Motens marionettar

TEATER

VILJELAUSE: Fanga i ein handlebag der spørsmålet ikkje er identitet, men kva som er mote akkurat nå. FOTO: JOHANNES L.F.SUNDE

«Lyset skal bare skinne på meg og mine ønsker»
Trøndelag Teater, Studioscena
Av: Elfriede Jelinek
Omsett av: Elisabeth Beanca Halvorsen
Regi og scenografi: Ole Johan Skjelbred
Kostyme: Ane Aasheim
Med: Stine Fevik, Janne Kokkin, Vetle Bergan, Kenneth Homstad og Isak Holmen Sørensen

Eit bitande og humoristisk oppgjer med motens og forbrukarsamfunnets makt over menneska, framført med språkleg eleganse i ein straum av ord.

Utan noka handling eller forteljing og mot eit bakteppe av lateks tar regissør Ole Johan Skjelbred oss inn i Elfriede Jelineks humoristiske, men samstundes bitande og grundige oppgjer med forbruk, motehysteri og menneskeleg mangel på å tore å vere seg sjølv. Det er ei ordrik og delvis utmattande framsyning der metaforane, aforismane og dei språklege gullkorna blir kasta på deg i eit omfang som gjer det vanskeleg å få med seg alt. «Lyset skal bare skinne på meg og mine ønsker» er ei krevjande oppsetjing som tar tid å fordøye, men som likevel er lett å la seg begeistre av.

Den austerrikske forfattaren og dramatikaren Elfriede Jelinek fekk nobelprisen i litteratur i 2004, men har likevel ikkje vore oppført meir enn nokre få gongar på norske scener, to av dei på Trøndelag Teater. Jelinek er ei sterk og tydeleg politisk røyst, særs kontroversiell, og spesielt i heimlandet fordi ho stadig har kritisert Austerrikes manglande oppgjer med nazifortida si. To andre tema som er tilbakevendande hjå Jelinek er feminismen og kritikken av forbrukarsamfunnet. At ho ikkje er spela så mye, kan henge saman med at tekstane hennar i liten grad er forteljingar, men meir ein straum av ord der skodespela ikkje har scenetilvisingar, tradisjonelle roller eller noko narrativ, men i staden lange monologar. Det gjer det ganske utfordrande, men også særs takknemleg for ein dyktig regissør, å ta tak i dramatekstane hennar.

Ole Johan Skjelbred har dei siste fire åra, og med ganske frie kunstnarlege taumar, fått setje opp heile fem produksjonar på Trøndelag Teater. Det har resultert i eksperimentelle og nyskapande oppsetjingar toppa av at Skjelbred fekk ein Heddanominasjon for tekstbearbeidinga av Henry Melvilles «Moby Dick» i 2015. Laurdag var det norgespremiere på «Lyset skal bare skinne på meg og mine ønsker» («Das Licht im Kasten») frå 2017, i ei framifrå omsetjing av Elisabeth Beanca Halvorsen.

Stykket er tematisk og i form ganske typisk for Jelinek. Fem skodespelarar, utan klåre roller, framfører eit utal monologar, litt i interaksjon, men utan noka eigentleg handling. Dei tar til kledd med andletsmasker, i like, nøytrale og kjønnslause kostyme som relativt androgyne og einsarta personar medan dei etter kvart kler seg om i samsvar med motens nådelause krav. Der har ingen noko val, berre eit utval, for å sitere frå eitt av dei mange ordspela framsyninga er spekka med. Naturen og det naturlege er redusert til ein metafor, og ein går på tur i logoskogen. For her er det moteindustrien, kleskjedene, barnearbeid og menneskas viljelause dans etter motehusas piper som er tema.

I Ane Aasheims kreative og godt illustrerande kostyme, og i Skjelbreds temmeleg nøkterne scenografi framfører dei fem sine monologar. Og sjølv om personinstruksjonen har mye fin og stilisert koreografi og faktisk tidvis også byr på ganske fysisk spel, er det ikkje tvil om at dette er tekstteater der det er orda som skal rå. Jelineks tekst er ein leik med språket, spekka med ordspel og aforismar. Utan at eg kjenner originalteksten, må eg gi stor honnør til omsetjaren, Elisabeth Beanca Halvorsen, som har greidd å gjendikte eit utal metaforar og språkblomster til levande og godt norsk. Framføringsforma med ein slik verbal flaum av ord er krevjande både for publikum og aktørar. I salen må vi følgje godt med for å få med oss alle onelinerane og den språklege leiken, medan skodespelarane skal hugse ei enorm tekstmengde utan å ha ei forteljing å henge henne på. Det siste er løyst elegant ved at suffløren (Ann Eli Aasgård) blir ein aktiv del av framsyninga, og du veit aldri heilt om noko er suffli eller del av spelet. Slik leikar Skjelbred seg også litt med teaterkonvensjonar. Det same gjer han i avslutninga der scena blir som eit tempel i eit inferno av lateks og raudt strobelys, og vi trur det er slutt, berre for å få nok ein finale som eit malapropos til den første. Her tar Skjelbred alt heilt ned og let forbrukskulturens mantra – «to for ein, nei, ikkje alle for ein» få stå att som ei av mange treffsikre oppsummeringar.

Dei fem på scena får gjennom dei tekstrike monologane, men også gjennom spelet som viljelause skuggar av kvarandre, illustrerande fram korleis menneska er blitt moteverdas og merkevarenes lydige marionettar samstundes som vi inst inne famlar etter noko eksistensielt og eit ønske om å redde oss sjølve. Jamvel om dette først og fremst er framifrå ensemblespel med god og sikker personinstruksjon, må eg få framheve Kenneth Homstads mange tolkingar. Han har vore med i fleire av Skjelbreds produksjonar og kjenner sjangeren og språket, og her gir han oss eit utal typar og roller, vekslande elegant mellom det personleg utleverande, det fysisk spretne, det eksistensielle og det humoristisk flørtande med publikum.

«Lyset skal bare skinne på meg og mine ønsker» er ei oppsetjing som tar tid å fordøye, men som gjer noko med deg og sit i deg lenge etter teppefall.

(Meldinga stod i Klassekampen måndag den 28. mai 2018.)

Leave a Reply