Mørkets forbanning

TEATER

TOMGANG: Tosemda gjer at samtala etter kvart går på tomgang. FOTO: MARIUS FISKUM

TOMGANG: Tosemda gjer at samtala etter kvart går på tomgang. FOTO: MARIUS FISKUM

«Sønnen»
Hålogaland Teater, Scene øst
Av: Jon Fosse
Til nordnorsk av: Ragnar Olsen
Regi, scenografi og kostyme: Sølvi Edvardsen
Lysdesign: Ola Bråten
Lyddesign: Kolbjørn Lyslo
Med: Jørn Fuller-Gee, Ketil Høegh, Kristian Fr. Figenschow og Guri Johnson

Etter ei nydeleg opningsscene verkar det som regissøren ikkje lenger har tillit til teksten.

Hålogaland Teater har ikkje sett opp Jon Fosse tidlegare, og debuterer nå med «Sonen» frå 1997. I Ragnar Olsens sikre omsetjing til eit munnleg og naturleg nordnorsk, er tittelen blitt «Sønnen».

Eit godt vakse ektepar (Ketil Høegh og Guri Johnson) bur på ein liten plass der det berre er dei sjølve og ein drikkfeldig nabo (Kristian Fr. Figenschow) att. Alle andre har anten flytta eller døydd. Det er seinhaustes og tomt i alle husa. Ikkje eingong gatelys har dei. I den kvardagslege, stadig repeterande og tilsynelatande inkjeseiande samtala mellom dei to, er mørket eit hyppig tilbakevendande tema. Etter kvart får vi også vete at paret har ein son dei korkje har sett eller høyrt frå på lange tider. I følgje naboen skal han sitje i fengsel, men det vil dei to helst ikkje tru på. Tidsfordrivet deira er små rituelle syssel, tomgangsprat og å sjå ut i mørket Og når rutebussen kjem, ser dei at ikkje berre naboen går av, men også ein til. Han liknar, men det kan då ikkje vere?

Jo, så er det sonen (Jørn Fuller-Gee) som kjem på uventa besøk. Og like etter kjem også naboen. Då han held fram med å påstå at sonen har sete inne, og sonen let seg provosere av dette, utviklar det seg etter kvart til eit intenst lite drama som endar ganske tragisk.

«Sønnen» er eit stykke om fråflytting og einsemd, om mørke både reelt og i menneskesinnet, og om vanskeleg og manglande kommunikasjon. Framsyninga opnar særs lovande med eit finstemd samspel mellom Høegh og Johnson der dei let Fosses tekst få henge i lufta og gjere jobben, tek seg gode pausar, og skildrar dei to med ein varme og ei innleving som er imponerande. Eit gamalt ektepar som fullfører setningane for kvarandre, så vart og ekte formidla, og i tillegg med ein god porsjon humor.

Men så verkar det som regissør Sølvi Edvardsen ikkje lenger vågar å lite heilt på Fosses tekst. Edvardsen, med bakgrunn som biletkunstnar og koreograf, har ansvar for både regi, scenografi og kostyme. Ho har skapt eit stilisert og symboltungt scenerom som med fordel kunne ha vore gjort enklare. Det blir diverre ein god del effektar som stel merksemd frå tekst og handling. Og son og nabo har ikkje fått dei naudsynte nyansane å spele på, men blir altfor tydelege. Fosses tekst treng ikkje slik ekstra forklåring. Og når handlinga ofte blir avbrote av stilisert dans for ytterlegare å detaljtolke teksten, blir det i meste laget. Ketil Høegh og Guri Johnson synte oss i opningsscena kor god Fosses tekst er når han får stå på eigne bein.

(Meldinga stod i Klassekampen laurdag den 30. september 2017.)

Leave a Reply