Draumar og dårskap

SVIGERINNA: I familien Prozorovs innhaldslause tilvære er det berre den sosiale klatraren Natalja som har ein plan. FOTO: DAG JENSSEN

SVIGERINNA: I familien Prozorovs innhaldslause tilvære er det berre den sosiale klatraren Natalja som har ein plan. FOTO: DAG JENSSEN

TEATER

«Tre søstre»
Nordland Teater, Hovudscena
Av: Anton Tsjekhov
Omsett av: Kjell Helgheim
Regi og bearbeiding: Morten Borgersen
Scenografi og kostyme: Milja Salovaara
Lysdesign: Martin Myrvold
Med: Liv Bernhoft Osa, Ellen Birgitte Winther, Nina Ellen Ødegård, Rune S. Løding, Lena Jacobsen Kvitvik, m. fl.

Vakkert, trist og velspela, men litt sprikande om det innhaldslause i tilværet.

Vi er i det førrevolusjonære Russland der overklassen har vanskar med å fylle livet med innhald. Tre systrer og bror deira har i elleve år budd i ein liten garnisonsby langt frå metropolane. Mora er for lengst død, og det er eitt år sia faren, som var general, også gjekk bort. Livet er eit keisamt tidsfordriv, medan alle offiserane som vankar i huset kan by på små avbrot. Systrene drøymer om noko større, og mest av alt om å flytte attende til Moskva. Draumen om eit betre liv er så universell at Anton Tsjekhovs drama framleis kan seie oss mye om menneskeleg dårskap, lengt og kjærleik.

Nordland Teater har henta inn tre særs dyktige skodespelarar som fyller dei tre systerrollene til fulle. Den eldste, Olga, (Liv Bernhoft Osa) er skulelærar og den rasjonelle, Masja (Ellen Birgitte Winther) er ulukkeleg gift med ein gymnaslærar. Ho er oppfarande, humørsjuk og tidvis infam, og forelskar seg i ein gift oberstløytnant. Yngstesystera, Irina (Nina Ellen Ødegård) er håplaust forgapt i draumen om å kome seg til Moskva. Broren deira, Andrej (Rune Løding), har intellektuelle karriereplanar og kan vere den som får dei ut og vekk, men han giftar seg med ei lokal jente og mistar etter kvart ambisjonane.

Dei tre systrene er framifrå, og vakkert spela der dei på eine sida framstår som synkrone skuggar av kvarandre som tidvis går opp i ei høgare eining, og der dei samstundes greier å formidle så vidt forskjellige karaktertrekk. Det er presist og nyanserikt i eit beherska stillferdig spel, stort sett utan store fakter. Som ein kontrast til desse forfina overklassekvinnene står  Andrejs kone, Natalja, som kjem inn i familien som ein blyg noksagt, men som etter kvart overtek heile styringa og er den einaste med ein klår plan for livet sitt, overtydande spela av Lena Kvitvik.
Merksemda er sjølvsagt om dei fire kvinnene. Mennene er, med eit mogeleg unnatak for Andrej, ikkje så interessante. Men i Morten Borgersens regi er dei blitt vel mye statistar og har fått for lite å spele på. Det verkar tidvis nesten som dei har ei rolle i ei anna framsyning.
Milja Salovaara har laga nydelege og tidsriktige kostyme som er ei visuell oppleving i seg sjølv, medan  scenografien hennar er enkel og stilisert og med draumen om Moskva som eit vel tydeleg fondmotiv.

«Tre søstre» er blitt ei litt sprikande oppsetjing, vakker og velspela med fire særs sterke og interessante kvinneroller, men på same tid med litt for utydelege og anonyme menn.

(Meldinga stod i Klassekampen måndag den 9. oktober 2017.)

Leave a Reply