Vennskapets kunst

TEATER

KUNST ELLER DRIT?: Eit kvitt måleri set vennskap på store prøver. FOTO: MARIT ANNA EVANGER

KUNST ELLER DRIT?: Eit kvitt måleri set vennskap på store prøver. FOTO: MARIT ANNA EVANGER

«Kunst»
Turnéteatret i Trøndelag, Hovudscena
Av: Yasmina Reza
Omsett av: Christine Amadou
Regi og bearbeiding: Maren E. Bjørseth
Scenografi og kostyme: Olav Myrtvedt
Lysdesign: Eirik Brenne Torsethaugen
Musikk: Torgny Amdam
Med: Tore B. Granås, Terje Ranes og Hans Petter Nilsen

Små handlingar kan av og til verke meir provoserande enn ein skulle tru.

«Kunst» av den franske dramatikaren Yasmina Reza er ein uvanleg tett og intelligent tekst om kor lite som skal til for å setje gamalt vennskap på stor prøve. Frå det blei skrive i 1994 har det blitt sett opp over heile verda, og hausta stor fagnad og vunne mange prisar. Med utgangspunkt i fransk middelklassesnobberi er det eit humoristisk lite kammerspel som har langt fleire botnar enn den fysiske handlinga skulle tyde på.

I eit relativt lukka rom, minimalistisk utsyrt av Olav Myrtvedt, der alle aktørane er til stades heile tida, og der vi ved hjelp av lys- og lyddesign vekslar mellom dei ulike tablåa, får tre gamle kompisar sett vennskapet sitt på stor prøve av ei tilsynelatande liten og ubetydeleg handling. Simen (Terje Ranes) er hudlege, fråskilt, har både kulturell og økonomisk kapital og har omsider kjøpt eit måleri han i lang tid har hatt lyst på. Det er eit stort kvitt lerret med nokre nesten usynlege kvite striper på, og det kosta ein halv million. Forventningsfull som ein unge på julaftan vil han vise fram bildet til kameratane. Men Magnus (Tore B. Granås), ein langt meir nytteorientert ingeniør, let seg ikkje blende. Tvert om. Han kallar bildet noko drit, blir provosert over at hans beste venn har ein så stor personlegdomsbrest at han kan gjere noko så idiotisk, og så er vi i gong. Yngve (Hans Petter Nilsen), den tredje av vennane, opphaveleg ein speloppmakar, men i dag langt meir tragisk, er meir forsonande, og trass i at han sjølv har ein kunstsmak som tenderar mest mot elg i solnedgang, freistar han å sjå kvalitetar i bildet, og det verkar endå meir provoserande på Magnus.

Det som i utgangspunktet er ein diskusjon mellom tre ganske ulike mennesketypar om kunst, kvalitet og keisarens nye klede, tar etter kvart heilt av og blir ein eksistensiell prøve på vennskapen deira gjennom vondsinna åtak der alt gamalt slagg og usemje etter kvart kjem opp i dagen. Yasmina Reza har skrive ein tekst som bør vere gjenkjenneleg for dei fleste og med eit utal dramaturgiske vendingar som gjer at intensiteten blir halden oppe heile tida. At ho som kvinne har greidd å skildre mannleg vennskap og dialog så autentisk og ekte, er imponerande.

«Kunst» er først og fremst ein strålande tekst, og ein uvanleg god dialog, eit stykke som ikkje inviterer til dei store scenografiske eller regimessige grepa. Kor vellukka oppsetjingane blir, er for det meste avhengig av ensemblespelet til dei tre på scena. Olav Myrtvedt har vore tru mot dette konseptet og laga ein minimalistisk scenografi der det er openbert at dette er teater og ikkje røyndom, og saman med lysdesignen til Erik Brenne Torsethaugen og musikken til Torgny Amdam har han laga lett fattelege sceneskift utan å måtte ommøblere.

Jamvel om både tekst og tematikk er ganske ålmenn, er det ikkje til å kome frå at stykket er henta frå eit fransk middelklassemiljø. Regissør (og stjørdaling) Maren E. Bjørseth har gjort denne produksjonen noko meir inant med referansar til Trøndelag og lokale fenomen, samt nokre diskrete, men utsøkte metagrep. Det har vore gode val som gjer framsyninga langt meir tilpassa turneliv i nordfylket. Og med tre aktørar som alle får nytte sin uforfalska trønderdialekt, blir handlinga tettare på og meir autentisk enn det litt meir intellektuelle, franske titteskapet teksten kan invitere til. Og der finalen i tekstgrunnlaget blir eit lite antiklimaks med ein nesten moralistisk epilog, har Bjørseth laga ei poetisk og vakker avslutning som gir framsyninga ein ekstra dimensjon.

Dei tre på scena kosar seg tydeleg, er fortrulege med teksten og typane og leverer eit tett og solid kammer- og ensemblespel. Det er mye tekst, og ein verbal pingpong som set store krav til timing og presisjon, og alt dette fungerer til fulle. Og om eg skal få framheve noko i eit generelt velspela og godt framført stykke, må det vere monologane til Hans Petter Nilsen der han får synt at den tidlegare suksessen han hadde med monologane til Dario Fo ikkje var ei tilfeldigheit. Dei munnrappe einetalane hans var små konfektar som sette både kameratane og oss i salen heilt ut.

«Kunst» er den første eigenproduserte framsyninga til Turnéteatret i Trøndelag etter namneskiftet og opninga av nytt teaterhus. Oppsetjinga er ei gåve til publikum, og eit lovande frampeik om kva Turnéteatret kan bli for scenekunsten i det nye storfylket.

Leave a Reply