Alt kan brukast opp att

TEATER

EGGERØYRE: Alt kan brukast, og her er det pisking av egg drive av ein forbrenningsmotor. FOTO: HARALD ØREN

EGGERØYRE: Alt kan brukast, og her er det pisking av egg drive av ein forbrenningsmotor. FOTO: HARALD ØREN

«Garage»
Cirka Teater og Turnéteatret i Trøndelag, Black Box
Av: Cirka Teater
Regi: Espen Dekko
Scenografi: Gilles Berger
Kostyme: Jenny Hilmo Teig
Komponist: Martin Smith
Med: Paal Viken Bakke og Gilles Berger

 

Ei humoristisk reise inn i mekanikkens magiske verd, og ikkje utan overraskande vendingar.

Laurdag var det høgtideleg opning av det nye teaterhuset til Turnéteatret i Trøndelag (tidlegare Nord-Trøndelag Teater), sentralt plassert i Verdal. Teateret hadde to opningsframsyningar, og den første var også ein urpremiere i samarbeid med Cirka Teater i Trondheim. Dette kompaniet har gjennom ein dryg mannsalder utmerka seg med fysiske og særs visuelle produksjonar, og Gilles Berger har ofte vist seg som reine trollmannen på sinnrik scenografi. Det passa også spesielt godt å velje Cirka Teater og Berger til opningsframsyninga, ettersom den kunstnarlege utsmykkinga av nybygget var eit bokstaveleg talt grensesprengjande kunstverk signert nettopp Gilles Berger.

Og det er nettopp det grensesprengjande og magiske som Berger er ein ekspert på. Til opninga av Gardermoen flyplass laga han ei framsyning der tyngdekrafta blei oppheva og koffertar flaug gjennom lufta. Jamvel om vi veit at han lurar oss, likar i alle fall eg å bli lurt når det skjer på dette viset.

I «Garage» spelar Berger sjølv, og ettersom det er mye mekanikk som skal fungere, er nok det lurt. Med seg har han Paal Viken Bakke, og dei er to uvanleg leikne og kreative mekanikarar. Dei held til i ein garasje eller eit lager av alt mogeleg gamalt mekanisk skrot. Som ein Espen Oskeladd går dei på oppdagingsferd i rotet, finn eitt og anna, og er like entusiastiske same kva dei kjem over. I ei framsyning utan dialog tek dei oss med inn i gjenbrukens og mekanikkens verd der det meste kan nyttast, og til alt anna enn det var tiltenkt, og der ei høne, nokre egg, gamle motorar, pressluft, gassbrennarar og conveyorband kan by på både lun humor og store overraskingar.

Regissør Espen Dekko lar dei to ta seg god tid, og det er befriande å oppleve ei humoristisk oppsetjing som stoppar opp og dveler slik at vi kan nyte alle detaljane i staden for å haste vidare frå poeng til poeng. Framsyninga er ein hyllest til undringa og kreativiteten der inga oppgåve er for lita til å bli løyst omstendeleg og grundig. Dei to utfyller kvarandre godt, og jamvel om her ikkje er dialog, er kommunikasjonen mellom dei likevel tydeleg.

Med så mye mekanikk kan det meste gå gale, og gjer det også. Eller? Gilles Berger er ein luring som likar å lage uforklårleg magi. Denne gongen byr han også på lureri og overraskingar utan at eg skal røpe kva det er, men på premieren fekk han uventa hjelp som gjorde at det ei stund var uråd å vite kven som lurte kven. I mekanikkens fascinerande verd kan alt skje, og i denne poetiske framsyninga som passar for alle dei som framleis har barnets undring i seg, er det meste mogeleg.

(Meldinga stod i Klassekampen måndag den 11. september 2017.)

Leave a Reply