Endetidsdramatikk

TEATER

HERRE OG TENAR: Sjølv når alt håp er ute, må maktforholda haldast ved like. FOTO: OLE EKKER

HERRE OG TENAR: Sjølv når alt håp er ute, må maktforholda haldast ved like. FOTO: OLE EKKER

«Sluttspill»
Trøndelag Teater, Gamle scene
Av: Samuel Beckett
Omsett av: Jan Erik Vold
Regi: Øyvind Brandtzæg
Scenografi og kostyme: Katrin Bombe
Lysdesign: Roger Indgul
Med: Trond Peter Stamsø Munch, Jon Lockert Rohde, Hallbjørn Rønning og Wenche Strømdahl.
 

Etter kvart som verda blir stadig meir absurd, framstår Samuel Becketts dramatikk i dag nesten som sosialrealisme.

Det er dryge seksti år sia Samuel Beckett skreiv «Sluttspill», det dramaet som ved sia av «Vente på Godot» er hans viktigaste og mest spela. Båe skildrar ein endetidssituasjon og den totale meiningsløysa gjennom absurd og tilsynelatande inkjeseiande dialog. Men medan Vladimir og Estragon i «Vente på Godot» i det minste har noko å sjå fram til, er det total håpløyse for Hamm og Clov, dei to hovudpersonane i «Sluttspill». Til gjengjeld er her ein god porsjon humor, og i den grad det er mogeleg å gjere sjølvstendige regigrep ved oppsetjing av Becketts drama, er det den underliggjande komikken som er det viktigaste særmerket ved Øyvind Brandtzægs presentasjon på Trøndelag Teaters gamle scene.

I eit tilnærma lukka rom, og i ein situasjon som kan vere etter ein katastrofe, eller på anna vis ved slutten av tilværet, held Hamm (Trond Peter Stamsø Munch) og tenaren hans, Clov (Jon Lockert Rohde), til. Hamm er blind og kan ikkje gå, medan Clov har ein skade så han ikkje kan sitje. Verda utanfor får vi berre små innblikk i via to små vindauge høgt oppe på veggen. Kva som rører seg der ute, veit vi lite om, men det meste tyder på at det er minimalt att av normalt liv.

Gjennom ein absurd og særs velspela dialog mellom herre og tenar, gir Munch og Rohde oss innblikk i eit  meiningslaust tilvære fritt for nyansar. Men gjennom Roger Indguls lyssetting, som heile tida skiftar mellom det dunkle og det nesten sterilt opplyste, greier teateret likevel å gi oss ein nyanserikdom som ein eigen undertekst, noko som på same tid både kontrasterer og understrekar innhaldet, eller innhaldsløysa, om du vil.

Etter kvart syner det seg at Hamm og Clov ikkje er åleine i rommet. Opp av to søppelkasser kjem Nagg (Hallbjørn Rønning) og Nell (Wenche Strømdahl), foreldra til Hamm, openbert plassert i kassene medan Hamm ventar på at dei skal døy, for i dette universet er det den reindyrka kynismen som rår. Rønning og Strømdahl spelar med ein nesten apatisk mangel på mimikk og kjensler, men nettopp difor greier dei også å kontrastere meiningsløysa med nesten kjærlege og varme tilbakeblikk på levde liv.

Detaljerte og nitide scenetilvisingar frå Beckett, og alt for strenge krav frå rettigheitseigarane, gjer at handlingsrommet ikkje blir særleg stort for korkje scenograf eller regissør. Likevel har båe greidd å leggje til litt av eigen signatur gjennom stikkorda humor og distanse. Øyvind Brandtzæg let skodespelarane bruke god tid og ta lange pausar. I kontrast med det dystopiske har han i svært stor grad greidd å få fram meir enn vanleg av den komikken og humoren som ligg både i Becketts undertekst, og sjølvsagt i det totalt absurde. Scenograf og kostymedesignar Katrin Bombe har oppnådd det same ved små detaljar som å utstyre Clov med ein hettegenser med eit tilsynelatande heilt malplassert motiv. Og sjølv om det lukka scenerommet er gitt, har ho også greidd å skape eit sterkare inntrykk av eit litt distansert titteskap ved å la scena vere eit rom i rommet, ein boks som blir drege fram ved stykkets opning og attende ved teppefall.

Med dagens statsleiarar som har gjort det absurde til normalitet, kan ein meine at «Sluttspill» har fått ny aktualitet. Men sjølv om surrealismen er blitt sosialrealisme, og livets uendelege meiningsløyse kanskje er meir openberr nå enn for seksti år sia, trur eg likevel at dramaet har mista noko av den opphavlege brodden, og i dag meir framstår som eit historisk og akademisk titteskap.

(Meldinga stod i Klassekampen måndag den 15. januar 2018.)

Leave a Reply