Kjærleik og undring

TEATER

FELA: Edvin Røsten levde eit omflakkande og tidvis litt kaotisk liv, men den evige følgjesveinen, fela, var aldri langt unna. FOTO: MERETE HASETH

«Farfarfortellinger»
Turnéteatret i Trøndelag, Verdal
Idé: Evy Kasseth Røsten
Manus: Ingrid Weme Nilsen
Regi: Kjersti Haugen
Musikk: Gjermund Larsen
Scenografi: Dorte Walstad og Unni Walstad
Med: Evy Kasseth Røsten og Gjermund Larsen

Ei varm og ærleg forteljing presentert i spennet mellom kjærleik til farfaren og samstundes undring over ein del av vala hans.

Det første den som tar til med slektsgransking må lære seg, er å vere frilyndt og open for det meste. Det har ein tendens til å ramle ut eitt og anna skjelett av skapa etter kvart. Evy Kasseth Røsten, skodespelar og oppvaksen i gruvesamfunnet Malm inst i Trondheimsfjorden, har dykka ned i historia til farfaren sin, Edvin Røsten, og sett på korleis hans ulike val har prega også hennar liv. Det er blitt ei personleg og varm forteljing om kjærleik, skam og svik, og ikkje minst om øydeleggjande tvil, fortald nådelaust ærleg. Og samstundes gir ho oss indirekte ein god porsjon norsk gruve- og anleggshistorie.

Edvin Kristian Røsten var fødd i Folldal i 1921 som ein av ti born i ein småbrukarfamilie der faren i tillegg var gruvearbeidar. I denne vesle fjellbygda (der eg sjølv har vakse opp, men vel 40 år etter, så det er ei heilt anna sak) var slik vekselbruk heilt vanleg. Ottar Brox har skrive godt om dette i boka «På vei mot et postindustrielt klassesamfunn» der han nyttar nettopp Folldal som døme på kombinasjonen industriarbeid og småbruk. Edvin var ikkje eldstemann og skulle såleis ikkje overta garden, og då var lagnaden gitt. Han måtte tidleg ta til i gruva.

Evy Kasseth Røsten fortel anekdotisk om farfarens liv frå oppvekst i Folldal, draumen om fele og eige sengepledd, om gruva, ekteskap, ungar og krigen som i ettertid fylte han med skam fordi han ikkje deltok med meir enn å arbeide særs sakte i gruva. Scenerommet har eit bakteppe med projiserte minne som lønsslippar, medlemsboka i Norsk Arbeidsmandsforbund og tilsetjingsdokument. På golvet er det eit utal koffertar som Røsten nyttar til å mane fram gammaltanter og andre kjelder som etter kvart syner seg særs upålitelege. Og så har ho med seg Gjermund Larsen på fele som både musikalsk og verbalt kommenterer og tek del, og samstundes får fram spelemannen i farfaren. Frå Edvin kjøpte fiolin for dei første lønningane sine, var instrumentet følgjesveinen hans resten av livet. Og sjølv om klassemedvitet openbert var sterkt, spela han til underhaldning for dei kondisjonerte i direksjonsboligen.

Røsten følgjer farfaren ut i verda til fire overvintringar på Svalbard og jobb i gruva for Store Norske Spitsbergen Kulkompani. Med enkel hovudrekning fann Edvin ut at den tredje sonen måtte ha vore unnfanga medan han sjølv framleis var på Svalbard, og så var det slutt på det ekteskapet. Røsten har problem med å skjøne korleis farfaren, som elles var så snill, kunne vere så bitter heilt inn i alderdomen over det han oppfatta som sviket knytt til denne hendinga. Og gjennom heile framsyninga formidlar ho denne kontrasten mellom barnebarnet som berre kjenner ein særs god farfar som alltid har ein mjølkerull på luringa, og dei oppdagingane ho gjer om dei ulike vala hans. Og etter kvart oppdagar ho at også hennar eigen far må ha fått ein del av denne dualiteten. Det er gjennom det botnlaust ærlege i presentasjonen av desse forholda at Røsten løfter framsyninga til å bli noko langt meir enn ein hyllest til bestefaren. Gjennom historiene om Edvin fortel ho ganske mye om kor vanskeleg og samstundes enkelt det er å vere menneske.

Etter eit intermesso som anleggsarbeidar under bygginga av Elgeseter bru i Trondheim, flyttar Edvin til Malm og blir gruvearbeidar for Fosdalens Bergverk, giftar seg på nytt og får fleire ungar, til slutt også far til Evy. Men som vi for lengst har forstått, går ikkje livet på skeiner. Og lagnaden, for å nytte ei omskriving, gjer at Edvin etter nokre år sit att som aleinefar for fem ungar, ikkje ein heilt vanleg kvardag for gruvearbeidarar på 50- og 60-talet.

Dette er Evy Kasseth Røstens eiga private historie om farfaren, men samstundes har ho forstått at det fort kan bli for nært om ho skulle skrive manus og ta regien sjølv. Difor har ho fått Ingrid Weme Nilsen, dramaturg på Det Norske Teatret, til å skrive manus, og Kjersti Haugen (som også er oppvaksen i eit lite gruvesamfunn) til å setje det heile i scene. Det har vore to kloke val. Ingrid Weme Nilsen har vore tru mot historia, men gjort sine eigne undersøkingar og skapt små illustrerande tablå. Og i Kjersti Haugens regi er det historia og hendingane som får vere det sentrale, berre litt sprita opp med kreativ rekvisittbruk der koffertar kan bli både historiekjelder, russiske esker og ein barneflokk. Framsyninga er kanskje vel anekdotisk der det dramaturgisk ikkje er skild så mye mellom kva som er viktig og ikkje, og dei store høgdepunkta går i eitt med kvardagen. Slik er kanskje også livet? Men eitt dramatisk og dramaturgisk unntak toppar det heile, og her går manus, regi og spelet opp i ei høgare eining. Det gjeld ei dramatisk båtulykke der både faren og farfaren er med, og der Evy Kasseth Røsten greier å halde meg på pinebenken sjølv om eg veit at båe må ha greidd seg.

I alle levde liv finst det grunnlag for minst ein roman, og ein treng ikkje vere noko helgenaktig førebilde for å fortene å bli portrettert. Snarare tvert om. Evy Kasseth Røsten har levert ei varm og ærleg beretning om gruvearbeidaren, farfaren og mennesket Edvin Røsten, presentert i spennet mellom kjærleik og undring.

Leave a Reply