsfangar som slavar med å bygge Nordlandsbanen. Alt i full forståing med det norske NSB som etter krigen dekka over det heile, og der leiarane fekk halde fram som om inkje var skjedd. Ei gløymt historie heilt til journalisten og forfattaren Bjørn Westlie dokumenterte det meste i boka «Fangene som forsvant» frå 2015. Nå har Nordland Teater tatt tak i historia, og tysdag var det urpremiere på «SONA/ZONA», ei framsyning som regissør Terje Skonseng Naudeer har arbeidd fram frå grunnen saman med teateret og ensemblet. Det er blitt heilt annleis teater med stor vekt på å skape stemningar og sterke audiovisuelle bilde meir enn å presentere eit narrativ.

Framsyninga er delt inn i tre der det tar til med eit foredrag av Bjørn Westlie om NSB, jernbanebygginga og dei sovjetiske slavearbeidarane, framført i foajeen. Så blir vi leidde gjennom ei utstilling med kopi av fangekort, foto og film frå fangeleirane. Og med dette som faktagrunnlag og bakteppe, går vi inn i salen der Naudeer og dei tre aktørane nå kan konsentrere seg om på eit langt meir stilisert vis å fortelje kva krigen gjer med menneskeverdet og folks desperasjon for å overleve.

I ein dyster og svart sal med få rekvisittar, men med særs utsøkt og effektskapande bruk av lys og lyd, får vi presentert eit utal tablå utan nokon tydeleg samanheng, men som likevel freistar å gi oss ei forteljing om ein del av krigshistoria sett frå ein annan ståstad. Det er dvelande og repeterande teater der aktørane tar seg særs god tid, og der det meiningslause i tilværet blir synleggjort mellom anna ved alle repetisjonane. Det er lite dialog, og mye blir fortalt med krevjande og intenst spel frå dei tre på scena. Nokre av tablåa kan bli vel forklårande i detaljane samstundes som den store forteljinga blir vanskelegare å fatte. Men dette er inga lineær forteljing der du skal forstå alt. Om du aksepterer det, vil du få ei gripande og sterk teateroppleving der du kjenner uhygga, ubehaget og stemningane gjennom dei mange kjenslesterke og dystre tablåa. Terje Skonseng Naudeer og Nordland Teater skal ha stor ros for å løfte fram ei viktig og nesten gløymd historie, og ikkje minst for å satse så eksperimentelt og annleis.

(Meldinga stod i Klassekampen torsdag den 31. mai 2018.)

Leave a Reply