Ver deg sjølv

FARVEL: Gjennom eit fyrverkeri av dans, musikk, lys og kostyme tar vi avskil med stereotypiane. FOTO: CHRISANDER BRUN

FARVEL: Gjennom eit fyrverkeri av dans, musikk, lys og kostyme tar vi avskil med stereotypiane. FOTO: CHRISANDER BRUN

TEATER

«Goodbye Kitty»

Barneteatret Vårt, Arbeideren, Ålesund
Av: Rebekka/Huy
Regi: Rebekka Nystabakk og Huy Le Vo
Komponist: Rakel Nystabakk
Scenografi, lysdesign og kostyme: Chrisander Brun
Med: Ellen Andreassen, Magnus Myhr, Lars August Jørgensen og Rakel Nystabakk

Kor fargerik og spennande verda er når folk får vere som dei er.

Ikkje på noko tidspunkt i livet er vi vel meir sårbare og usikre enn i dei ofte litt vonde åra i overgangen mellom barn og ungdom. Plutseleg tar kroppen til å oppføre seg annleis, det er viktige og formative år som legg grunnlag for identitet på alle område, og jamvel om ingen er A4, kjennest det på denne tida viktig å vere nettopp det. Barneteatret Vårt i Ålesund tek barn og ungdom på alvor, og har dei siste åra produsert den eine nyskapande og eksperimentelle framsyninga etter den andre. I ein samproduksjon med Rebekka/Huy har dei nå laga ei oppsetjing som er eit lite oppgjer med vanetenkinga, kjønnsroller og identitet, og som i staden er ein hyllest til mangfaldet. Oppmodinga er at det normale først og fremst må vere å vere seg sjølv.

Målgruppa er barn og ungdom frå 8 til 12, og gjennom langvarig arbeid med innspel frå ulike representantar for denne gruppa, har Rebekka/Huy arbeidd fram ein multimedial produksjon som er meir å sjå på som ei sanseleg oppleving enn ei vanleg teateroppsetjing. Presentasjonen er, som tittelen indikerer, eit farvel. Forma er ein avskilsfest med dans og høg musikalsk temperatur der publikum sit på golvet og framsyninga skjer både framom, bak og midt i blant oss. Slik blir vi inviterte inn i festen der vi skal vere med på å seie farvel til kjønnsstereotypiar, tvangstankar om rosa og lyseblått og mye meir. Gjennom eit fyrverkeri av ei framsyning får vi finne ut at folk får vere som dei vil, og det gjeld også oss sjølve.

Dette høyrdest då særs politisk korrekt ut, kan ein innvende, men det spennande er at det er nettopp det det ikkje er. Rett nok er det eit par monologar som, utan å vere særleg insisterande,  gir oss framsyningas credo, men presentasjonen er ingen peikefinger, men tvert om ei audiovisuell og særs sanseleg reise gjennom masse populærkulturelle referansar som er lett gjenkjennelege for målgruppa. Gjennom kreativ bruk av presentasjonsforma og språket til mye av den kulturen vi skal ta avskil med, blir vi tekne med inn i eit opplevingsunivers der publikum får høve til å tolke og forstå akkurat som dei sjølve vil. Og det er nettopp denne opninga for dei tolkingar du sjølv måtte ha, som gjer framsyninga så spesiell og vellukka. Gjennom særs dyktig lysdesign, ein enkel men likevel mangfaldig og kreativ scenografi, flotte kostyme, musikk som nesten er suggererande, song og ikkje minst energisk og særs ekspressiv dans, får dei fire på scena formidla ei sanseleg opplevingsreise og ein fargerikdom som gir rom for mye refleksjon.

(Meldinga stod i Klassekampen måndag den 6. november 2017.)

Leave a Reply