Med tydeleg adresse

ÅLEINE: Kva gjer du når alle rundt deg blir støyande nashorn? FOTO:  ARILD MOEN

ÅLEINE: Kva gjer du når alle rundt deg blir støyande nashorn? FOTO:  ARILD MOEN

TEATER

 «Neshornet»

Teatret Vårt, Kulturhuset Ørsta
Av: Eugène Ionesco
Omsett av: Lisa Thomas Olsen
Regi: Viktor Tjerneld
Scenografi og kostyme: Franciska Zahle
Masker: Cårejånni Enderud
Med: Bjørnar Lisether Teigen, Valborg Frøysnes, Hugo Mikal Skår, Lars Melsæter Rydjord, Vivi Sunde, Johanna Mørck, Linn Bjørnvik Grøder, Eline Øverby.

Eit absurd teater som diverre ikkje lenger er like absurd.

Den rumensk-franske dramatikaren Eugène Ionesco blir rekna som ein av skaparane av det absurde teater. I hans drama møter vi folk som snakkar til, men ikkje med kvarandre, slik kvardagssamtalane våre ofte er, presentert humoristisk og lett å kjenne att. «Neshornet», frå 1960, er eit oppgjer med flokkmentalitet og framveksten av nazistiske stormtroppar. Symptomatisk for den tida vi lever i, er det at to norske teater set opp dette stykket med berre to vekers mellomrom, først Det Norske Teatret, og nå Teatret Vårt med premiere i Ørsta sist laurdag. Framsyningane er heilt ulike, men båe syner at Ionesco i dag er vel så aktuell som for 60 år sia.

Det er sundag formiddag på torget i ein liten søvnig by der vår mann Bérenger (Bjørnar Lisether Teigen) er i bakrus og vil reparere, men møter alvorleg motstand hjå sin beste ven, Jean (Valborg Frøysnes), ein sjølvhevdande moralist med påstått integritet og viljestyrke. Bakteppet er andre innbyggjarar som alle er opptekne av det litle og uvesentlege. Så blir brått idyllen broten av eit støyande og brautande nashorn. Alle er sjølvsagt forundra, men når støvet har lagt seg, går diskusjonen om dyret hadde eitt eller to horn, og ikkje kva dette eigentleg dreidde seg om. Så kjem eit nashorn til, men drøset lèt seg ikkje påverke av det heller. Etter kvart blir det meir alvorleg, og ein etter ein blir byens innbyggjarar nashorn. Moralens vaktarar, dei lærde og prinsipielle lèt seg alle omvende. Berre Bérenger held att. Frå å vere ein grå og anonym person utan ryggrad, syner det seg at han har nokre humanistiske og demokratiske ryggmargsrefleksar som gjer at han held stand.

Likskapen til dagens situasjon er openberr; framveksande nazisme, flokkmentalitet, og presidentvalet i USA. Den svenske regissøren Viktor Tjerneld stoler på publikum og har halde seg frå å dra parallellar. Ved at vi får lov å forstå dette sjølve, gjer han handlinga sterkare. Eit anna regival er ikkje like heldig. Absurd teater er oftast også humoristisk i all sin surrealisme. Men Tjerneld har vald å overdrive dette ved å lage særs karikert overspel, spesielt i 1. akt. Det er mogeleg han gjer det for å syne kontrastane og utviklinga av alvoret, men for meg kom det i vegen for innhaldet. Berre Bérenger har ei rolle som ikkje er karikert.

Scenografien til Franciska Zahle er relativt enkel, men kostyma hennar er særs kreative og i eit stilhistorisk mangfald som syner at dette kan vere når som helst. Framsyninga er fire tablå i to aktar, presentert i eit ganske heldig metagrep der Vivi Sunde i voiceover gir forklåring og scenetilvisingar, og også grip inn i direkte dialog med aktørane. Mot slutten blir spelet mindre karikert. Då blir også handlinga meir intens, og Bérengers tviling fram til ein rakrygga epilog blir eit gripande og sterkt punktum.

(Meldinga stod i Klassekampen måndag den 30. oktober 2017.)

Leave a Reply