Ser du det du ser?

TEATER

EKTE: Innpakka i plast er det vanskeleg å vite kva som er ekte. FOTO: TROND-ATLE FARESTVEIT

EKTE: Innpakka i plast er det vanskeleg å vite kva som er ekte. FOTO: TROND-ATLE FARESTVEIT

«Korrigeringer»
Teaterhuset Avant Garden
Av: Kristofer Blindheim Grønskag
Produsent: Konstellasjonen
Scenografi og kostyme: Jenny Hilmo Teig, Teateratelier
Lysdesign: Eirik Brenne Torsethaugen
Med: Siri Schnell Juvik, Kristina Kiberg og Elizabeth Piro Volan

Ein leiken sivilisasjonskritikk med masse underhaldande populærkulturelle referansar.

 

Det Trondheimsbaserte teaterkompaniet Konstellasjonen har sia starten i 2010 laga ikkje-verbale og særs fysiske produksjonar for barn. Nå har dei søkt nye utfordringar. I samarbeid med den for tida svært produktive dramatikaren Kristofer Blindheim Grønskag, har dei laga ei oppsetjing som både er verbal og som samstundes vender seg til eit vakse publikum. Men det fysiske scenespråket til Konstellasjonen er framleis med så det held. I helga var det urpremiere på Teaterhuset Avant Garden.

Tre skodespelarar entrar ei scene med eit landskap bygd opp av plastflasker. Kledd i kvitt med hovuda innpakka i folie brukar dei god tid på sakte, omstendelege fysiske rørsler før vi får ei forsiktig demaskering, og der står til slutt ein cowboy, ein dinosaur og ein sjørøvar. Til slutt blir ei feil nemning, for snart fyller dei også ei rekkje andre figurar, og Susan Sontag får etter kvart ein dominerande rolle utan at eg skal røpe så mye meir om kva som elles skjer i dette surrealistiske universet.

Dei tre på scena leikar seg med eit utal populærkulturelle referansar, og tar det heilt ut på ei parodisk framføring av Michael Jacksons «Heal the World». Som publikummar sit eg og lurar på kva dette handlar om, men dei svara eg finn, må eg stadig forkaste, for her er det heile tida korrigeringar, akkurat slik tittelen peikar på. Men i botn ligg det ein dyktig laga sivilisasjonskritikk om alt det falske, kunstige og uviktige vi omgir oss med, slik også plastikkscenografien til Jenny Hilmo Teig viser til. Spørsmålet er «kva er ekte?». Og ser vi verkeleg det vi ser, eller berre illusjonar og bilde? Ein humoristisk Hamlet-kritikk der ein av aktørane meiner at «To be or not to be» blir for introvert, og at det skulle ha vore «To see or not to see», kan vere eit typisk bilde på tematikken.

«Korrigeringer» er ei leiken framsyning der Konstellasjonen syner at dei også kan lage teater for vaksne, og at det er meir enn mogeleg å kombinere deira spesielle fysiske uttrykk med verbalt spel. At Grønskags intelligente tekstgrunnlag har mange botnar, gjer at det også er mogeleg med mange ulike tolkingar.

(Meldinga stod i Klassekampen tysdag den 24. januar 2017.)

 

Leave a Reply