Rapport frå ei sjukeseng

TEATER

LANGLIGGJE: Mange spørsmål reiser seg for den som har vore langliggjar på eit sjukehus. FOTO: VEGARD SCHJELDERUP WIGUM

LANGLIGGJE: Mange spørsmål reiser seg for den som har vore langliggjar på eit sjukehus. FOTO: VEGARD SCHJELDERUP WIGUM

«Langligger»
Teaterhuset Avant Garden, Trondheim
Av Teater Fusentast v/Coby Omvlee
Regi: Anne Mali Sæther
Scenografi: Gilles Berger og Jenny Hilmo Teig
Video, musikk, lyddesign: Randi Størseth
Med: Coby Omvlee

Eit lågmælt og personleg dokumentarteater, med balansert og humoristisk distanse til det traumatiske og sjølvopplevde.

Etter ei bilulukke i 2011 fekk Coby Omvlee i «Teater Fusentast» eit langvarig og ufriviljug møte med norsk helsevesen. Med øydelagd tarm og behov for både akutt hjelp og oppfølging, opplevde ho eit heilt år med opphald på sjukehus og helsehus, operasjonar som både var mis- og vellukka, for tidleg utskriving til rehabilitering, attende att til sjukehus, feilvurderingar som kunne ha vore dødelege, flinke folk, ikkje så flinke folk, system- og rutinefeil. Og meir til. Omvlee er gift med ein lege, og dei meinte vel båe at dei kjende og hadde tillit til helsevesenet. Men så var ikkje røyndomen slik dei trudde. Nå er det blitt teater av opplevingane, og i helga var det urpremiere på Teaterhuset Avant Garden i Trondheim.

Som teatermeldar er eg denne gongen ikkje heilt gild. Eller kanskje er det nettopp det eg er? I dei siste åtte åra har eg sjølv vore utsett for to alvorlege ulukker, vore operert seks gongar og opplevd feilvurderingar og medaljens bakside. Men også møtt eit helsevesen som på sitt beste er verdas fremste, og som altså har mange sider. Det er til dømes ekstrem sprik mellom framifrå akuttmedisin og elendig oppfølging, og mellom arbeidet på golvet og den helsefaglege leiinga. Difor var eg skeptisk, for det er lett å bli einsidig, men den grava fell ikkje Omvlee i, og det er godt gjort når ein veit kva ho har opplevd.

Scena er ei sjukehusseng med tilhøyrande stativ for intravenøs føde, væske, medisinering og andre remedium. Og på bakscena får vi bilde og videoprojeksjonar samt ei rekkje stutte intervju med folk frå ulike nivå i og rundt helsevesenet. Åleine på scena er Omvlee som lågmælt og nesten naivistisk fortel si historie med ein distanse som var imponerande, særleg gitt dei alvorlege konsekvensane ho var truga av undervegs. Nettopp fordi dette ikkje blir insisterande, men heilt nøkternt forteljande, med mye sjølvironi og humor, og samstundes kontrastert av gode minne om alt det som faktisk er bra, blir framsyninga og kritikken ekstra sterk. Det er sjølvsagt ei personleg historie som ikkje utan vidare kan generaliserast, men Omvlee gjer heller ikkje noko forsøk på å påstå at dette er heile sanninga. Det er eit personleg og litt undrande vitnemål, velregissert og presentert som akkurat det. Coby Omvlees «Langligger» er balansert, humoristisk, innsiktsfullt, og på same tid både godt teater og eit framifrå utgangspunkt for å diskutere helsepolitikk generelt og new public management spesielt.

(Meldinga stod i Klassekampen måndag den 6. mars 2017.)

One Response to “Rapport frå ei sjukeseng”

  1. Marianne Thallaug Wedset sier:

    Hei og takk for fin anmeldelse av stykket og Cobys innsats. Jeg gleder meg til å se forestillingen.
    Men som mangeårig lysdesigner lurer jeg på hvorfor alle som er medvirkende er nevnt,- bort sett fra lysdesigneren. Du er ikke alene om å utelate informasjon om hvem som gjør at en forestilling ikke blir radioteater, men det er en mangel det er like pinlig å registrere hver gang.
    Jeg synds jo også det er rart at hele den visuelle delen av forestillingen ikke er nevnt i kritikken, utover at det foregår i en seng og at det projiseres bilder og intervjuer på «bakveggen». I faktadelen vises det til regi, scenografi, video, musikk og lyddesign. I og med dette er en teaterkritikk bør det være en kritikk av den helheten teater er.
    Vennlig og fremdeles optimistisk hilsen
    Marianne

Leave a Reply