Endetidsstemning

TEATER

OPPGITT: Ikkje mye optimisme å sjå hjå denne desillusjonerte gjengen. FOTO: JOHANNES LAUKELAND FESTER SUNDE

OPPGITT: Ikkje mye optimisme å sjå hjå denne desillusjonerte gjengen. FOTO: JOHANNES LAUKELAND FESTER SUNDE

«Brødrene Karamasov»
Trøndelag Teater, Gamle scene
Dramatisering, regi og scenografi: Ole Johan Skjelbred
Kostymedesign: Ane Aasheim
Lysdesign: Tommy Geving
Lyddesign: Anders Schille
Med: Hildegunn Eggen, Stine Fevik, Kathrine Torborg Johansen, Ida Cecilie Klem, Vetle Bergan, Andreas Stoltenberg Granerud, Christian Ruud Kallum og Petter Winther

Om desillusjonerte, dekadente og trøytte menneske i ei endetid.


«Brødrene Karamasov» på Trøndelag teaters gamle scene opnar med at dei tre kvinnene i stykket, vendt mot salen, og framført som eit gresk kor stiller spørsmålet: «Hvorfor bruke tid på dette?» Og med det har Ole Johan Skjelbred sett standarden for framføringa i eit spenn frå antikken til i dag der han spelar på alle teatrale (og teatralske) verkemiddel som er mogeleg å finne på. I løpet av dei siste åra har Skjelbred sett opp tre nyskapande og spennande produksjonar på Trøndelag Teater, den Heddanominerte «Moby Dick» av Henry Melville, «Dager under» av Arne Lygre, og «Det er bedre å kappe det av enn å gå gjennom livet», basert på tekstar av Lisa Lie. Nå har han dramatisert Fjodor Dostojevskijs romankoloss «Brødrene Karamasov», tatt med seg meir av Lisa Lies univers enn Dostojevskijs, og med det som bakgrunn freista å seie noko om vår tid. Om ein skal ta kortversjonen, handlar romanen om fire brør, eit fadermord, mange religiøse overtonar og rivalisering over ei kvinne. Og han dreier seg om skuld. Alle elementa er her framleis, men eg trur det er ein fordel å gløyme Dostojevskij om ein skal ha utbytte av denne framsyninga for jamvel om romanens forteljing er oppstykka, er denne framsyninga delt opp til det nesten pulveriserte.

Skjelbred tar oss med til ei desillusjonert og dekadent endetidsstemning frigjort frå tid, stad og delvis også kjønn der alt er fragmentert. I form er dette punk, trash, meta og splatter der det meste blir presentert oversminka og i store bokstavar, og med ikkje så reint lite humor. I heile første akt sit eg og lurar på om koret kanskje hadde rett med opningsreplikken sin, for det meste verka temmeleg meiningslaust.

Det er før det eksistensielle, – tilhøvet mellom dei heilt ulike brørne, –  og mellom dei og den ufordragelege faren gradvis tar til å gå opp for meg, Før eg fatta kjærleikens kår i ei endetid og ser at dette ikkje lenger er ei mordgåte, men handlar om skuld og moralfilosofi. Då fell ein del brikker på plass, men vegen dit er nok alt for lang og omstendeleg til at dette blei ein heilt vellukka produksjon.

Når han, trass i mye uforståeleg bad taste, søppel og digresjonar likevel greidde å halde meg fast, skuldast det i vel så stor grad ensemblet på åtte som maktar å gi oss forbausande  nyanserte tolkingar trass i karikering og overspel, og som tidvis leverer framifrå spel, toppa av ein strålande Vetle Bergan som yngstesonen og den religiøse grublaren Aljosja.

(Meldinga stod i Klassekampen laurdag den 18. mars 2017.)

 

Leave a Reply