Historia om historiene

HYBRIS: Hynkels ynkelege draum om verdsherredøme. FOTO: STIG HÅVARD DIRDAL

HYBRIS: Hynkels ynkelege draum om verdsherredøme. FOTO: STIG HÅVARD DIRDAL

TEATER

«Chaplin: Diktatoren»
Rogaland Teater, Hovudscena
Av: Charlie Chaplin, Morten Joachim og Line Hofoss Holm
Regi: Morten Joachim
Scenografi: Arne Nøst
Kostyme: Christina Lovery
Komponist: Anders Brunvær Hauge
Koreografi: Martha Standal
Med: Lars Funderud Johannessen, Helga Guren, Ragnhild Arnestad Mønness, Glenn André Kaada, Svein Solenes, Line Starheimsæter, Henrik Bjelland m.fl.

Gjennom historia om historiene greier Morten Joachim å gi ein ny dimensjon til Charlie Chaplins ikoniske film.

Med filmen «Diktatoren» frå 1940 våga Charlie Chaplin der dei fleste i underhaldningsindustrien sat musestille i båten, eller det som verre var. Spesielt med det bakteppet verda har opplevd dei siste åra, er det merkeleg at ingen har tatt tak i Chaplins legendariske film der han med humor og latterleggjering synte kor ynkeleg både Hitler og nazismen var. Men nå har Rogaland Teater, Line Hofoss Holm og Morten Joachim gjort noko med det, og onsdag var det premiere, ikkje på ein ny versjon, men ei oppsetjing der vi er med på settet under filminnspelinga. Med dette grepet får vi fleire dimensjonar, og langt betre forståing av den ikoniske filmen.

Vi følgjer Chaplins alter ego, den jødiske barberaren og hans kjærast Hannah, diktatoren Hynkel og hans løytnantar Herring og Garbitsch, men også Charlie Chaplin sjølv og hans Paulette Goddard under innspelinga. Med illusjonsbrot i beste Brecht-tradisjon, blir vi rivne opp frå handlinga og flytta frå dei to parallelle historiene i filmen og til røyndomen i studio. Det er eit særs godt regigrep der Joachim greier å fortelje mange historier på same tid, samstundes som han, utan å vere eksplisitt, lagar dyktig politisk teater. At dei ulike aktørane stadig blir intervjua på video og fortel sine historier off record, gir framsyninga ein journalistisk og dokumentarisk dimensjon som understrekar kor turbulent den politiske situasjonen var i 1940, også i USA.

Det er eit vågalt prosjekt regissør Morten Joachim har gitt seg ut på, for dei fleste har eit forhold til både Chaplin og «Diktatoren». Men Lars Funderud Johannessen er eit funn i dei tre hovudrollene som Hynkel, barberaren og Chaplin. Eitt er at han fysisk liknar, men langt viktigare er at han har ein detalj- og nyanserikdom i spelet som gjer at han er like overtydande i alle tre rollene. Premierepublikummet fekk ein liten ekstra konfekt då barberaren fekk barberskum i myggen til Hannah. Då var det «kutt» og to minutts pause, som det ville ha vore på settet, men medan myggen blei fiksa, fylte Johannessen og pianisten Anders Brunvær Hauge pausen med eit improvisert danseopptrinn som sjarmerte publikum i senk. Elegant og profesjonelt. Og med seg har Johannessen eit botnsolid og velinstruert ensemble der særleg Helga Guren i to så ulike roller som Chaplins Paulette og barberarens kjærast Hannah, er like overtydande, samstundes som ho skapar ein fin kontrast til dei tre hovudrollene.

Det er ikkje mye ein diktator fryktar meir enn humoren, og denne produksjonen er gjennomsyra av satire og komikk til minste detalj. Og jamvel om alle dei beste scenene frå filmen er med, er det også mye nytt. Men bak latterleggjeringa er det alvorlege bakteppet alltid like synleg. Scenografien til Arne Nøst er med sin naivistiske presentasjon av settet og kulissane i filmstudioet full av små humoristiske opplevingar, og det same gjeld koreografien til Martha Standal der dans, rørsle og kroppsspråk er utsøkt og fylt med komikk, toppa av ein herleg dans mellom Hynkel og Garbitsch (Glenn André Kaada).

Oppsetjinga er blitt ein hyllest til humoren som våpen, til ytringsfridomen og til eitt av filmhistorias største namn. Når barberaren i finalen blir forveksla med Hynkel og får halde si demokratiske og nærast pasifistiske tale, veit vi i dag at dette var Chaplin sjølv som nytta filmen som talarstol for draumen om demokrati og humanisme. Framleis blir det diverre med draumen.

(Meldinga stod i Klassekampen laurdag den 18. november 2017.)

Leave a Reply