Leik med konvensjonar

SYMPTOMATISK: Det er ikkje akkurat frå ein påfugltrone Ubu utøver makta si. FOTO: ALEKSANDAR RAMADANOVIC

SYMPTOMATISK: Det er ikkje akkurat frå ein påfugltrone Ubu utøver makta si. FOTO: ALEKSANDAR RAMADANOVIC

TEATER

«Ubu»
Trøndelag Teater, Hovudscena
Etter «Kong Ubu» av Alfred Jarry
Omsett av: Kjell Helgheim
Konsept, tekst og regi: Tomi Janežič
Scenografi: Branko Hojnik
Kostyme: Marina Sremac
Koreografi: Katja Legin
Lysdesign: Eivind Myren
Med: Karl-Vidar Lende, Stine Fevik, Mari Hauge Einbu, Mads Bones m. fl.

Ein skikkeleg happening av ei framsyning, men kanskje med større ambisjonar enn berre å underhalde?

Då Alfred Jarrys «Ubu Roi» hadde premiere i Paris i 1896 blei det total skandale og oppsetjinga blei tatt av plakaten same dag. Både i form og innhald braut stykket med alle teaterkonvensjonar og blei forløparen for både det absurde og det meir moderne og politiske teateret, samt for kunstretningar som surrealisme og dadaisme.

Handlinga dreier seg om Ubu (Karl-Vidar Lende) som styrtar kongen i Polen, kjøper seg popularitet før han blir ein maktsjuk despot som herskar gjennom drap og grov utbytting. Nå har Trøndelag Teater henta inn det kunstnarlege teamet frå suksessoppsetjinga «Doppler» frå 2016 og latt dei lage ein parafrase over Jarrys tekstar og hendingane rundt urpremieren, ei framsyning som både går inn i og kommenterer seg sjølv og verda for øvrig. Det er ei stor og dristig satsing både fysisk, kunstnarleg og i bruk av verkemiddel, og det er brot på og leik med konvensjonar.

Teatersjef Kristian Seltun skal ha ros for å satse så vågalt og politisk på hovudscena. Regissør Tomi Janežič følgjer i grove trekk narrativet til originalen, men der scener og tablå kjem langt frå kronologisk, og der stadige brot gjer at du aldri veit kva som ventar deg. Han nyttar heile scenerommet, salen og publikum, tar inn både eit heilt musikkorps og nye statistar frå kveld til kveld, boltrar seg i teatralske verkemiddel og konvensjonar som han like ofte bryt med den største sjølvfølgje. I like stor grad som dette er ein parafrase over «Kong Ubu», er det ein kommentar til scenekunsten og ikkje minst til verda i dag. Det er absurd, det er opprørsk, og det er fullstendig annleis.

Alt dette er både vel og bra, men etter at Jarry lagde ein godt førebudd skandale i 1896 har det skjedd mye med scenekunsten. Det er lite att som kan provosere eit etter kvart ganske blasert publikum, og blod, bannskap og bæsj gjer det i liten grad. Her ligg produksjonens størte dilemma. Distansen til det politiske og opprørande blir for stor til å gjere noko med oss, og i staden for å røske i publikum, eller syne oss at Jarrys visjonar er blitt røyndom, blir vi stort sett berre underhaldt. Vi følgjer dei mange innfalla, humrar og ler, gler oss over særs dyktige skodespelarar med ein energisk og infam Karl-Vidar Lende i spissen, let oss imponere over improvisasjonskunsten deira, finn nok framsyninga litt lang, men har ein opplevingsrik kveld i teateret. Det er blitt ein skikkeleg happening av ei framsyning. Men det var vel neppe berre det Janežič ønska å oppnå?

(Meldinga stod i Klassekampen måndag den 22. januar 2018)

Leave a Reply