Livet i retrospekt

TEATER

LAG PÅ LAG: Ei avdekking av menneskesinnet bokstaveleg talt lag på lag. FOTO: OLE EKKER

LAG PÅ LAG: Ei avdekking av menneskesinnet bokstaveleg talt lag på lag. FOTO: OLE EKKER

«Begynnelser»
Trøndelag Teater, Gamle scene
Av: Carl Frode Tiller, Motorpsycho og De Utvalgte
Manus: Carl Frode Tiller
Regi: Kari Holtan
Musikk: Motorpsycho
Scenografi og videodesign: Boya Bøckman
Lysdesign: Tommy Geving
Med: Kenneth Homstad, Hildegunn Eggen, Janne Kokkin, Henriette Marø, Torbjørn Davidsen og Ask Aune Wold/Iver Heie Schive

Ei uvanleg sterk og sanseleg teateroppleving.

Trøndelag Teater har sett saman eit kunstnarmøte av det heilt sjeldne når dei har fått Carl Frode Tiller til å skrive manus, teaterkompaniet De Utvalgte til å stå for regi, scenografi og videodesign, rockebandet Motorpsycho til å komponere og framføre musikken, medan teateret sjølv held scene og dei fleste av skodespelarane. Og nærast for å understreke alle kontrastane, vel dei å setje dette ganske eksperimentelle stykket opp blant plysjen og gulldekorasjonane på Gamle Scene. Resultatet er blitt ei sterk og uvanleg sanseleg framsyning.

«Begynnelser» tar til med slutten der vi via ein intens og levande video blir vitne til at hovudpersonen Terje (Kenneth Homstad) køyrer seg i hel. Det er ein ouverture der lag på lag med videoprojeksjonar på semitransparente draperi saman med mektig og nærast suggererande musikk frå Motorpsycho tar oss gjennom opptakt og dødsaugneblink, ein brøkdel av eit sekund der Terjes liv passerer revy. Gjennom denne omfangsrike og ganske lange innleiinga der video og musikk bokstaveleg set tonen, blir vi etter kvart ført inn på scena der mora (Hildegunn Eggen) og systera Anita (Janne Kokkin) våkar over Terje, og trass i alvoret og sorga ikkje greier å fri seg frå triviell krangel og verbale finter. Framsyninga er Terjes liv i retrospekt gjennom arbeid, ekteskap, barndom og tilhøvet til skule og foreldre. Og mye anna. Det er presentert i ei saumlaus blanding av realisme og surrealisme. Vi blir vitne til ei rekkje tablå, og val Terje har gjort, ikkje som ei forteljing, men som små skisser av heilt daglegdags kvardagsliv som saman med alle sanseinntrykka etter kvart gir oss eit ganske utfyllande bilde.

Tillers manus er vidareutvikla og jobba fram gjennom prøvetida, og slik er det også med musikken. Motorpsycho (Bent Sæther, Hans Magnus Ryan og Pål Brekkås/Tos Nieuwenhiuzen) står sjølve på scena og har lova at ikkje to av dei 38 framsyningane skal bli like. For musikarane er det nok litt uvand å berre vere illustrerande og kommenterande, men dei kjem særs bra frå oppgåva, og bidreg vesentleg til det gode resultatet.

Carl Frode Tiller har gjennom forfattarskapen synt stor innsikt i menneskesinnet, om alt vi gjer som vi eigentleg ikkje vil, og om daglegdags mangel på kommunikasjon. «Eg vil ikkje vere sånn,» seier mora, samstundes som ho heile tida søker mot nettopp å «vere sånn». Det er ein ganske dystopisk liten familie vi møter, men likevel ikkje så langt frå det vi alle har erfart i våre eigne liv. Tiller er ein ekspert på det litt triste, men balanserer presentasjonen gjennom mye subtil humor.

De Utvalgte er eit scenekunstkompani som stadig går nye vegar, og som har utmerka seg med å kombinere mange ulike kunst- og uttrykksformer. I denne produksjonen syner dei verkeleg kva dei er gode for både med omsyn til regi, scenografi og videodesign. Gjennom Kari Holtans litt stiliserte regi og Boya Bøckmans scenografi og eineståande videoprojeksjonar greier dei å sy heilt ulike kunstnarlege uttrykk saman til ein imponerande einskap. Saman med det suggererande lydbildet til Motorpsycho og framifrå spel av fire av Trøndelag Teaters beste skodespelarar, har dei greidd å gå inn i og visualisere dei inste kjenslene i Carl Frode Tillers heilt vanlege personar. Det kan tidvis vere litt dvelande, og med kraftig musikk var det ikkje alltid like lett å høyre kva skodespelarane sa. Men det er ikkje så viktig, for dette er først og fremst ei sanseleg teateroppleving der det berre er å lene seg attende og bli med inn i Tillers mange menneskesinn.

(Meldinga stod i Klassekampen måndag den 5. september 2016.)

Leave a Reply