Eit hav av tid?

 TEATER

MØNSTRE PÅ: Å ta seg jobb i handelsflåten var kanskje ikkje det luraste ein gjorde i 1917 sjølv om det var gode pengar. FOTO. SAMFUNDET.NO

MØNSTRE PÅ: Å ta seg jobb i handelsflåten var kanskje ikkje det luraste ein mann kunne gjere i 1917 sjølv om det var gode pengar. FOTO. SAMFUNDET.NO

«Ettermæle»
Nattforestillinga, UKA-17, Studentersamfundet i Trondhjem
Av: Kristian Aarvåg Kvam
Instruktør: Thea Harnes André
Scenografi: Anna Caroline Syse
Kostyme: Kari Melhuus Jenssen
Komponist: Torbjørn Kobberstad
Med: Studentersamfundets Interne Teater (SIT)

Nattframsyninga er alltid prøving og feiling, og teater utan tryggingsnett. Då er det heilt greitt å feile frå tid til anna.

Sia den legendariske og ikoniske første nattframsyninga «Vi kjente ham i grunnen ganske godt» i 1995, har dette vore ein arena der SIT har kunna leike, eksperimentere, feile og lukkast utan at det gjorde så mykje. Som ein kontrast til revyen som kunne vere traust og trygg og måtte tene pengar, kunne ein her utforske scenekunsten utan at det fekk så mye å seie for botnlina. Sjølv om resultata har vore ganske ulike i spennet frå det heilt store til det temmeleg mislukka, har eg likevel, eller kanskje nettopp difor, fått eit hjarte for nettopp denne delen av UKA. Eg har alltid meint at for å bli god, må du våge å feile. Og om du har ambisjonar, må du aldri spele teater med tryggingsnett.

Alt dette seier eg fordi det er viktig å ha det med seg i bagasjen når ein skal sjå og vurdere nattframsyninga. Årets produksjon, som heiter «Ettermæle» spelar litt på at UKA er 100 år i år, og tek oss attende til 1917. Det er verdskrig, og sjølv om Norge er nøytralt og held seg utanfor, tener reiarane og handelsflåten stort medan norske sjøfolk må betale prisen. Samstundes held fem entusiastar i Stiftsstaden på med å følgje draumen sin om å lage teater. Eit ungt ektepar, eit litt umake syskenpar, og ei vertshusvertinne som held øvingslokale. Ei stund trudde eg dette var ein hyllest til dei som laga UKE og revy for hundre år sia, men det var det ikkje. Vi følgjer prøver på noko som neppe kan bli særleg bra, personlege og interne problem mellom deltakarane og mya anna. Diverre alt for mye anna.

Dette er ei framsyning som vil så alt for mye, og som korkje greier å avgrense seg eller bestemme seg. Her er draumen om å gjere det ein brenn for trass i kva det måtte seie for økonomisk tryggleik, det er krigsproblematikk, alkoholisme, litt homofili, den avgrensa tida vi har saman og mye anna. Utgangspunktet er ein sprikande tekst utan retning, rett nok med ein viss dramaturgisk stigning, men diverre særs føreseieleg. Og gjennom regi og personinstruksjon blir han heller ikkje løfta særleg, sjølv om eit par av aktørane gjer gode rolletolkingar, særleg den meir enn overtydande Randi, nyanserikt framført av Iven Celin Ålråk. Og så må eg få gi ros til det fine tonefølgjet som Torbjørn Kobberstad har laga.

Eit mantra i denne framsyninga er «uendeleg med tid». Eg ser at nattframsyninga denne gongen ikkje på same vis som tidlegare er skriven og produsert av eit kollektiv. Eg trur nok at ein ved å bruke meir tid, men ikkje minst ved å vere fleire til å kritisere og utfordre, ville kunne ha fått eit betre resultat. SIT får ha meg orsaka, men denne nattframsyninga må nok skrivast på kontoen for dei eksperimenta som ikkje lukkast, men som altså må til og er heilt naudsynte for ein gong å gjere det store.

Leave a Reply