Varme streif av Ragnhild

TEATER

ROSA DAME: For mange er Ragnhild Sølvberg synonym med den varme og forståingsfulle rosa damen, men eg hugsar henne også som den myndige Dona Margarida. Med andre ord ein god skodespelar med eit stort register FOTO: LASSE BERRE

ROSA DAME: For mange vil Ragnhild Sølvberg alltid vere den varme og forståingsfulle rosa damen. FOTO: LASSE BERRE

«Streif av tid»
Trøndelag Teater, Theatercafeen
Av og med: Ragnhild Sølvberg
Musikk: Henning Sommerro

Den rosa damen byr på både seg sjølv og utdrag frå sterke kvinnelege forfattarar.

 

Ei av dei aller største teateropplevingane eg har hatt i dei dryge 38 åra eg har følgd og sett det meste på Trøndelag Teater, er monologen «Dona Margarida» av Roberto Athayde førjulsvinteren 1978, instruert av avtroppande teatersjef Kjell Stormoen, og framifrå presentert av Ragnhild Sølvberg. I to skuletimar med femten minutt frikvarter var vi i publikum gjort om til hennar underdanige elevar der vi sat som tende skuleljos på kvar vår gamle pult med lokk, blekkhus og det heile. Og nåde deg om du opponerte eller ikkje følgde med, for då vanka det rapp over fingrane frå den særs myndige læraren som hadde stålkontroll over salen, – eg meiner klasserommet. Men så, på slutten av speleperioden, skjedde det blodig urettferdige. Utan å ha sett framsyninga, men medan ho endå stod på plakaten, valde den nye teatersjefen på Trøndelag Teater å seie opp både Ragnhild Sølvberg og tre andre kvinnelege skodespelarar. Saman med ei tilsvarande oppseiing på Nationaltheatret utløyste dette den store teaterstreiken i 1979 som enda med full siger for dei oppsagde ved Trøndelag Teater.

Etter 44 år ved Trøndelag Teater takkar Ragnhild Sølvberg nå av med nok ein monolog som blir spela som matiné framover, og denne gongen har ho laga han sjølv. I den ser ho attende på liv og karriere, og at ho er ei populær dame hjå publikum, forstod eg då eg skulle ha billett til den vanskelege andreframsyninga, og fekk vite at nå var eg heldig, for det var berre ein billett att! Med dei tre soloframsyningane «Dona Margarida», «Lucifers Barn» og sist «Oscar og den rosa damen» har Ragnhild Sølvberg vunne seg ein solid posisjon hjå publikummet på Trøndelag Teater.

I monologen «Streif av tid» tar ho oss med til tidleg barndom, pianoøvingar, konservatoriet, Hartvig Nissens skule og ungdomstid med ulovleg vitjing på Club 7 før ho på midten av sekstitalet kom under Bjørn Endresons kyndige venger som elev på Rogaland Teater. For 44 år sia flytta ho og mannen til Trondheim for å vere her eitt års tid, og sidan har det vore Trøndelag Teater. Mellom dei små glimta frå barndom, oppvekst og utdanning, og ikkje minst tilhøvet til foreldra og Endreson, byr ho på tekstar av sterke kvinnelege forfattarar som Karen Blixen og Charlotte Brontë samt litt Søren Kierkegaard med fleire. Ved pianoet sit Henning Sommerro og akkompagnerer, eller kanskje rettare gir musikalske kommentarar til det som blir framført. Sølvberg er ei varm og raus dame, og sjølv om ho ikkje byr så alt for mye på seg sjølv, får vi likevel nokre blikk inn i historia hennar. Det er anekdotar, aforismar, små digresjonar, og først og fremst ei varm og god framsyning frå ho som for dei fleste av oss alltid vil vere den rosa damen.

Leave a Reply