Kva er sanning?

 

TEATER

SPEIL: Helvete er eit speil der ein aldri kan gøyme seg. FOTO: ARILD MOEN

SPEIL: Helvete er eit speil der ein aldri kan gøyme seg. FOTO: ARILD MOEN

«Helvete er de andre»
Teatret Vårt, Molde
Av: Eline Arbo
Regi: Eline Arbo
Scenografi: Juul Dekker
Kostyme: Sarah Nixon
Lysdesign: Finn Landsperg
Med: Sara Fellman, Johanna Mørck, Lars Melsæter Rydjord, Bjørnar Lisether Teigen

Kva er sant, kva er regi og kva er improvisert?

I samband med opninga av festivalen «Teaterfest» skulle Teatret Vårt ha sett opp «For lukkede dører» av Jean Paul Sartre. Men då arvingane låg i rettstvist om rettane, fekk teateret ikkje lov. I staden let dei regissøren Eline Arbo lage ein parafrase over Sartres stykke. Så kjem premieren, og tre skodespelarar listar seg motstrevande fram på scenekanten og fortel ei heilt anna historie. I åtte veker har dei øvd på «For lukkede dører», men for nokre få dagar sia fekk dei vite at rettane ikkje var på plass. Nå står dei her, rådville, forbanna, skuffa og med publikum i salen. Det blir til at dei fortel kva som har skjedd og gir eit innblikk i kva dei skulle ha spela. Så blir dei dristigare, gløymer redsla for å bli saksøkte, og vi får sjå både scenografien og meir til. Det er med andre ord duka for eit skikkeleg metateater med uendeleg mange lag, og aldri godt å vite kva som er sant og ikkje.

Sartres stykke frå 1944 handlar om tre personar i helvete, ein stad der det er umogeleg å gøyme seg for blikket frå dei andre, noko som gjer at dei opptrer i tråd med forventningar, og ikkje som frie individ. Med dette og Sartres fridomssøkjande eksistensialisme som bakgrunn, utforskar Arbo dagens sjølvopptekne selfiekultur der vi må bli sett, likt og prestere. Heile tida.

Det er blitt ei særs fornøyeleg framsyning der Arbo held opp speil etter speil i dei mange laga ho avdekkjer. På absurd vis greier ho både å lage ein Sartre for dummies og å seie vesentlege ting om vår samtid, samstundes som ho boltrar seg i teatermetaforar og -referansar. Det er intelligent gjort, og det mest imponerande er at ho har skapt ein dramaturgi der ho greier å halde oppe trykket nesten heile tida og aldri sluttar å overraske.

Dei tre på scena, Josef (Lars Melsæter Rydjord), Inez (Sara Fellman) og Estelle (Johanna Mørck) spelar både seg sjølve og dei rollene dei skulle ha hatt Dei er særs ulike personar som tar rollene heilt ut på fornøyeleg, lett karikert, og forbausande truverdig vis samstundes som dei går ut og inn av illusjonen. Når dei etter kvart vågar å la teppet gå opp, blir det heile i tillegg ei visuell oppleving. Juul Dekkers scenografi saman med kostyma til Sarah Nixon og Finn Landspergs utsøkte lysdesign gjer framsyninga til eit verkeleg speilbilde av vår tid. I det postfaktuelle samfunnet er det umogeleg å vite kva som er sant og ikkje, kva som er regi eller improvisert. Her blir vi haldne for narr.

«Helvete er de andre» er Eline Arbos regi- og dramatikardebut i Norge, og sjølv om ho i finalen ikkje stolar heilt på publikum og blir vel omstendeleg, er dette ein formidabel debut.

(Meldinga stod i Klassekampen laurdag den 11. mars 2017.)

Leave a Reply