Vi og dæm

TEATER

FASCINASJON: I yndlingstrøya frå 2009 gir Ole Christian Gullvåg oss innblikk i kor eksistensielt det kan vere å vere lidenskapeleg opptatt av Rosenborg og fotball. FOTO: ESPEN STORHAUG

FASCINASJON: I yndlingstrøya frå 2009 gir Ole Christian Gullvåg oss innblikk i kor eksistensielt det kan vere å vere lidenskapeleg opptatt av Rosenborg og fotball. FOTO: ESPEN STORHAUG

«Rotsekk»
Turnéteatret i Trøndelag, Verkstadhallen i Trondheim
Av: Ole Christian Gullvåg og Aslak Moe
Regi: Aslak Moe
Med: Ole Christian Gullvåg

Eit varmt, ærleg, særs personleg og ikkje minst innsiktsfullt gløtt inn i eit univers som kan verke ganske uforståeleg for mange av oss.

Kva er det som gjer at tilsynelatande heilt vanlege, oppegåande og intelligente menneske kan stå nærast i affekt og rope: «Hate, hate, hate Molde by!»? For dei fleste av oss er dette ganske uforståeleg, og etter å ha sett Ole Christian Gullvågs monolog «Rotsekk», er det framleis synd å si at eg har kome til full forståing, men eg skjønar likevel at spørsmålet er langt meir samansett enn som så.

Ole Christian Gullvåg er ein særs dyktig, hardt arbeidande og seriøs skodespelar eg har både sett og meld med stor interesse dei siste åra. Så syner det seg at han i tillegg er ein langt over gjennomsnittet fotballfrelst Rosenborgsupportar, ein som identifiserer seg i så stor grad med laget sitt at han seier at det var VI som tapte eller vann, og ikkje dei, for DEI er alle dei andre; Skeid og Moss og Sogndal, for ikkje å seie Molde, medan VI er Rosenborg. Om dette identitetsspørsmålet og mye meir har han nå laga teater, og i kveld var det urpremiere på monologen «Rotsekk» i Verkstadhallen i Trondheim før framsyninga skal ut på turné i det nye storfylket.

Det heiter at fotballen er rund, men då er det nærliggjande spørsmålet korleis han samstundes kan gjere så mange tilhengjarar så til dei gradar firkanta? Dette har eg aldri fått noko godt svar på, men Gullvåg er faktisk i nærleiken med denne monologen. Nake og ærleg fortel han om oppvekst i Nordland der det naturlege valet for ein unggut ville vere å heie på Bodø/Glimt, men korleis ein tur til Trondheim opna auga hans for noko større, noko som etter kvart blei nesten religiøst, ja kanskje meir enn det, nemleg fascinasjonen for Rosenborg. Og når den vesle familien flyttar til Trondheim medan han framleis er ein yngling, og Lerkendal er i ti minutts gangavstand frå heimen, er både lykka og løpet lagt. Om dette fortel han varmt, inderleg og ganske nådelaust ærleg med ikkje så reint lite sjølvironi. Vi ler både av og med han, og forstår etter kvart at dette er identitet, og meir enn det; det er openbert heilt eksistensielt. Det er mye humor, det er litt trist, og det er det mest innsiktsfulle eg nokon gong  har fått presentert om å vere fotballfrelst. Eg var på nippet til å skrive fotballgal, og er freista til å omtale Gullvåg som ein fotballnerd, men framsyninga gjer noko med meg som får meg til å moderere språkbruken.

Ope, ærleg og med mye humor fortel han om supportarens opp- og nedturar, om kor omfattande kjærleiken er til fotballen generelt, men til Rosenborg spesielt, og ikkje minst om problema med å bli forstått og akseptert av teatervenner for denne ikkje veldig intellektuelle interessa. Og på same tid fortel han meir personlege historier om eigen oppvekst, familie og etter kvart temmeleg private forhald. Og eg tar meg i å lure på kvifor han må ta med dette i ein elles ganske humoristisk sak om det eigentleg heilt uvesentlege fenomenet fotball.

Men medan vi let oss underhalde, humrar og ler som om vi er og ser ein relativt god standupkomikar, og guarden er nede, slår Gullvåg med eitt ganske hardt attende og treff så det kjennest. Det personlege er ikkje litt teatralsk staffasje i all humoren. Dette er langt alvorlegare enn som så, låtten set seg fast i halsen og blir erstatta med ein klump medan vi slit med tårene og heilt andre kjensler. Eg skal ikkje røpe noko av narrativet, men Gullvåg fortel ikkje ei historie om ein vanleg fotballforelsking, men noko langt større og meir eksistensielt, og etter kvart forstår vi at alt i livet heng saman med alt.

Dette er Ole Christian Gullvågs personlege beretning og historie, men ho er skriven i samarbeid med og regissert av Aslak Moe. Det er ikkje eit tilfeldig val. Moe har dei siste åra instruert tre heilt ulike, men samstundes særs sterke monologar. Først var det Thomas Byes litt undrande «0 + 0 = 4» om saka mot Fredrik Fasting Torgersen (2014). Så kom Morten Joachims «Fire begravelser og ett bryllup» i 2016, og nå denne. I alle tre har Moe greidd å skape forteljarteater som held interessa hjå publikum heile tida, små dramaturgiske grep og vendingar som gjer at tilskodaren blir halde fast og må følgje med. Og sjølv om Morten Joachims historie handlar om at han på stutt tid gravla sine fire næraste på grunn av rusbruk, medan Gullvågs monolog meir er om ein altomfemnande og relativt ufarleg fascinasjon, er det likevel forbausande mye likt i dei to framsyningane som båe handlar om ulike junkies, om avhengigheit og om nære relasjonar. Og om kor skjørt og vanskeleg livet kan vere.

Saman med Aslak Moe har Ole Christian Gullvåg gitt oss eit varmt, personleg og nådelaust ærleg innblikk i livet og kvardagen til ein fotballfrelst person som til liks med oss alle er langt meir enn berre ein diagnose eller klistrelapp, men eit heilt menneske med ein lidenskap eg framleis ikkje fullt ut kan forstå, men som eg likevel nå ikkje er like fordomsfull mot. Og sjølv om han framleis «hate Molde by», trur eg dette er ei framsyning som godt kan bli vist til fansen på Røkkeløkka, på Guldbergaunet eller kor det måtte vere at det finst folk som både har menneskelege trekk, kjensler og problem, og som samstundes er glade i fotball.

Leave a Reply